fredag 27. august 2010

Trusopplæringsreforma og byråkratisering ute av kontroll

Trusopplæringsreforma i Den norske Kyrkja har mykje bra med seg, og det har kome mykje gode opplegg og erfaringar frå det arbeidet som har vorte gjort. Den har også ført til at det har vorte fokus på dette arbeidet i kyrkja, og mange har endeleg forstått at ein må vekk frå den utingen det er å satse på at skulen skal stå for trusopplæring. Nokre har kanskje til og med slutta å kjempe for dette, og forstått at det er grunnleggjande feil at skulen har stått for, eller skal stå for, kyrkja sin trusopplæring. Trusopplæring er eit av kyrkja sine kjerneområde, og ikkje noko vi skal stole på at andre skal gjere for oss. Det skal vi sjølv leggje vår ære i å gjere så godt som det er mogeleg å gjere. Skulen skal heller ikkje drive trusopplæring for ein einskild konfesjon innan ein einskild religion, men drive god, sakleg og objektiv religionsundervisning i alle religionar. (Dette var eit prinsipielt sukk som eg kjem til å gjennta i alle fora det er naudsynt heilt til ingen lenger seier "Men..." og kjem med argument for at denne utingen i historia til norsk trusopplæring skal takast opp att.)

Trusopplæringsreforma har altså gjort mykje bra, men den har også tatt byråkratiseringa til eit meiningslaust nivå. Eg driv for tida og skriv rapportar for kvart einaste tiltak vi har hatt som kan reknast for trusopplæring. Det viser seg nemleg at det er ikkje berre dei tiltaka som har vore ein del av prosjektet her i kyrkjelyden som skal rappporterast, nei ALLE tiltak skal rapporterast etter som ein kjem inn i gjennomføringsfasen av dette. Det vil seie at ein skal skrive rapportar om metode, mål, innhald og oppslutning om alle ting ein gjer, som konfirmantopplegg, utdeling av fireårsbok, samtalegrupper og så bortetter i det absurde.

I ein kvardag som ofte er hektisk nok, er slik rapportering ein av dei sikraste måtane å ta knekken på arbeidslysta på. Intensjonen er at dette skal samlast på nettsida http://www.stortsavalt.no/, slik at ein kan søkje i kva andre har gjort og lære av dette. Problemet er at søkemotoren på denne nettstaden er det reinaste søppel, og at det ikkje er eit brukbart kategoritre ein kan navigere i om ein er på jakt etter eitt eller anna ein kan bruke i sitt opplegg. Rapporten frå styringsgruppa for prosjektperioden Når tro deles har heller ikkje eit brukbart oppslagsverk over kva som har blitt gjort rundt i landet, men berre ramsar opp alle prosjekta etter geografisk plassering. Ein har altså gjort gode erfaringar over heile landet, men har ikkje makta å lage eit system som deler dette med andre på ein brukbar måte. Det er det same med alle rapportane ein skriv om det ein gjer. Dei er i praksis ikkje tilgjengelege for andre, og vert berre lese av den personen på bispedømmekontoret som skal gå gjennom det som skjer i dei ulike kyrkjelydane. Alle ressursane ein brukar på rapportering er så godt som nyttelause, då det ein skriv ikkje vert brukt til noko anna enn å konstatere att ein gjer noko rundt omkring.

Eg har mykje godt å seie om trusopplæringsreforma, men byråkratiet ein har lagt opp til rundt dette er heilt meiningslaust og fungerer som ein bremsekloss for arbeidet som skjer i kyrkjelydane!

onsdag 25. august 2010

Ein gløymd helt?

Eg skal innrømme at det er mogeleg at eg tok litt hardt i i den overskrifta. Når sant skal seiast veit eg ikkje nok om denne fyren til å utpeike han som helt, men indisiane peiker i hans favør.

For eit par dagar sidan kom eg over ein spanande kar då eg jobba med ei svær liste over salmeforfattarar som eg driv med på Wikipedia. Fyren eg kom over i arbeidet var Jens Otterbech, og eg vart ganske imponert over denne mannen etter som eg skreiv artikkelen om han. Otterbech vart fødd som presteson i Finnmark, men vaks opp i Christiania, og tok teologiutdanning der. Denne tok han for å fylgje opp arbeidet far hans hadde starta; som prest for samane.

I følgje mi kjelde, Norsk biografisk leksikon, var Otterbech svært kritisk til fornorskingspolitikken som vart ført mot samane, og han hadde eit radikalt og postitivt syn på samisk språk og kultur. Han etablerte sosialt arbeid blant samane, og var også aktiv i samemisjonen. Han var redaktør for boka Fornorskningen i Finmarken, ei bok som samla kritiske artiklar om samepolitikken, og for Det norsk-lutherske Finnemisjonsforbund sitt  tidsskrift Lappernes Ven, eit tidsskrift som vart eit talerøyr for den kyrkjelege motstanden mot fornorskinga av samane.

I tillegg til dette var han eit profilert pasifist.

I 1918 skulle ein finne ny biskop i Tromsø stift. Otterbech vart fremja som kandidat, og fekk stor støtte frå prestane i området. Han vart ikkje biskop, mest sansynleg på grunn av pasifismen og motstanden mot den gjeldande samepolitikken.

Kanskje er det ting som trekk ned, men ein mann som ikkje vert biskop fordi han er pasifist og arbeider for ein minoritetspolitikk som er prega av respekt for andre folkeslag er ein soleklar heltekandidat i mi bok!

tirsdag 24. august 2010

Hurra for Bjørgvin bispedømme!

Endeleg har det vorte ansett ny prest i Johanneskirken i Bergen. Eg er særs glad for at Bjørgvin bispedømme ikkje lot seg presse av dei som laga støy rundt denne saka, men valgte den søkjaren dei meinte var den beste for jobben. Om det er ei kvinne eller ein mann som har jobben, burde ikkje vere eit spørsmål, så lenge det er ein person som er kvalifisert og høver i den aktuelle stillinga.

Eg vil gratulere Anna Bæckström Hovda med ny jobb, og ynskje henne velkomen til Vestlandet!

Biletet av Johanneskyrkja er som vanleg på bloggen min henta frå Wikimedia Commons.

torsdag 19. august 2010

Ting er mykje det same...

19. august er i den katolske kyrkja minnedag for ein kar eg aldri hadde høyrt om før. Johannes Eudes var ein fransk prest og kyrkjereformator som levde på nesten heile 1600-talet.Om han står det at han reiste rundt på misjonsturar, og at dette gjorde sterkt inntrykk på folk "i den eksisterende slappe atmosfæren". Tilstanden for kyrkja var ikkje bra. Folk oppførte seg dårleg, og Johannes ville endre på dette. For å gjere dette står det at "[a]ll slags tiltak ble brukt for å trekke så mange mennesker som mulig: prosesjoner, andakt for korset, pantomime."

Dette høyrast eigentleg ut som slik mange vil skildre samtida no, og også korleis dei ofte vil meine at ein skal gjere noko med det. "Verda er i krise. Vi må bruke alle midler for å fortelje om Jesus."

Det er sjølvsagt greit at folk tenkjer slik, men kanskje det kan vere på sin plass å sjå på historia og slå seg til ro med at verda ikkje er noko særleg verre eller betre no enn før? Det var rot og tull på 1600-talet. Det var rot og tull før reformasjonen. Det var rot og tull på 1800-talet som førte til m.a. fråhaldsrørsla, det var rot og tull i oldkyrkja med heresi og kva det måtte vere, det var rot og tull i middelalderen med krosstog og andre mindre gode idear. Det har alltid vore rot og tull, og ser einpå historia er det vanskeleg å finne ein "gullalder" då alt var så mykje betre enn no. Dette gjeld samfunnsmoral, det gjeld gudstenesteoppmøte, det gjeld kyrkjedemokrati og stort sett kva det måtte vere. Det er kanskje rot og tull no, men det har det jammen vore før også.

Det kan vere verdt å hugse dette. Samfunnet vårt, og kyrkja vår, er sikkert ikkje på høgda no, men det er heller ikkje slik at det no er på sitt lågaste punkt og alt berre er krise. Ting er mykje det same...

lørdag 7. august 2010

Tutu om kva Kyrkja verkeleg er

Eg les ei bok om Desmond Tutu sin teologi for tida, og fann dette utsegnet om kva Kyrkja er i boka. Det set fokus på Kyrkja sitt grunnleggjande liturgiske vesen. Forfattaren av boka, Michael Battle skriv vidare ei utdjuping av kva Tutu meiner: «The miracle of the church is that everyone - the poor, the rich, the free, the slave, male, female, black, white - can find one identity in Christ.» Dette er ein god oppsummering, og den viser kor viktig det er at ein er medvite kva Kyrkja faktisk er, og kva ho ikkje er. Vert Kyrkja ein klubb for dei som tenkjer likt eller for dei som bruker all fritida si der, er det ikkje ein stad for alle.

Desmond Tutu sa dette i si innsetjingstale då han vart innsatt som biskop i Johannesburg 3. februar 1985, og det er framleis like aktuelt.
Is [the church] a cosy club for like-minded persons who can be persuaded once a week to disturb their normal routine to have their Christian prejudices confirmed whilst they are insulated against the harsh realities of life out there without being shaken out of a complacency as they are assured that God has sanctified their sacrosanct way of life? Or does it exist to be a kind of mystical ivory tower of some spiritual ghetto unconcerned about what goes on under the noses of its members whilst they claim to offer worship to God in the meantime as excuse for that neglect? Or does it exist to become involved in a mad rush of good works agitating its members into a frazzle as they rush from one good work to another leaving behind the so-called beneficiaries of all this wearing the haggard and woebegone expressions of those who have been done godd by at all costs? ... The Church is the fellowship whence adoration, worship and praise ascend to the heavenly throne.
Sitert frå Reconciliation. The Ubuntu Theology of Desmond Tutu Revised and updated, Michael Battle, The Pilgrim Press, 2009. Side 91.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.