fredag 18. desember 2009

Biblioteket skuffar ikkje



For å lese meg opp på arbeidsplassen min, og samstundes finne ei god kjelde for ein aldri så liten utviding av artikkelen om Meland kyrkje på Wikipedia, stakk eg innom biblioteket på Frekhaug for nokre dagar sidan. Etter litt om og men viste det seg at dei hadde den boka eg var på jakt etter. Meland kyrkje gjennom tidene utgjeve av Meland sokneråd på 60-talet. Og for ei utgåve!

For det fyrste var den ikkje innbunde. Og ikkje nok med det. Det var heller ikkje gjort noko forsøk på å hefte saman sidene. Dei kom i dei småhefta dei kjem i frå trykkeriet. Men det stoppar ikkje der. Sidene var heller ikkje skåre opp. Så i går kveld sat eg og skar meg gjennom rundt 160 sider om Meland kyrkje. Eg har ikkje fått lest i boka endå, men eg ser fram til å verte den første som gjer det.

Endå ein gong har altså biblioteka her i området gjort meg overraska over kva dei har i magasina sine.

torsdag 17. desember 2009

Kvinnelege prestar døyr tidlegare enn menn



Kristeligt Dagblad i Danmark gjev oss i dag ein sak som rett og slett er sjokkerande. Det viser seg at kvinnelege prestar i Danmark døyr tidlegare enn mannlege prestar. Dette er ein tendens som er stikk motsett av korleis det er i resten av samfunnet, der menn døyr før kvinner.

Kva i alle dagar kan dette kome av? Kan det vere tilfeldig, eller er dette eit resultat av at noko er hakkande gale i Folkekirken? Ein kan sjølvsagt håpe på at dette er tilfeldig, men eg trur ikkje det er det. Eg trur dette kjem som eit resultat av at høva for kvinnelege prestar ikkje er slik dei burde vere.

Kristeligt Dagblad skriv at det er eit likestillingsproblem i kyrkja i Danmark, og at det er langt fleire menn enn kvinner i leiande posisjonar.

Det hadde vore spanande å sett slike tal for Den norske kyrkja. Eg trur vi nok er flinkare på likestilling her enn i Danmark, utan at det er noko eg har og no kan slå i bordet med prov på. Men uansett om vi er betre, trur eg ikkje det er bra nok her heller.

Eg trur vi må sjå denne avsløringa frå vår systerkyrkje som ein vekkjar for oss også. Vi kan ikkje kvile og tenkje at vi har full likestilling i kyrkja og at dette ikkje angår oss. Samfunnet i Norge og Danmark har mykje likt med seg. Der kvinner i Danmark dreg mykje av lasset heime, gjer dei det i Norge også, og der dette slit ut dei danske prestane, gjer det det i Norge også.

Vi har ikkje nådd likestilling i kyrkja før kvinner og menn har den same mengda påkjenningar i tenesta og i heimen. Denne saka frå Danmark bør få konsekvensar for Den norske kyrkja. Det bør føre til at vi finn ut korleis det faktisk er her, og at vi tar likestilling på alvor att. Kanskje har rett og slett det at vi etterkvart har fått ein tilnærma lik kjønnsdeling i bispekollegiet vorte eit dekke for dei utfordringane vi framleis har for å kome fram til full likestilling i kyrkja?

Eit interessant apropos i denne samanhengen er at medan det kryr av mannlege prestar på Wikimedia Commons, er det nesten heilt umogeleg å finne bilete av damer.

mandag 7. desember 2009

Ny valuta i London


Aftenposten gav oss ein artig sak i går kveld. I Brixton i London har dei laga sin eigen valuta som berre kan brukast i bydelen. Målet er å få lokalbefolkninga til å bruke pengane sine i nærområdet i staden for å bruke pengane sine i sentrum av byen og i kjedebutikkar. Dei meiner også at dette er miljøvenleg, då dette skal føre til mindre transport av varer.

Dette er ein kjempeide! Kanskje funkar dette. Kanskje kan det redde det lokale næringslivet og kanskje er det faktisk bra for miljøet ved at det vert mindre transport av dette. Eg trur i alle fall at det er bra for lokalmiljøet og for nøringslivet i Brixton. Og det trekk heilt sikkert turistar til bydelen. Dessutan er alle tiltak som gjer at små, sjølvstendinge butikkar og andre næringsdrivane får eit føretrinn forran dei store kjedane av det gode.

Kanskje vi skulle gjort noko slik her i Nordhordland. Tenk om vi kunne hatt "Strilekrona" som berre kunne brukast i Nordhordland. Det ville kanskje stoppa handelslekasjen til Bergen og gjort at vi kunne klart å etablere spanande nisjebutikkar i Knarvik og andre stader. Kanskje vi kunne fått meir mat produsert på gardane i nærområdet her av det dei sjølve produserer? Pølser, fiskemat og alt mogeleg godt. Kanskje vi kunne fått eit styrka kulturliv med scener og arenaer som tar strilekroner og som gjev lokale kunstnarar i alle mogelege kunstartar større mogelegheiter til å vise fram kunsten sin.

Eg er ikkje økonom, og berre draumer, men eg likte denne tanken.

fredag 4. desember 2009

Den heilage Johannes av Damaskus


I dag, 4. desember, er det minnedag for Johannes av Damaskus. På pulten min på kontoret har eg eit ikon av han saman med St. Maximus, to av dei største forsvararane og forklararane av kristen tru og lære, for å minne meg om kva det er vi som kyrkje skal stå for.

Minnedagen til Johannes er noko å hugse på for alle kristne. Johannes var, som namnet seier, frå Damaskus, men påverknaden hans på kristendomen er langt større enn berre til Midtausten.

Johannes skreiv over 150 verkar om teologi, om religiøs utdaning, om hagiografi (Læra om dei heilage) og om filosofi. Han skreiv den første samanfatningen av kva kristen tru er, ei bok eg kan anbefale alle på det sterkaste. Det var den første samanfatningen, men ikkje mange har klart å gjere det betre etter han. Han var ein ivrig motkjempar mot monofysittane som hevda at Jesus berre hadde ein natur, og han var ein av dei største hymnediktararne kyrkja har hatt nokon gong. Fleire av hans songar vert framleis brukt av våre ortodokse søsken.

Det han kanskje er best kjent for i vesten, var at han var ein av dei strekaste forsvararane for bruk av bilete i gudstenester og kyrkjer under ikonoklasmen. Det var i denne strida han formulerte orda som seinare har vorte så snetrale i kristen forståing av kunst:
Det er ikke bildet vi tilber, men det som det representerer; æren som blir bildene til del, går til den ene Gud som er avbildet


Johannes døydde rundt 749, sansyynlegvis rundt den 5. desember. Utan han hadde ikkje Kyrkja sett ut slik ho gjer. Vi treng å hugse Johannes av Damaskus for at kyrkja skal halde seg i den rette trua som Johannes kjempa så hardt for for 1300 år sidan.