mandag 15. februar 2010

Fastetankar

Vi går straks inn i fastetida, og eg har tenkt litt gjennom dette for mi eiga del. Eg har også sett kva ein har skreve om fastetida på kirken.no og kva Bernt Eidsvig skriv på katolsk.no.

Fastetida verkar lett framand for oss. Særleg i den lutherske tradisjonen, der alt som luktar av gjerningstru vert skydd som pesten, framstår fasten som vanskeleg. Særleg fordi dette er noko vi ser i NT at også Jesus praktiserte.

Både katolsk.no og kirken.no har gode poeng i sine små fasteartiklar. Biskop Eidsvig på katolsk.no oppsummerer fasten bra: "For er det noe fasten ber oss alle om, er det å ivre for et liv med Gud, et liv levd i Kristi etterfølgelse, et liv som speiler Guds kjærlighet, tålmodighet og miskunn til verden." Kirken.no seier noko av det same: "Fastetiden er en tid for øvelse, - skjerpe sansene, lydhørheten, få øye på ditt eget liv, menneskene rundt deg, og Gud."

Eg trur Den norske kyrkje sin forklaring er god for å forstå fasten i ein luthersk samanheng, samstundes som eg trur den katolske forklaringa også er viktig for å forstå fastetida riktig, som ei personleg utvikling mot Gud.

Samstundes har fastetida ein annan dimensjon. Den er ikkje berre personleg og retta mot vår eigen utvikling, den er også retta utover. Kirken.no sin artikkel peiker på dette med å sitere Jesaja 58.
Er dette den faste jeg vil ha:
en dag da mennesket plager seg selv,
henger med hodet som sivet,
kler seg i botsdrakt og ligger i aske?
Kaller du dette for faste,
er det en dag etter Herrens vilje?

Nei, slik er fasten som jeg vil ha:
at du løslater dem som med urett er lenket,
sprenger båndene i åket
og setter de undertrykte fri,
ja, bryter hvert åk i stykker,

at du deler ditt brød med dem som sulter,
og lar hjemløse stakkarer komme i hus,
at du sørger for klær når du ser en naken,
og ikke svikter dine egne.

Da skal ditt lys bryte fram
som når dagen gryr,
dine sår skal snart leges og gro.
Din rettferd skal gå foran deg
og Herrens herlighet følge etter deg.

Da skal Herren svare når du kaller på ham,
når du roper om hjelp, skal han si: «Her er jeg!»
Når du tar bort hvert tyngende åk,
når du holder opp med å peke fingrer
og tale ondskapsfullt om andre,

når du deler ditt brød med den som sulter,
og metter den som lider nød,
da skal lyset renne for deg i mørket,
og natten skal bli som høylys dag.



Eg trur ikkje vi kan forstå fasten rett utan å ha dette perspektivet. Poenget med fasten er ikkje å straffe oss sjølve, men å fokusere på Gud og på grunn av dette hjelpe andre. Nettopp på same måte som ein del av askesen har i seg ein del trekk som går på tvers av trua på det gode i skaparverket, kan også fasten gå i denne fallgruven om ein trur at berre ein kuttar ut det som gleder sansane vil ein kome nærare Gud. Vi menneske er skapte med sansar og med evne til å nyte. Dette er noko Gud la ned i oss, og det er djupt ukristeleg å seie at vi må overvinne sansane og kroppen vår for å kome nærare Gud. Det som derimot er riktig å seie, er at ein ikkje skal late dette få ta overhand, og her kjem fasten sin bodskap inn, særleg for vår del av verda som lar sansane og nytinga få styre liva våre i så stor grad at det ikkje skadar berre oss, men øydelegg resten av verda og fører til fattidom og naud for store folkegrupper.

I fastetida køyrer Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Den vert avslutta med innsamlinga 23. mars, men det treng ikkje, og bør ikkje slutte der. I fastetiden er målet at vi skal utvikle oss nærmare Gud. Når fastetida er over, kan kanskje fasteaksjonen, eller noko anna vi gjorde i fastetida, vere det som dyttar oss inn i ein ny livsstil, der vi kjem nærare Gud. Samstundes kan fasteaksjonen hjelpe oss til å gjere noko med livsstilen vår, slik at vi kan leve på ein måte som i mindre grad går ut over liv og helse for andre folk. Er fastetida førti dagar utan konsekvensar i ettertid, er det vel strengt tatt førti bortkasta dagar...

søndag 7. februar 2010

Endå eit angrep på menneskeverdet.

Foto:Kjetil Ree
Fremskrittspartiet gjev ikkje opp arbeidet med å undergrave alt som heiter like rettar og menneskeverd. No meiner dei at dei svakaste av dei svake i Norge får for mykje hjelp, og vil forby å gje helsehjelp til ulovlege innvandrarar og innføre meldeplikt om ein kjem i kontakt med desse.

Det er eit forslag det ikkje er mogeleg å finne nokon som helst etisk hald i. Dette er rett og slett eit forslag om å institusjonalisere systematiske overgrep på dei svakaste. Ein vil ta frå dei elementære rettar som alle menneske har krav på, som krav om helsestell. Dei vil at vi skal oversjå dei, ikkje hjelpe dei og aller helst, sende dei vekk frå oss slik at vi ikkje skal trenge å sjå dei ein gong.                                                                                    
Fremskrittspartiet likar å skryte om seg sjølv i kristne samanhengar, og det kan vere grunn til å minne dei om nokre ord frå Jesus:
31 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.' 44 Då skal dei svara: 'Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?' 45 Men han skal svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.'
Matteus 25


Det er heilt umogeleg å argumentere for at Fremskrittspartiet frontar kristne verdiar eller står som nokon forsvarar av kristendomen i det norske samfunnet. Tvert om. Dei er kanskje den største trusselen mot eit samfunn prega av kristendomen!

I staden for forslaget Frp har fremja, burde ein heller innføre eit mykje betre helsestell for denne gruppa. Ein burde gjere det ulovleg å ikkje hjelpe personar i denne situasjonen, og alle kommunar burde ha ressurspersonar med utrustning og kompetanse for å hjelpe desse personane med å få eit ordentlig liv i Norge.

Viktigast er det at ein fyrst og fremst må få ein human asylpolitikk der ein gjer opphald og rettar til eit langt høgare tal enn det ein gjer i dag. Vi i Norge har ingen rett til å stengje oss inne i vår luksus og nekte andre å få ta del i denne. Vi kan ikkje tenkje på dei som kjem til oss som lukkejegarar, men som folk som vil det beste for seg og sine kjære. I staden for å stemple dei som farlege, snyltarar og uynskte, må vi ta i mot dei med opne armar og vise i praksis at alle menneske har det same menneskeverdet og like rettar.

Om katastrofen skulle skje, og ein slik lov som Frp foreslår verte vedteken, vil det vere eit hedersteikn å verte straffa for brot på denne lova. Å foreslå at ein skal straffe nestekjærleik, er eit hån mot alt samfunnet vårt er bygd på og alt som heiter menneskerettar.

Foto:Kjetil Ree

tirsdag 2. februar 2010

Dagbladet, igjen....


Endå ein gong har Dagbladet freista å skrive ein seriøs artikkel om kristendom, og endå ein gong går dei på trynet så det syng. Eg siterer innleiinga: "
Vil fjerne «jomfru» fra Maria [...] I den nye norske oversettelsen av GT er hun bare en ung kvinne."


Eg veit ikkje kvar det er Dagbladet får sin informasjon om Bibelen frå, men dei er i alle høve ikkje godt informert. Sidan dei tydlegvis har snakka med informerte folk som Torleif Elgvin og Einar Thomassen, kunne dei kanskje ha kosta på seg eit lite grunnkurs i bibelkunnskap. Det er tydlegvis nytt for dei at GT ikkje nemner Maria med eit ord. Jada, vi har ein profeti i Jesaja, og det er sjølvsagt den det er snakk om her, men Maria kjem ikkje inn i biletet før aldri så lenge etter at det vi les om i GT var gårsdagens nyhende.

Når dei hevdar at ein vil fjerne "jomfru" frå Maria, er det ikkje berre ein tabloid forenkling, det er hårreisande og hjarteskjærande feil. Ein vil ikkje fjerne noko som helst, når sant skal seiast. Ein vil gje ein best mogeleg omsetjing av den teksten ein har i kjeldematerialet sitt.

Tenk om Dagbladet i staden for slike dustevinklingar på dette i staden kunne ha freista å skrive ein seriøs artikkel om det arbeidet Bibelselskapet gjer med den nye omsetjinga. Men neida, Dagbladet viser i staden at den krisa dei er inne i, har dei den fulle og heile skulda for sjølv. Denne artikkelen er eit praktdøme på dette. Artikkelen inneheld ein god del stoff som er heilt greit, men vert totalt øydelagt av den idiotiske vinklinga i overskrifta og ingressen.

Ein annan ting som trekk ned, er den vanlege dagbladtanken om at alt i kristendomen har utvikla seg i ein retning som er negativ til sex. Her er det sjølvsagt tanken om at Maria sin jomfrudom ikkje var noko dei fyrste kristne trudde på. Dette kom seinare, hevdar Dagbladet, og baserer seg på Dag Øistein Endsjø sine tankar. Kva den overveldande majoriteten av teologar meiner om saken er tydlegvis ikkje så viktig. Rett nok lar dei Torleif Elgvin sleppe til, men det kjem tydeleg fram at det er Endsjø som er Dagbladet sin mann. Hans meiningar vert lagt fram som fasiten.

Eit tankekross for Dagbladet bør vere at det faktisk står om jomfrufødsel i NT. Hadde ikkje dei fyrste kristne trudd på dette, hadde dei ikkje skreve om det i NT. Det er det perfekte punkt for å verte angrepe som idiotar på, det er ikkje noko som framstår som særleg viktig med tanke på kva ein forventa, og det framstår heller ikkje som noko særleg viktig i NT. Ikkje så viktig, men viktig nok til at dei tok det med. Det at dei tok med eit slikt punkt som var så godt eigna som blink for hån og kritikk, bør seie oss at dette var noko dei trudde på. At Dagbladet ikkje trur på det, er ein heilt annan sak.

Endå ein gong manar Dagbladet fram orda i hovudet mitt;
Mit der Dummheit kämpfen Götter selbst vergebens

Flott av biskopane

Bilete knabba frå Vårt Land
Biskopane våre har vore på solidaritetsvitjing i Israel og har der tatt opp saka til Evangelical Lutheran Church in Jordan and The Holy Land som ikkje vert godkjent av den israelske staten. Det er flott at biskopane nyttar dette høvet til å gje ei støttande hand til våre kristne syskjen i Israel. Dei kristne palestinarane lir minst like mykje som muslimane, men vert ofte gløymde. Også av oss i kyrkja.

Dei kristne i Palestina og Israel må kjenne støtten frå oss i vesten. Det er flott at Dnk, Svenska Kyrkan og ELCA gjer noko konkret for å støtte dei.

Tommel opp til bispestanden!

Takk til Vårt Land for biletet eg var så frekk og knabba...

mandag 1. februar 2010

Stanley Hauerwas kjem med visdomsord

Eg surfa litt på kva gode teologar hadde å seie på You Tube, og fann denne godbiten fra Stanley Hauerwas


Svært kloke tankar om gudstenesteliv, liturgi og kyrkjelyden!

Den hellige Brigida av Irland og uklåre helgenar


Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Den hellige Brigida av Irland har minnedag i dag 1. februar. Eg las meg i gjennom biografien om henne på katolsk.no (Ein nettstad eg ikkje kan anbefale varmt nok) og las det som forsåvidt var ein interessant nok biografi, men samstundes uklår i innhaldet.

Mitt inntrykk av desse irske helgenane er at ein veit svært lite om dei. Biografiane er oftast prega av veldig mykje folklore og sagn. Det er i og for seg ikkje noko gale med folklore og sagn, det er flotte og gode ting som vi skal ta vare på, men når det vert blanda saman med helgenbiografiar er ein på uklår mark. Då vert det til ein slags form for kristne eventyr. I dette høvet er denne legendariske figuren også skytshelgen for mellom anna eit heilt land. Ein ber altså om forbøn frå ein legendarisk figur ein ikkje veit så mykje om... Katolsk.no skriv: "de utallige «biografiene» gjør oss ikke i stand til å sette sammen en troverdig beretning om hennes liv." Kanskje dette då er eit punkt der ein burde rydde opp i kven ein markerer og på kva måte? Dei heilage har ein viktig plass i kyrkja, men dette vert fort overskugga om ein også let legender og folklore få fylle den same plassen i liturgi, kyrkjeår og bøner.

Vi i Den norske kyrkje er vel eigentleg ikkje betre. Når vi ein sjeldan gong markerer nokon heilage på våre gudstenester, vel vi anten Olav, ein krigarkonge, eller Sunniva av Selja, ein helgen ein er ganske sikker på at aldri har levd... Illustrerande nok kom Sunniva, i fylgje legenda, frå nettopp Irland.

Eg vil slå eit slag for at vi held oss til dei historiske helgenane. Legendene og slikt er flott og har ein stor verdi, både for å forstå fromheitsliv, kultus og samfunnet i tidlegare tider, men det må ikkje blandast med læra om dei heilage i kyrkja!

Men attende til Brigida. I Brigid's Prayer finn vi flotte ord som eg vil avslutte med:
I should like a lake of ale for the King of Kings / I should like the household of heaven to be there / drinking it for eternity… / I should like cheerfulness to be in their drinking / I should like Jesus here also.