lørdag 26. juni 2010

NRK rotar om middelalderhistorie

NRK melder i dag at nokre forskarar har oppdaga noko dei ser som ein hemmeleg skisse av ein hjerne i eit bilete av Michelangelo. Grunnen til at dette måtte vere hemmeleg var på grunn av den forferdelege katolske kyrkja som hadde forbode obduksjonar og undersøkjingar av lik. Dei heltemodige kunstnarane stod på sitt og gøymde kodar og skisser over alt, for på den måten å knuse kyrkja.

Dette høyrast jo flott ut, nesten som plottet i ei bok av Dan Brown. Problemet kjem, som i ei bok av Dan Brown, med ein gong ein tenkjer seg litt om.

James Hannam gav i fjor ut den flotte boka God's Philosophers. How the Medieval World Laid the Foundations of Modern Science. I denne boka brukar han eitt kapittel på medisinhistorie og anatomi, og skildrar godt kva ein tenkte om obduksjonar og til dømes skisser av eit menneskehjarta.

Hannam skriv at det å kutte opp menneskelik er noko som ein har hatt voldsame tabu mot i stort sett alle kulturar, men at ein i Europa, nærare bestemt i Nord-Italia, altså i hjarta av Den katolske kyrkja, byrja med dette på slutten av 1200-talet. Og det var ikkje slik at kyrkja var mot denne praksisen. Pave Innocent III skal til og med ha tinga ein obduksjon av eit drapsoffer, noko som må ha skjedd før dette var vanleg i området, om ein ser på dødsåret til paven.

Den mest kjente anatomisten på tida Michelangelo levde var Andreas Vesalius, som er mest kjent for verket De humani corporis fabrica som kom ut i 1543. Boka var illustrert med illustrasjonar av mennesket sin anatomi. Der er det flådde menneske, menneskedelar osb. Alt gjort på grunnlag av Vesalius sine skisser av ein kunstnar frå Venezia. Hjå Wikimedia Commons kan ein sjå mange bilete frå boka, som biletet av hjernen ein ser her.  Eg valde eit bilete av ein hjerne sidan det er det NRK hevdar var forbudt.

Vesalius døydde i 1564, samme år som Michelangelo, det er altså lite truleg at han skulle kunne gje ut denne boka og vere ein autoritet på obduksjon, samstundes som framstillinga NRK gjev av tilhøva i Italia på denne tida stemmer. Det stemmer rett og slett ikkje at obduksjon var forbode av kyrkja, noko som gjer at grunnhypotesen i artikkelen manglar den motivasjonen NRK eller forskarane gjev den. Det kan godt hende at Michelangelo la inn slike skisser, men at motivasjonen for dette skulle vere at kyrkja hadde forbode slik vitskap er langt frå sansynleg.  

Bileta er henta frå Wikimedia Commons. "Skiljinga mellom lys og mørkre" er biletet det er snakk om, i følgje Telegraph. Biletet av hjernen kjem herfrå.

torsdag 24. juni 2010

Døyparen Johannes' spor i liturgi- og bønetradisjonen

Trass i jonsokbål i heile området her i går kveld, er det dagen i dag som er Jonsok, eller St. Hans, altså minnedagen for Døyparen Johannes. I den kyrkjelege kalenderen kjem Johannes sin fødsel eit halvt år før Jesus sin, omtrent slik det nok var i røynda, då Elisabet og Maria delvis gjekk gravide med dei to samstundes, og Maria fekk bodskapen om Jesus då Elisabet var i sjette månaden.

Medan dei var gravide, etter at Maria hadde fått bodskapen om sin son, les vi om eit møte mellom dei to kvinnene, og ikkje minst mellom dei to fostra. Lukas skriv at Maria drog på vitjing til Sakarja og Elisabet, og då ho møtte Elisabet byrja Johannes på sitt livsverk: Å peike på Jesus. I Luk 1, 41 står det "Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar." Dette er fyrste gongen Johannes vitnar om Jesus, og Elisabet vert den fyrste som anerkjenner Jesus som Guds son, når ho helsar Maria med orda: "Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta av ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd." Johannes hadde altså vitna for fyrste gong, og hans vitnemål hadde for fyrste gong styrt eit menneske til Jesus. Allereie før nokon av dei to var fødde. Byrjinga av Elisabet si helsing til Maria er forøvrig noko av på bøna vi kjenner som Ave Maria

Også andre utsegn knytta til Johannes finn vi att i kyrkjetradisjonen. Agnus Dei, som vi syng i samband med nattverdfeiringa er henta frå Johannes sin reaksjon då han traff Jesus som vaksen. I det fyrste kapittelet av Johannesevangeliet les vi at då Jesus kom gåande mot Johannes sa han "Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!"
Du Guds lam, som bar all verdens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds lam, som bar all verdens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds lam, som bar all verdens synder, gjev oss din fred.

Eit anna liturgisk ledd som heng saman med Døyparen Johannes, er Sakarjas lovsong som er ein sentral del av tidebønen laudes, eller morgonsong. Sakarja trudde ikkje at Elisabet kunne få eit born, sidan ho var godt oppe i åra. Sakarja vart derfor stum frå han ikkje ville tru det Gabriel sa og fram til Johannes fekk namnet sitt. Då Johannes vart omskåren vart det diskusjon om namnet, sidan ingen i slekta hadde hatt dette namnet tidlegare, men Sakarja fekk ei tavle der han skreiv "Johannes er namnet hans.", og med det avslutta han diskusjonen og fekk stemma att. Då tok han til ordet og sa det vi i dag kjenner som Sakarjas lovsong.
Lova vere Herren, Israels Gud,
for han såg til sitt folk og har løyst det.

Han har reist for oss eit horn til frelse
i sin tenar Davids hus,

så som han lova frå gamle tider
ved munnen til sine heilage profetar:

å frelsa oss frå våre fiendar
og frå handa åt alle dei som hatar oss.

Han synte miskunn mot våre fedrar
og kom i hug den heilage pakta,

den eid han gav som lovnad
til Abraham, vår stamfar,

så vi, frelste frå fiendehand og utan otte, kan tena han
i reinleik og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.

Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar

og læra folket hans å kjenna frelsa, at deira synder blir tilgjevne,
for vår Gud er rik på miskunn.

Og slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang

og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.

Døyparen Johannes har sett djupe spor vidare inn i den kyrkjetradisjonen som han var med på å starte. Bål og grilling er hyggeleg nok, men den reelle feiringa av St. Hans ligg ikkje i bålbrenning, men i å føre vidare arven frå Johannes, både i liturgi og i å fortsette hans livsverk. Å peike på Jesus.
Biletet av fødselen til Johannes er henta frå Wikimedia Commons, medan biletet av Gabriel som snakkar med Sakarja er henta frå engelsk Wikipedia.

fredag 18. juni 2010

Dei gløymde koptarane

I dei siste postane mine har eg snakka mykje om dei kristne i Israel og Palestina. Rett over grensa frå Gazastripa ligg Egypt, der ein også finn ein av dei eldste kristne kyrkjene i verda, den koptiske kyrkja. Også denne kyrkja er utsett for store overgrep. Overgrepa kjem i Egypt både strukturelt og fysisk frå styresmaktene og i form av vald frå muslimske ekstremistar. Ein kan lese litt om situasjonen i eit relativt ferskt oppslag i Wall Street Journal og hjå Human Rights Watch.

Eg fann ein liten video på YouTube som viser noko av det flotte denne kyrkja har å bidra med inn i kyrkjefamilien. Den koptiske kyrkja i Egypt treng også å verte hugsa av oss!

onsdag 9. juni 2010

Høyre vil gøyme dei som ikkje passar inn.

Bergen Høyre vil skape tiggarfrie soner i Bergen. Dei vil ikkje at ein skal treffe på tiggarar i enkelte område av Bergen, særleg dei områda der turistane er sentrert. Ynskjet om at det ikkje skal vere tiggarar i Bergen er ikkje noko dei grunngjev med at dei vil hjelpe menneske som er i ein vanskeleg situasjon, nei på nettsidene sine byrjar dei denne saka slik:
Av hensyn til næringslivet, turister, og at bergensere skal ha en god og trygg opplevelse av sommerbyen Bergen, foreslås innskrenkninger i adgangen til å tigge på en rekke områder i Bergen sentrum.
Dette er altså noko som utelukkande er eit tiltak for dei med ressursane. Turistane, næringslivet og dei som har mogelegheiter til å bruke pengar i butikkane i sentrum. Vidare i saken sin seier dei også eksplisitt at tigging er noko som kan "virke hemmende for næringslivet i Bergen sentrum".

Tiggarane sin situasjon oppe i dette vert forsøkt bortforklart med denne bortforklaringa: "Beslutningen om å innskrenke adgangen for tigging i det offentlige rom rokker ikke ved vårt grunnsyn om at alle fortjener medmenneskelighet". Fint og flott med medmenneske, men det verkar ikkje som Høyre tenkjer så veldig mykje på desse medmenneska sine når dei vidare skriv at det å stue vekk dei som ikkje passar inn i glansbiletet av Bergen er "et positivt tiltak for å skape et tryggere, ryddigere og mer positivt sentrumsområde".

Bergen vert ikkje tryggare av å gøyme vekk dei svakaste i samfunnet. Tiggarane får det ikkje betre av at vi gøymer dei vekk. Dei einaste som får det betre er alle oss som får dårleg samvet av tiggarar. Så lenge det eksisterer tigging fortener vi dette dårlege samvetet. Å gøyme vekk tiggarane for at vi som har nok skal kjenne oss betre er djupt umoralsk.

Bergen Høyre gjer seg til talspersonar for eit menneskesyn der ein kan stue vekk dei som ikkje passar inn i det samfunnet ein vil skape. Dei viser inga vilje til å hjelpe for å løyse problemet på ein konstruktiv måte, men er villige til å utelukke menneske dei ser på som plagsame frå samfunnet rundt seg. Dette er tankar vi kjenner att frå kriminaliseringa av sexkjøp som vart grunngjeve på akkurat same måte. Ikkje med tanke på dei prostituerte, men med tanke på alle som kjente det ubehageleg å vere vitne til fattigdomen i samfunnet. Det menneskesynet som kjem til uttrykk i slike lover og forslag er skremande.

Eg vil ikkje ha eit samfunn der vi gøymer vekk dei som har det vondt fordi dei ikkje passar inn i glansbiletet av det perfekte Norge. Fatigdom i Norge er eit problem vi må løyse, ikkje feie under teppet. Dei menneska dette gjeld treng hjelp og støtte og dei treng at vi ser dei. Det skuldar vi også å gje dei, som deira medmenneske. Dei er ikkje søppel som kan ryddast vekk frå gata, men menneske som har krav på hjelp og omsorg frå samfunnet rundt seg. At Bergen Høyre meiner profitten til næringslivet er viktigare enn liva til dei fattige i byen er skremande!

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

torsdag 3. juni 2010

Gaza lir meir

Endå ein gong har innbyggjarane i Gaza vorte utsett for eit overgrep. Denne gangen er det Hamas som har nytta bråket rundt konvoien til å raide kontora til frivillige hjelpeorganiasasjonar. Det verkar som om folket i Gaza skal måtte tåle ei endelaus rekkje med liing. Pave Johannes Paul II skreiv ei sterk bøn som høver svært godt for det som skjer i Midtausten.

Du, skapar av natur og menneske, du skapar av sanning og venleik, eg ber deg:
Høyr mi stemme. Det er stemma til ofra, ofra for krig og vald, mellom menneske og mellom nasjonar.
Høyr mi stemme. Det er stemma til alle borna, dei som lid og vil lida når menneske satsar på våpen og krig.
Høyr mi stemme, når eg ber deg om å gje alle menneskehjarta freds visdom, rettferds styrke og fellesskaps glede.
Høyr mi stemme. Gje innsikt og kraft, så vi alltid kan svara på hat med kjærleik, svara på urettferd med rettferd, svara på naud med hjelp, svara på krig med fred.
Gud, høyr mi stemme, og gje verda fred, din evige fred.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. Bøna er henta frå Den store bøneboka. 365 bøner frå ulike tradisjonar. Genesis forlag, 1999. Side 242

Mellomkirkelig råd og Kirkens nødhjelp med krav

Mellomkirkelig råd og Kirkens nødhjelp har kome med nokre krav til regjeringa. Dei krev mellom anna at ingen statlege fond skal ha pengar i selskap som tenar pengar på den israelske okkupasjonen av palestinske område og at produkt frå desse områda skal merkast for forbrukarane eller ikkje importerast til Norge i det heile.

Dette er krav og oppmodingar eg støttar. Dei israelske busettnadane på palestinske område er noko av det som gjer at forsoningsprosessen verkeleg er vanskeleg. Det skyt stadig fram nye slike busettnader, noko som stadig gjer situasjonen vanskelegare for palestinarane.

Om Norge, og fleire med oss, nektar å handle med varer frå desse områda og nektar å settje pengar i bedriftar som tener pengar på til dømes å byggje hus i områda, ser Israel at dette er noko vi ikkje godtek. Dei langsiktige måla med busettjingane er nok meir arealmessige enn økonomiske, men ein boikott vil i det minste gjere det tydeleg kva vi meiner om dette.

Tommel opp til Mellomkirkelig råd og Kirkens nødhjelp!