mandag 31. mai 2010

Boikott Israel

Dei siste handlingane til det israelske forsvaret har endå ein gong gjort det klinkande klårt at Israel ikkje bryr seg om internasjonale avtaler eller menneskeliv. Noko må gjerast. Eg var tidlegare i dag på ein demonstrasjon i Bergen under paroler som kravde fridom for Gaza og boikott av Israel. Eg trur boikott er den einaste vegen å gå. Israel bryr seg ikkje om ord, internasjonal fordømming eller at vi samlast på Torgallmenningen og kollektivt tar avstand frå den menneskefiendtlege politikken deira. Kanskje kan ein boikott gjere at dei forstår meir?

Presten og Midtaustenkjennaren Jens Olav Meland tar no også til ordet for boikott. Endå viktigare er det at kyrkjeleiarane i Israel ber om den same boikotten. Eg meiner, og håpar, at leiarane i Den norske kyrkje vil oppmode til den same boikotten, noko dei ikkje ville for nokre veker sidan, samt at dei aktivt vil føre kyrkja inn i solidaritetsarbeid med den palestinske kyrkja. Vi kan ikkje late vårt ansvar for dei drukne i indrekyrkjeleg strid om synet på Israel. Vi i kyrkja må ta vårt ansvar!

Kanskje er det betre måtar å reagere på enn boikott, men det vi gjer no har i alle fall ingen verknad. Vi har eit ansvar for folket som lir i Palestina. Det kjem vi ikkje vekk frå. Ein boikott vil i det minste vise dei at vi ser dei og bryr oss.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

søndag 23. mai 2010

Pinsedag



Filmen har litt glorete val av bilete ein del stader, men songen er vakker og teksten høvande på denne dagen, så då får vi heller oversjå dei bileta vi ikkje likar. Den latinske teksten har denne omsetjinga til engelsk:

COME, Thou holy Paraclete,
and from thy celestial seat
send thy light and brilliancy:
Father of the poor, draw near;
giver of all gifts, be here;
come, the soul's true radiancy.

Come, of comforters the best,
of the soul the sweetest guest,
come in toil refreshingly.
Thou in labor rest most sweet,
thou art shadow from the heat,
comfort in adversity.

O thou Light, most pure and blest,
shine within the inmost breast
of thy faithful company.
Where thou art not, man hath nought;
every holy deed and thought
comes from thy Divinity.

What is soilèd, makes thou pure;
what is wounded, work its cure;
what is parcèd, fructify.
What is rigid, gently bend;
what is frozen, warmly tend;
strengthen what goes erringly.

Fill thy faithful who confide
in thy power to guard and guide,
with thy sevenfold mystery.
Here thy grace and virtue send;
grant salvation in the end,
and in heaven felicity.
Amen. Alleluia.

Words: Latin, thirteenth century;
trans. John Mason Neale

Dominica Pentecostes, ad missam in die, Sequentia- Veni Sancte Spiritus

fredag 21. mai 2010

Når skal kapitalen slutte raseringa av alt som er godt?

Rykta som har surra ei stund har no vorte stadfesta. Brann vurderer å selge namnet på Stadion. Dette er katastrofe!

Skjer dette har ein nokre alternativ, slik eg ser det.
  1. Ein kan slutte å gå på Stadion
  2. Ein kan innføre ein total boikott av selskapet som kjøper namnet på Staidon
  3. Ein kan  gjere som i Manchester og støtte Brann med hjelp av effektar i andre fargar enn raudt
  4. Ein kan gjere som i Salzburg og Wimbeldon og starte opp eit nytt lag som ikkje skal få verte øydelagt av kapitalkreftene.
Skjer dette er det ikkje mykje att av Brann. Dei vil framleis ha raude drakter, men vi har sett i Salzburg at når ein først lar kapitalen få kontroll over ein klubb er verken klubbfargar eller namn noko ein bryr seg om.

lørdag 8. mai 2010

Vår sanne mor - Jesus

Til ordinasjonen min fekk eg ei flott lita bok av to av prestane eg hadde hatt ein del med å gjere i studietida. Dei gav med Innhyllet i kjærlighet av Julian av Norwich. Eg viste omtrent ingenting om henne då, anna enn at eg hadde høyrd namnet nemnd i samanheng med mystikarar. Kunnskapen min var så låg at eg trudde det var snakk om ein mann. Det er det altså ikkje. Julian av Norwich var ei engelsk nonne som levde på 13- 1400-talet. Ho var ei såkalla "rekluser", det vil seie at ho frivillig lot seg mure inn i eit lite rom i korveggen i kyrkja. Dette var den britiske versjonen av eremittane i ørkenen i Midtausten. Innemurt som ho var brukte ho tida på bøn og meditasjon og sjelesorg for andre i landsbyen. For sjelesorg og mat hadde ho eit lite hol ut mot landsbyen, og for å motta nattverd hadde ho eit lite hol inn mot koret.

Denne livsformen er i og for seg spektakulær nok, men Julian sine skrifter er også verdt å nemne. Ho var som sagt ein mystikar, noko som skin gjennom i ordbruk og delvis også teologi. Mysikarane er litt rare i det at dei ofte frontar teologi som på mange måtar kan vere uortodoks, men samstundes vert drege fram som føredøme for andre. Ikkje mange andre enn mystikarane kan klare det, og i det har dei også ei viktig rolle i kyrkja. Mystikarane utfordrar språket vårt, og kan opne for nye dimensjonar i kristendomen. Det at dei ofte står i skjæringspunktet mellom hetrodoks og ortodoks, gjer at kyrkja stadig må tenkje gjennom kva vi trur på og kva vi ikkje trur på. For Julian slo dette ut mellom anna i at ho ikkje går av vegen for å omtale Gud i kvinnelege termer. Dette har gjort at ho har fått ein renessanse med feminist-teologien.

Eg har lyst til å ta fram eitt lite avsnitt ho har skreve. I dag går debatten mellom dei som vil omtale Gud konsekvent med maskuline termer og dei som meiner at ein også kan variere med feminine termer. Dei vert kalla dei radikale. Kva skal ein då kalle dette stykket som vart skreve av ei innemurt nonne for 600 år sidan?

Vår sanne mor - Jesus
En mors omsorg er den mest intime, den nærmeste og sikreste, for den er mest trofast. Denne omsorg ville aldri, skulle aldri eller kunne aldri bli utført til fulle uten ved ham alene.

Som vi vet, fødte vår egen mor oss bare til smerte og død. Men vår sanne mor Jesus, som er bare kjærlighet, føder oss til glede og evig liv. Velsignet være han!

En mor nærer sitt barn med sin melk, men vår elskede mor Jesus nærer oss med seg selv. I kjærlig storsinn gir han oss alterets sakramente - livets mest dyrebare føde.

Jeg våger å si med absolutt sikkerhet, - og dette skulle vi tro, - at det aldri fantes en mann så ren som hann, inntil hans klarhet ble formørket av bekymring og sorg, lidelse og død.

Julian av Norwich vert feira 13. mai av anglikanarane og katolikkane, men sidan eg gjer så godt eg kan for å vere ein god lutheranar, slår eg eit slag for lista over festdagar frå Evangelical Lutheran Church in America som markerer henne i dag.

Sitatet henta frå ''Innhyllet i kjærlighet'', St. Olav Forlag, Oslo, 1986, ISBN 82-7024-045-1 side 47

torsdag 6. mai 2010

Framandfrykt

Etter som framandfrykten grip om seg i samfunnet rundt oss og politikarane kappast om å vere strengast med dei som ikkje har vore heldige nok til å få norsk statsborgarskap då dei vart fødde, er det verdt å ta fram nokre ord frå Martin Luther King Jr. I 1958 sa han nokre ord eg trur er grunnleggjande for å kunne forstå og verte kvitt framandfrykten og det gryande hatet i samfunnet vårt. Han sa:
Men often hate each other because they fear each other; they fear each other because they don't know each other; they don't know each other because they can not communicate; they can not communicate because they are separated.
Han hevdar altså, og eg trur han har heilt rett, at hat og frykt heng saman. Denne frykta kjem frå det faktum at ein ikkje snakkar saman og derfor ikkje kjem til det punktet at ein kan forstå kvarandre, nemleg det punktet der ein kommuniserar som likeverdige. Der ein vert kjent med kvarandre. Der ein byggjer venskap.

Eg trur framandfrykta berre kjem til å auke i Norge om vi ikkje sluttar å snakke om innvandrarar og heller byrjar å snakke med innvandrarar. Vel vi å ta dei inn i våre liv og våre samanhengar, vil det etterkvart verte heilt umogeleg å snakke om dei og oss, og den situasjonen er det vi må trø etter. Det norske samfunnet skal vere eit godt samfunn for alle som bur her. Er det ikkje det, er det vår skuld. Vi som har ressursane og er kjende i samfunnet. Det er sjølvsagt enklare å skulde på dei andre og seie at dei ikkje vil verte som oss, men sanninga er at det er vi som ikkje vil godta dei slik dei er eller sleppe dei inn i våre samanhengar.

Vi har inga rett til å stenge andre menneske ute frå den luksusen vi sjølv kan nyte godt av. Tvert om har vi moralske pliktar som medmenneske til å dele av våre goder og vår overflod. Norge har forsvinnande få menneske med anna etnisk opphav enn majoriteten i landet om vi samanliknar oss med dei fleste andre land. At framandfrykta veks og innvandrarar opplever at dei ikkje kjem inn på arbeidsmarknaden, bustadmarknaden eller får norske vener seier klårt og tydeleg at vi ikkje tar det ansvaret for våre medmenneske som vi har. Den parten i innvandringa som skapar problem er oss som vertsland, ikkje dei som kjem til oss!
Sitatet henta frå Wikiquote, biletet frå Commons.