onsdag 29. september 2010

Mikkelsmess og englar

Russisk ikon som viser dei sju erkeenglane. Henta frå Wikimedia Commons
I dag, 29. september, er dagen kyrkja tradisjonelt har feira Mikkelsmess, dagen der ein minnast erkeengelen Mikael og alle englane. Dagen forsvann sjølvsagt ut av kyrkjekalenderen i Den norske kyrkja, men vart teken inn att i 1999, då som ei valfri markering. Her i Meland skal vi markere Mikkelsmess med kveldsbøn i kveld. Bibelselskapet har forøvrig ein flott artikkel om Mikkelsmess på sine nettsider.

På ei slik kveldsbøn er det naturleg å bruke mykje av det vi har av songar, bøner og lovprisningar frå englane. Å finne nok til ei kveldsbøn er ikkje noko problem, for også i våre vanlege gudstenester er det mykje vi har frå englane.

I starten på gudstenestene våre syng vi med orda englane på Betlehemsmarka brukte då Jesus vart født;
Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda hjå menneske som gud har hugnad i.
Luk 2,14
og under nattverdutdelinga syng vi englane sin lovprising frå Jesaja;
Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom.
Jes 6,3
I samband med nattverden kjem vi nok så nær ei påkalling av englar eller å tiltale dei som vi nokon gong gjer i Den norske kyrkje, når presten seier at;
ved han [Jesus] lovsyng englane din herlegdom, og di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong. Med dei vil vi og blanda våre røyster og tilbedande syngja:
So kjem orda frå Jesaja 6.

I liturgien vil vi ikkje tiltale englane direkte, men minst ein av salmane våre kan tolkast som ei oppmoding til englane og dei heilage om å syngje for Kristus. Det er "Atterløysar, guddomsdrott!" som står i Salmer 1997, der vi syng

Englar, helgnar, folkeslag, syng for Kongen Krist i dag!

Mikael i kamp med Satan. Henta frå Wikimedia Commons.

Om dette er ein oppmoding eller ein konstaterande setning er sjølvsagt opp til lesaren/songaren, då den kan tolkast begge vegar. Eg tolkar det slik at ropeteiknet på slutten visar at dette er imperativ, altså ei oppmoding der ein vender seg til englane og dei heilage og oppmodar dei til å vere med på lovsongen.

I vår tradisjon er nok dette det lengste ein strekk seg i å tiltale englane, men i kyrkjefamilien er dette noko som er langt vanlegare. I veska mi har eg med meg ei bok som heiter En liten katolsk bønnebok 2, og i den er det fleire bøner som er vendt til englane, då både til kvar person sin verneengel (Slik vi finn det fortalt i Matteus 18,10) og til Mikael. Bøna til erkeengelen Mikael er slik:

Hellige erkeengel Mikael, forsvar oss i striden, vern oss mot djevelens ondskap og snarer. Ydmykt trygler vi om at Gud må undertrykke den onde. Og vi ber deg, de himmelske hærskarenes fyrste, om at du med den makt Gud har gitt deg, vil styrte i helvetet Satan og ondskapens ånder som streifer omkring i verden til sjelenes ulykke. Amen

Smått komisk bilete av Rafael og Tobias. Henta frå Wikimedia Commons.

Eg vil til slutt gje eit lite lesetips. Ein artig bok som ein sjeldan kjem borti er er Tobit, ein av dei deuterokanoniske bøker. I denne boka les vi mellom anna om Tobias som er ute på tur saman med erkeengelen Rafael og ein hund for å hente nokre pengar, og på turen vert han jammen gift også. Absolutt verdt å lese på ein dag som er via til englane.

mandag 27. september 2010

"Sannheten om soldatene i Afghanistan" - Toppen av soldatvrøvlet.

Dei norske soldatane i Afghanistan har kome med utsegn som ikkje burde overraske nokon. Vi snakkar her om gjengen som frivillig melder seg til å trene seg opp i korleis ein på mest effektiv måte drep andre menneske, for så å reise til ei krigssone på andre sida av verda der dei skal gjere i praksis det dei har trent på. Korleis nokon kan få seg til å tru at dette er folk som ikkje finn ein eller annan glede i dette, eller har dei same verdiane som resten av samfunnet er totalt over min forstand. Ein skal vere godt over gjennomsnittleg interessert i slikt for å gå gjennom den prosessen det er å verte sendt til Afghanistan. Utsegna dei har kome med til media no burde derfor ikkje kome som ein overrasking, utan at det gjer dei eit plukk betre.

Men den verkelege høydaren i soldatvrøvl kom eg over på Twitter, der magasinet FAR OG BARN gjorde merksam på at dei også skriv om soldatane i Afghanistan. Dei er nok redde for å verte gløymde i ståheien, og kan friste med "Sannheten om de norske soldatene i Afghanistan.". Eg vart nyfiken, slik dei også ville, og las smakebiten på artikkelen som låg ute på nettet. Der fann eg dette gullkornet: "Krig og omsorg er ikke motstridende. I begge tilfelle handler det om å ta vare på og beskytte" Eg kunne nesten ikkje tru det eg las. Her har propagandaen i forsvaret tatt totalt overhand, og dei har klart kunststykket å snu språkbruken 180 gradar rundt og kallar drap for å beskytte og bombing for å ta vare på. Krig er ein tilstand der fiendar drep kvarandre, der ein sprengjer hus og vegar og menneske i småbitar med bomber og andre våpen, og denne norske soldaten freistar på vegne av det norske forsvaret å framstille det som om det dei norske soldatane gjer i Afghanistan er å gå rundt med murskeia og reparere hus medan dei gjev melk til foreldrelause kattungar. Ein kan seie mykje om det norske forsvaret, men dei er i tydlegvis gode til å manipulere soldatane sine slik at dei ikkje ser kva det er dei eigentleg driv med.

Biletet av den norske soldaten i Afghanistan er henta frå Wikimedia Commons. Biletet er ikkje direkte knytta til det eg skriv om.

onsdag 15. september 2010

Victor Jara

15. september er dødsdagen til den store chilenske visesangaren Victor Jara. Jara skrev nydlege viser, ofte med tekstar politiske tekstar. Han var ein viktig person i kretsen rundt partiet Unidad Popular, partiet til presidenten i Chile, Salvador Allende. Då Pinocet tok makta i Chile i 1973, var Victor Jara ein av dei som vart arresterte. Det nye militærregimet var tydeleg redde for den påverkningskrafta dei mektige songane til Jara hadde, og sidan han også var eit viktig symbol for og leiar av den chilenske viserørsla som gav indianarane sin musikk ny og høg status, vart det som skjedde med han også ein beskjed til resten av kretsen rundt han.

I boka The Shock Doctrine skildrar Naomi Klein det som skjedde med Victor Jara etter kuppet slik:
In Santiago, the legendary left-wing folk singer Victor Jara was among those taken to the Chile Stadium. His treatment was the embodiment of the furious determination to silence a culture. First the soldiers broke both his hands so he could not play the guitar. The shot him forty-four times, according to Chile's truth and reconciliation commision. To make sure he could not inspire from beyond the grave, the regime ordered his master recordings destroyed.
Naomi Klein, The Shock Doctrine. The Rise of Disaster Capitalism, 2007. Side 105.
Samstundes vart fleire andre opposisjonelle kunstnarar drepne, felgsla eller måtte røme landet.  Militærregimet freista å drepe ei kulturell rørsle saman med Victor Jara.

Ein annan venstrevridd visasongar eg har stor sansen for er Phil Ochs. Ochs skrev ei rekkje flotte antikrigsviser, og hadde både gode tekstar og meloditeft. Grunnen til at eg nemnar han her, er ein episode Joan Jara, Victor si kone, fortel om i hennar biografi om sin ektemann Victor: An Unfinished Song. Der fortel ho at leiinga i ei gruve i Chile i 1973 gjekk ut i streik. Arbeidarane i gruva, støtta av mellom anna studentar og lærarar ved det tekniske universitetet i Santiago; universitetet der Jara jobba, fortsette arbeidet for å halde oppe kopparproduksjonen som var viktig for økonomien til landet. Joan fortel at ho køyrde ektemannen sin til universitetet for å ta buss derfrå til gruva.

As we waited for it [Bussen] to fill up with students, I got into conversation with two hippy-looking gringos with a guitar, who were sitting on the campus steps. They told me they wanted to go to the mine to show their support for the miners and maybe sing a few songs to tell them that many Americans condemned the politics of the US government.
Apparently the Chilean students didn't trust them and hadn't given them permission to get on the bus. As the conversation progressed, they introduced themselves as Phil Ochs and Jerry Rubin. I took them over to where Victor was deep in conversation with the organisers of the expedition and he intervened to allow them to go with the group. The spent all day with Victor, going into the mine with him. They heard him singing and talkin to the miners and were impressed with his easy relationship with them and how much they appreciated his songs. Victor gave them a chance to speak and to sing a few songs, translating for them, and then all together they sang Pete Seeger's «If I had a hammer». The three of them had such a good time together that in the evening, when they reached Santiago, Victor took them to the Peña, where they were warmly recived.
Joan Jara, Victor: An Unfinished Song, 1983/98. Side 205-206
Tenk å få høyre Victor Jara syngje saman med Phil Ochs!

Jara er død, men Pinochet og hans regime klarte ikkje å drepe musikken hans. Den finn ein framleis, til og med på YouTube. Eg fann «El Cigaritto» som var på den første singelen Jara gav ut. Musikken er det Jara som har laga, medan han har plukka opp teksten frå ein populær poet på den chilenske landsbygda.



Biletet av Jara si grav er henta frå Wikimedia Commons.

søndag 12. september 2010

Nei til Nammo!


Aftenposten, VG og diverse andre meldte før helga at landslaget til hoppkvinnene har fått våpenprodusenten Nammo som hovudsponsor. Dette provoserte meg til å skrive dette lesarinnlegget som eg har sendt til nokre aviser. Kanskje kjem det på trykk, men eg legg det i alle fall ut her, så kan mine svært få eksklusive lesarar her lese det.


Før helga kom det fram at kvinnene sitt landslag i skihopping har fått den norske våpenprodusenten Nammo som hovudsponsor. NRK Hedmark og Oppland kunne på sine nettsider 21. august i år melde at Nammo sidan 2004 har seld våpen og ammunisjon for 12,5 millionar norske kroner. Samstundes medgjev adm. dir. i bedrifta at det utstyret dei sel utan tvil vert brukt i USA sine krigar i Irak og Afghanistan. NRK har tidlegare vist at våpna også vert brukt av Israel. Pengane Nammo tener kjem altså rett frå nokre av dei mest omtala krigane i verda, og våpna dei produserer vert brukte av to hærar der det gong på gong har vorte avslørt brot på krigen sine reglar.

No brukar Nammo nokre av desse pengane på å knytte til seg ei av dei gruppene i idrettsnorge det er mest positive assosiasjonar til. Hoppkvinnene har kjempa seg fram til merksemd og respekt, og har fått mykje velfortent sympati. Dette vil Nammo utnytte, og Norges Skiforbund (NSF) let dei få denne moglegheita.

I praksis vil dette seie at hoppkvinnene sine økonomiske rammer kjem som konsekvens av det sivilbefolkninga i land som Irak, Afghanistan og Palestina vert utsette for. Dei kulene som vert skotne mot folka i desse landa gjev pengar til Nammo, som dei igjen gjev til NSF og hoppkvinnene.

Dette er ikkje noko vi som hoppnasjon kan finne oss i! Når hoppkvinnene våre er i aksjon, skal vi kunne juble når dei vinn, utan ein flau smak i munnen fordi vi veit at treningsleirar og utstyr indirekte er betalt med blodpengar. Vi skal heller ikkje finne oss i at den mørkaste delen av norsk industri freistar å gjere seg akseptable på denne måten.

Eg vil oppmode alle som er medlemmer i NSF til å melde seg ut av organisasjonen i protest. NSF skal arrangere VM på ski no i vinter. Lat oss halde oss vekk frå dette arrangementet i protest. Lat oss gjere det slik at billettane vert uselde og TV-sendingane ikkje får sjåarar. Lat oss vise NSF at vi ikkje finn oss i at dei skitnar til nasjonalsporten vår med blodpengar!

torsdag 9. september 2010

KrF på ville vegar!

Eg har aldri vore ein tilhengar av KrF, og kjem nok aldri til å verte det, særleg om dei skal fortsetje med den siste leflinga si med nokre av dei mest ekstreme tankane Norge har å by på. Ole Jørgen Anfindsen har vore og snakka til lokallaget i Oslo, han vil verte invitert til Stavanger, og Bergen er heller ikkje framande for tanken. Eg undrar meg på: veit dei i det heile kva denne mannen står for?

I mai i år gav Anfindsen ut boka Selvmordsparadigmet. Det han meiner med tittelen er at den vestlege kulturen er i ferd med å ta sjølvmord, sidan vi let folk frå andre kulturar få kome og bu mellom oss.[1] Dette utdjupar han med rasing mot alt frå den forrige regjeringa KrF sat i til FN og EU. Ei av hovudtesene til Anfindsen er at det er biologiske forskjellar mellom menneske, altså rasar, og at politikk bør byggjast på den forutsetninga at ulike rasar har ulike eigenskapar. Ser ein på litteraturlista han tipsar lesarar om finn ein mellom anna Tatu Vanhanen, ein mann som hevda at grunnen til at det var så mange fattige i Afrika, var at dei hadde låg IQ der. Ein burde derfor få inn så mange europearar, amerikanarar og asiatar som mogeleg i leiarstillingar i Afrika.[2] Arnfindsen viser også til boka Gode formål – gale følger? der det vert sagt følgande om situasjonen i Norge i dag: "Med erfaringene fra krigens dager i minnet kan det synes underlig at den islamske utfordringen ikke vekker en tilsvarende mobilisering i våre dagers vestlige demokrati"[3] Meiner forfattaren med dette at ein ser det  som eit naturleg svar på islamsk innvandring at ein oppretter væpna motstandsgrupper og går til geriljakrig? Dette var to døme på litturaturen Anfindsen anbefalar å lese. Han seier sjølv at "Ovenstående bøker er formodentlig for konservative, for islamofobe, for rasistiske eller for mye et eller annet annet til at vår prektige elite i det hele tatt gidder å nedlate seg til å lese dem"[4]  At dei er islamofobe og rasistiske verkar det som han har heilt rett i, og eg vonar han også har rett i at vår elite ikkje les desse bøkene.

Kva seier så mannen sjølv?  Om UNESCO seier han mellom anna følgjande:
Videre ser vi at organisasjonen, ettersom den politiske og vitenskapelige utviklingen frem mot 1978 gikk i en ’uønsket’ retning, i stadig sterkere ordelag fordømte dem som tenkte annerledes enn en selv, og man tok dessuten til orde for å bekjempe nevnte utvikling ved hjelp av virkemidler som ville ha fått anerkjennende nikk fra både Hitler, Stalin og Mao.[5]
Dette er noko han har henta frå ein annan, men han utdjupar det vidare, og seier at
Det ser altså ikke ut til at å være dekning for å hevde at sammenligningen av UNESCOs forsøk på politisk styring av forskningen med ”det man hadde sett i nazi-Tyskland og i Sovjet-Russland” skulle være spesielt ”grov” (Lavik 1998, side 108, sitert ovenfor). Riktignok har man ikke tatt i bruk tortur, vilkårlig fengsling eller henrettelser[6]
Så kan ein jo lure på korleis dette ikkje kan vere for grovt om UNESCO ikkje brukte "tortur, vilkårlig fengsling eller henrettelser"...

Av særskild interesse for KrF kan det vere å lese dette som han seier om den forrige regjeringa dei var med i:

FN og EU er, i hvert fall et stykke på vei, både intellektuelt og moralsk korrupte (jf Klaus 2006, 2009; Støvring 2009b). Situasjonen er ikke stort bedre i det offisielle Norge, noe som ikke minst illustreres av at Bondevikregjeringen i 2002 la frem en handlingsplan mot rasisme og diskriminering hvis hovedformål var å bekjempe sannheten, nærmere bestemt sannheten om raseforskjeller.[7]
Den var altså "både intellektuelt og moralsk korrupt", noko han tydlegvis må ha stor tru på at i hovudsak gjaldt dei andre partia i regjeringa eller dei som har gått ut av politikken seinare, sidan han no vel å snakke med KrF.

KrF må vere desperate når dei slepp denne mannen til på sine talarstolar. KrF snakkar høgt om å vere eit verdiparti og forsvarar av menneskeverdet, men visar no at dette er noko dei er villige til å ofre på populismen sitt altar. Dei ansvarlege, fornuftige, menneskekjære folka det fins mange av i KrF bør ta tak i dette og rydde opp i uvesenet som har kome inn i partiet før det får tid til å slå rot. Eg har som sagt aldri vore ein forkjempar for KrF, men dette hadde eg verkeleg ikkje trudd om dei!


[1] http://www.honestthinking.org/no/index.html
[2] http://www.hs.fi/english/article/1076153484261
[3] http://www.nytid.no/arkiv/artikler/20030312/et_angrep_pa_det_flerkulturelle_norge/
[4] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del1.Kap08.Hummer_og_kanari.htm
[5] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del2.Appendiks.H.Unesco.htm
[6] Ibid
[7] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del1.Kap05.Offisielle_logner.htm

tirsdag 7. september 2010

Slaget ved Borodino

I dag, 7. september, er det årsdagen for eit av dei største slaga i historien. 7. september 1812 stod slaget om Borodino, nokre mil utanfor Moskva. Slaget stod mellom Napoleon som var på langtur og Tsaren i Russland, som var langt meir på heimebane enn han satte pris på. Tilsaman kjempa rundt 250 000 mann i dei to hærane. Napoleon vann sjølve slaget, men dei store tapa han leid djupt inne i russisk territorium skulle vise seg å verte katastrofale, og felttoget hans enda i ruin for den franske hæren.

I ein framstilling av dette slaget, ser ein her tydeleg korleis kyrkja kan blande seg med den politiske og militære makta på uheldige måtar. Eg vil sitere litt frå Herman Lindqvist si glitrande bok Napoleon.
Om kvelden før slaget hadde Kutuzov kalt inn prester, poper og arkimandritter. Iført den russiske kirkens flotteste antrekk, og med all tenkelig pomp og prakt svingte de sine røkelseskar og messet bønner. De holdt opp det mirakuløse ikonet «Gudsmodersken fra Smolensk», og stenket vievann på de russiske soldatene, som knelende tok imot velsignelsene mens de slo korsets tegn. Herman Lindqvist, Napoleon, 2008.  Side 369
Slik var den russiske opptrappinga til slaget. Den franske oppladninga var morsomt nok at troppane defilerte forbi eit maleri av Napoleon sin son, Kongen av Roma. Maleriet viste den lille tassen som låg naken på ein grøn fløyelspute og leikte med ei rangle av eifelbein.

Den russiske hæren vart altså støtta aktivt av kyrkja som var der saman med dei og gjorde det dei kunne for at troppane skulle gjere ein betre jobb. Eller drepe betre, for å bruke reine ord.

Det er lett å slå dette vekk med at den russiske kyrkja alltid har hatt eit usunt forhold til styresmaktene og at noko slikt aldri kunne skjedd med oss. Men dette er alt for enkelt. I Vårt Land 19. mai i år sa forsvarssjefen, Harald Sunde, at han hadde vorte «mer oppmerksom på betydningen av feltprestens arbeid ved å møte soldatene våre i utenlandsoperasjoner». Han seier at feltprestane gjer ein god og viktig jobb, og at det er ein forventning om at dei skal «bidra til å styrke den militære effektiviteten i de væpnede styrkene». Eller sagt med reine ord: Dei skal gjere norske soldatar betre til å drepe.

Sjefen for det norske forsvaret meiner altså at situasjonen for Den norske kyrkje i dag er lik det den var for den russiske kyrkja under slaget ved Borodino i 1812. Våre prestar har i oppgåve å gjere dei norske soldatane til betre drapsmenn i den krigen dei til ein kvar tid måtte vere utplasserte i.

Feltprestinstitusjonen er ei skam for Den norske kyrkje. Det at kyrkja lar seg verte brukt som ein del av militære operasjonar er ein flekk det vil ta lang tid å vaske vekk. Det at vi har prestar med i styrkene verkar også som ei legitimering av krig, noko som ikkje på nokon som helst måte samsvarar med Jesu ord og lære. I ein ofte gløymt liten tekstbolk i Lukasevangeliet kan vi lese at Jesus og læresveinane vert avviste i ein samaritansk landsby. Jakob og Johannes spør då Jesus om dei skal «by eld fara ned frå himmelen og fortæra dei». Jesus snur seg då til dei, og seier mellom anna at «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa» (Luk 9, 51-56). Jesus avviser her vald på eit heilt grunnleggjande nivå, men framleis vel ein å sjå vekk frå dette, og andre utsegn frå Jesus som seier det same, og held seg med feltprestar som både er med på å legitimere ein instutisjon som handlar grunnleggjande mot Jesu lære og samstundes faktisk har ein funksjon som gjer soldatane meir skikka til dei oppgåvene dei vert sett til frå dei militære leiarane. Eg kan ikkje tenkje meg noko som er lenger frå kyrkja sitt oppdrag.

Det er nesten to hundre år sidan slaget med Borodino byrja med at dei russiske prestane gjorde troppane klare for strid. Dette kunne ha vore eit historisk skråblikk om ei kyrkje på ville vegar, men i staden vert det ein grell påminning om vår eiga kyrkje sine feilsteg.

Biletet av slaget er henta herfrå, «Gudefødersken frå Smolensk» herfrå, medan biletet av feltgudstenesta, som rett nok er både amerikansk og katolsk, kjem herfrå. Alle er frå Wikimedia Commons.

torsdag 2. september 2010

ELCA slår eit slag for skandinavisk salmetradisjon

Eg har tidlegare vore innom Evangelical Lutheran Church in America sin kyrkjeårskalender. I motsetnad til dei fleste slike lutherske oversiktar, har denne med ein oversikt over folk dei minnast i løpet av kyrkjeåret. Nokon er dei gode, gamle helgenane som Frans av Assisi og Bernhard og slike folk medan andre er folk ELCA sjølv har sett på lista si, som Hans Nielsen Hauge, Jan Hus, Calvin og fleire. Eg har ikkje heilt klart å forstå om dei har sin eigen kanoniseringsprosess eller om dei berre finn folk dei likar godt i kyrkjehistoria og minnast dei ein dag, men kalenderen er uansett verdt ein kikk.

I dag er det minnedag for ein av dei med uklår helgenstatus. 2. september, på dødsdagen hans, minnast ELCA den danske presten, salmediktaren, skulemannen, politikaren og diverse anna N.F.S. Grundtvig. Mannen hadde ein ekstrem produksjon av det eine og det andre, og skreiv mellom anna rundt 1500 salmar og ein haug med bøker om ulike tema som mytologi, historie og politikk. Han stod også bak den første folkehøgskulen og kvar den teologiske strauminga grundtvigianismen har fått namnet sitt frå er ikkje så vanskeleg å høyre. Masseproduksjonen av salmar gjorde at han framleis er den mest representerte diktaren i den danske salmeboka som kom ut i 2003, og med rundt 40 salmar har han åleine skreve bortimot ti prosent av alle salmane i Norsk Salmebok.

Eg veit ikkje kva som har gjort at amerikanarane har trykka denne mannen til sitt hjarta, men det er vel ikkje ein veldig framand tanke å tru at alle dei "danske" lutheranarane i USA, kanskje til og med nokre av dei "norske", har teke med seg salmar over havet. Dei vel uansett å minnast Nikolai Frederik Severin Grundtvig i dag, og i dette høvet kan vi kanskje lære noko frå våre utflytta landsmenn.

Iver Kleive og Knut Reiersrud har spelt inn ein fantastisk versjon av Grundtvig sin salme "Kyrkja ho er eit gamalt hus". Den er på plata Himmelskip som kom ut i 1996, ei plate det ikkje er orsakingar for å mangle i CD-hylla si. Uheldigvis, og litt rart ettersom den faktisk har blitt framført på TV, ligg ikkje denne på YouTube. Det gjer derimot eit dårleg opptak av noko grundtvigjamming dei gjer saman med Povl Dissing i Holmens Kirke i København. (Flott artikkel på dansk Wikipedia.) I mangel på noko betre, legg eg ut det opptaket.



Biletet er henta frå Wikimedia Commons.