torsdag 28. oktober 2010

Munro


Eg kom over denne flotte kortfilmen frå BBC film network. Den er absolutt verdt å bruke 15 og eit halvt minutt på. Den flotte musikken ein høyrer undervegs og under rulleteksten er laga av ein av mine favorittar, Malcom Middleton.

søndag 24. oktober 2010

Rosa Parks

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det fem år sidan Rosa Parks døydde. Parks var kvinna som nekta å gje frå seg settet sitt på ein buss i  Montgomery i Alabama. Dette vart på mange måtar starten på det som skulle ende med at dei svarte fekk dei same rettane som kvite. Det var også i løpet av det som skjedde umiddelbart etter dette at Martin Luther King Jr. steig fram som ein leiar for denne rørsla.

Rosa Parks var i utgangspunktet ei heilt vanleg dame med ein heilt vanleg jobb. Den bussturen ho seinare vart verdskjent for, skulle også eigentleg vere ein heilt vanleg busstur. Som ho sjølv sa: «I did not get on the bus to get arrested I got on the bus to go home».

Rosa Parks gjorde berre det som var rett der og då. Det at ho stod på sin rett til å verte handsama som eit menneske med same rettar som alle andre menneske, fekk etterkvart enorme konsekvensar. Den lille protesthandlinga ho gjorde starta noko mykje større som fekk positive konsekvensar for millionar av andre menneske.
People always say that I didn't give up my seat because I was tired, but that isn't true. I was not tired physically, or no more tired than I usually was at the end of a working day. I was not old, although some people have an image of me as being old then. I was forty-two. No, the only tired I was, was tired of giving in.

Hennar døme er noko vi alle kan ta med oss ut i vår kvardag. Det vi gjer kan få mykje større konsekvensar enn det vi der og då kan tenkje oss. Derfor må vi alltid vise at alle menneske har det same menneskeverdet i alt det vi seier og gjer. Kanskje vil noko vi gjer starte ei ny positiv utvikling.

 Sitata er henta frå Wikiquote.

søndag 17. oktober 2010

Jokke med Tourettes - Verdiløse menn

I dag er det på dagen ti år sidan Joachim Nielsen døydde av ei overdose. Norge mista ein av våre beste låtskrivarar nokon sinne. I samband med dagen, passar det godt med den fantastiske songen «Verdiløse menn». Her frå XL, det beste programmet P3 har hatt.

Mary MacKillop og historia om ein artikkel på Wikipedia

Mary MacKillop. Henta frå Wikimedia Commons.

Ein gong i februar eller mars i år fekk eg eit spørsmål i quiz-spalten i Morgenbladet  som var noko ala dette: «Hvem blir i oktober Australias første helgen?» Svaret på dette var Mary MacKillop, ei dame eg aldri hadde høyrt om før dette.

Eg vart nyfiken og såg kva eg fann om henne på Wikipedia. Eg las litt på engelsk Wikipedia, og tenkte at norsk Wikipedia burde ha ein betre artikkel om henne. (Artikkelen på engelsk såg slik ut på dette tidspunktetet.) Eg byrja å skrive om henne, delvis basert på kjeldene eg fann i den engelske artikkelen, delvis med hjelp av andre kjelder, og etter kvart tok prestisjen meg, og eg tenkte at før Mary MacKillop vert kanonisert, skulle ho ha ein anbefalt artikkel om seg sjølv på norsk Wikipedia. I april hadde både tanken og artikkelen modna såpass at eg lufta for Morten Haugen tanken om artikkelen som anbefalt artikkel og som forsideartikkel denne veka, veka når MacKillop vert kanonisert av paven.

Symbolet for ein anbefalt artikkel på Wikipedia.
Eg fekk nokre tips for vidare arbeid, og jobba vidare med artikkelen. 16. mai vart artikkelen nominert til status som anbefalt artikkel, og 24. mai fekk artikkelen sitt grøne pluss i margen. Per no er Wikipedia på bokmål og riksmål så vidt eg veit den einaste språkutgåva med ein anbefalt artikkel om ho som vert kanonisert i dag. Den har også vore på forsida heile denne veka. Det vil seie at Wikipedia faktisk kan bringe oppdatert, kvalitetssikra informasjon på norsk om den nyaste helgenen i den katolske kyrkja, den veka ho vert kanonisert. For å skryte litt av mitt eige verk, meiner eg dette er eit døme på Wikipedia på sitt beste. Oppdatert og kjeldebelagt informasjon om aktuelle saker.

Mary MacKillop vert altså kanonisert i dag, 17. oktober. Eg har lese ein del om denne dama, og kan eigentleg  ikkje seie at ho er særleg spanande, trass i at ho er ein av svært få helgenar som har vore ekskommuniserte frå kyrkja. Men det var moro å jobbe med artikkelen.

lørdag 16. oktober 2010

Tor Jonsson utfordrar Kyrkja III - Livet

Kvardagssalme
Du fell på kne
ved furulegg.
Du kløyver ved,
du tømrar vegg.
og tener gud.

Du slår ei eng
og haustar korn.
Du går i seng
og avlar born
og tener gud.

Du taler mildt
til maktlaus bror,
eit stort og stilt
og ærleg ord.
Du tener gud.

Du går mot grav
du går mot natt.
Men alt du gav,
skal leva att
og tene gud.
Tankane i denne artikkelen er ei fortsetting av det eg skreiv i «Tor Jonsson utfordrar Kyrkja II - Læra»

Der Jonsson i det første diktet eg presenterte var søkjande og desperat og eit sinne mot Kyrkja og representantane for den kom fram i diktet, var det andre diktet meir sjølvransakande og seier kanskje mest om Jonsson sin eigen lengt etter kjærleik. Ingen av dikta kan seiast å formidle ein teologi som Den norske kyrkja umiddelbart kan stå inne for, sjølv om dikta bør vere utfordrande lesing som takast på alvor av alle innanfor kyrkja. I Kvardagssalme er derimot innhaldet litt annleis. Der seier Jonsson noko som ikkje bør vere framand for vår lutherske tradisjon. Han seier at det ein gjer i livet er ei gudsteneste, og at ein sjølv i dei enklaste gjeremål i kvardagen tener Gud. Dette er tankar som finn gjennklang i luthersk lære, mellom anna i Luthers store katekisme der det til dømes står
Hvis jeg gjør mitt daglige husarbeid samvittighetsfullt, så er det bedre enn alle munkers hellighet og dystre liv
Luthers store katekisme, Den første part - De ti bud: Det fjerde bud - Du skal hedre din far og din mor.[1]
Også i den daglege kvardagsteologien som ligg framme i dagen i kyrkja vår er dette tankar som er vanlege, kanskje særleg mellom meir karismatisk orientert ungdom. Ein seier gjerne at ein gjer slik og slik og gjer det som ein lovprisning til Gud. «Eg speler bass til ære for Gud.», «Eg løfter vekter til ære for Gud.», «Eg står på ski til ære for Gud.» og likande utsegn. Det er absolutt ikkje noko gale med slike utsegn, og det at ungdom gjer ting dei er flinke til samstundes som dei seier at dette er noko dei gjer til ære for Gud, er noko vi som kyrkje skal vere glade for.

Samstundes er slike utsegn eit symptom på noko som er gale i den livsstilen som vert formidla frå Kyrkja. Vi lever sekulariserte liv, der det «kristelege» vert henvist til eigne område av livet. Det er når vi går på gudstenester, er med i ulike kristne lag eller brukar tid til eigen oppbygging. Det «kristlege» i livet vert skilt ut som noko aktivitetssentrert som ein gjer til fastlagde tider i veka. Også gjennom den forkynninga som kjem frå oss prestar er dette noko som vert presentert som ein «normalordning». Vi snakkar om å «setje av tid til Jesus» og liknande. Dette gjev eit inntrykk av at kristentrua berre er noko som har påverknad på nokon område av livet. Noko ein gjer nokre timar i veka. Dette er den sekulariserte kvardagen til dei fleste av oss i kyrkja, og igjen er ikkje dette noko «dei-raudgrøne-avkristnar-Norge»-vas. Dette er konsekvensen av ein sekularisert lære og praksis hjå Kyrkja gjennom fleire år. Det er vi sjølve som har klart å redusere kristentrua til klubbar og gudstenester, strikkeringar og basarar, kor og sokneråd. Vi har sjølv klart å sekularisere trua vår og liva våre i så stor grad at vi ser oss nødt til å snakke om å «setje av tid til Jesus».

Eg trur dei som snakkar om at det gjer det og det «til ære for Gud» har sett noko av dette, sjølv om det kanskje ikkje vil bruke desse orda om dette. Det dei gjer er å sakralisere aktivitetar i liva sine. Kanskje gjer det at dei med betre samvet kan bruke tid på aktivitetar som ikkje skjer i regi av ein kyrkjelyd eller ein misjonsorganisasjon, eller kanskje har dei andre grunnar til det. Uansett er det noko resten av Kyrkja bør lære av, samstundes som vi må gå eit skritt vidare. Vi må sakralisere kvardagen. Vi må verte meir medvite at det vi gjer i kvardagen vår er, eller skal vere, å tene Gud. Når vi lever liva våre, er det som døypte lemmer på Jesu kropp. Tar vi dette på alvor, kan ein ikkje i alvor snakke om å «bruke tid med Jesus», for då er all tid med Jesus, og all tid er i Jesus. Tor Jonson snakkar i diktet om å byggje hus, om å avle born og om å hjelpe andre. Det er dagleglivet vårt han skildrar, og han seier at det vi gjer er å tene Gud. I dette har han heilt rett. Her skildrar han ei djup teologisk sanning, som vi i Kyrkja ikkje er flinke nok til å formidle.

Under Kristusbiletet
Du sit under Kristusbiletet
ein kveld på ein liten kafé.
Du er ikkje blyg som ei ungmøy.
Du slær ikkje augo ned.

Eg kjenner deg att om eg aldri,
aldri møtte deg før.
Eg sit her og spør:
Kvifor er det lagnadsrøyne
å opne ei dør?

Eg ser på di fattige ham, -
han set sine spor.
Du er frå Grågata bortanfor brua.
Eg er frå Grågrenda langt mot nord.
- Så teier vi tusen ord -

Eg sekk inn i draum. Om eit moge talent.
Om haustsol og udyrka jord.
Du græt i fylla.
Du drikk på nytt og siterar gud:
Du skal ikkje drive hor.

Eg sit under Kristusbiletet.
Ein einsleg mann
bed til eit avgudsbilete.
og gløymer sitt fedreland:

Heilage møy under krossen!
Gråt ikkje meir, du er mor
til det venaste vene eg ber i mitt hjarta:
Mi levande lengsle mot jord -
Alt vi gjer kan sjølvsagt ikkje seiast å tene Gud, sidan også gjer ting som er mot Guds vilje. Samstundes kjem vi ikkje vekk frå det at vi vart døypte til Jesu kropp. Dei døypte er Jesu kropp, og er i Jesus i det vi gjer. Liva våre er i Jesus.

Utan å gå inn på ei djup tolkning av «Under Kristusbiletet», trur eg Tor Jonson der har med seg eit perspektiv vi bør ta med oss vidare. Det vi gjer, gjer vi «under Kristusbiletet». Om vi sit på kafé, om vi græt i fylla, om vi siterar Gud. Dette gjer vi under Kristusbiletet, for alt vi gjer, gjer vi under Kristusbiletet. Eg meiner vi må sakralisere kvardagen vår, slik at vi vert klar over at alt vi gjer, gjer vi som lemmar på Kristi kropp. Med liva våre formar vi Kristusbiletet på jorda, slik at vi viser Kristus til andre. Er vi klar over dette, og handlar deretter, kan vi forme Kristusbiletet klårare, og med det vise Kristus klårare på jorda, slik Kyrkja sitt oppdrag er. Vi skal vere Kristu lemmar på jorda.

Vert vi tydlegare på dette, vil ikkje den aktivitetsbaserte kyrkja vere så relevant lenger. Kyrkja vert i større grad det den er kalla til å vere; eit samfunn av truande, eit sakramentsfellesskap, eit bønefellesskap. Då kan vi bruke kreftane våre på diakoni og forkynning, på å formidle lære og feire messer i staden for å steike pizza og strikke raggsokkar. Då viser vi i staden Kristusbiletet for samfunnet rundt oss. Den største pådrivaren for det sekulære samfunnet er det sekulariserte Kyrkja som ikkje viser Kristus i samfunnet, men aktiviserer seg sjølv med aktivitetar som i seg sjølve er meiningslause.

Ei Kyrkje som har sakralisert kvardagen og dei kvardagslege aktivitetane, vil også vere ei kyrkje det er lettare å kome inn i. Det er ei open kyrkje, der ein ikkje må ofre dei kvardagsaktivitetane ein er flink til og likar på «bruke tid med Jesus»-altaret. Det er ei Kyrkje som tar utgangshelsinga i høgmessa på alvor, med at ein går ut og tener Herren. Det vert ei kyrkje som fokuserer på det som er det sentrale, nemleg den enkelte si tru. Når trua vert styrka og bygd opp gjennom nattverdfellesskap og bøn, kan ein gå ut i dei daglege aktivitetane og formidle Kristus gjennom det ein gjer. Trua vert det definerande for alt ein gjer, trua vert ikkje definerande for noko ein gjer. På den måten vert Kyrkja opnare for nye. Ein vert ikkje oppfordra, direkte eller indirekte, til å ofre dei frikveldane ein har, men til å vere medvite at heile livet er noko ein gjer i teneste for Gud. Då vert det også meir innhald i det at fotballtreninga er noko ein gjer «til ære for Gud», i det at ein faktisk er medvite at det ei gjer der, gjer ein for å tene Gud gjennom å vise Gud.

Skriftemål og forlating for syndene må få større merksemd i ei Kyrkje der ein ser på alt ein gjer som ei teneste for Gud, og heile livet under Kristusbiletet. For ein vil ikkje alltid vise Gud i det ein gjer. Ofte vil det kanskje vere tvert om. Då må Kyrkja tilgje på vegne av Gud, slik vi har fått i oppgåve. Dette viser også Gud, då den autoriteten vi har for å tilgje synd er nettopp Jesu befaling, og grunnlaget for tilgjevinga er Jesu død og oppstode. På den måten vert også våre fall eit vitnemål om Kristus, og vi ser klårt at det vil gjer er å tene Gud. Vi lever under Kristusbiletet, og i større eller mindre grad speglar vi biletet i liva våre. Uansett vil det vi gjer vise mot Kristusbiletet. Dette må vi som Kyrkje vere medvite. Samstundes må også nattverdfellesskapet få større fokus i Kyrkja. At Kyrkja ikkje skal vere ei aktivitetsbasert kyrkje, er ikkje det same som at ein ikkje skal kome saman til messe. Det skal ein gjere så ofte ein kan. Med å fokusere meir på nattverdfellesskap og mindre på aktivitetar som verken er sakramentsfellesskap eller meiningsbærande, får ein styrke til å leve slik at ein teiknar eit tydlegare Kristusbilete med livet sitt, og tid til å teikne dette biletet i samfunnet.

Vi skal ikkje bruke meir «tid på Jesus». Vi brukar all tid i Jesus, og må oppmodast, oppfordrast og opplærast til å bruke tida godt slik at vi viser Jesus. Berre gjennom dette kan dei søkjande seie som Tor Jonson «at gode menn har sagt du vart sedd i denne grend». Å sakralisere kvardagen, er å ta dåpen på alvor.

Tor Jonson utfordrar Kyrkja i dikta sine. Det han etterspør hos Kyrkja, og det han skildrar av lengt og sakn, er noko vi bør svare på. Eg trur at han treff i mykje av kritikken sin, og eg trur vi har noko å lære frå han. Den grunnleggjande feilen vi har gjort, trur eg er at vi ikkje stolar på det vi sjølv trur på. Vi stolar ikkje nok på dåpen til å forkynne at vi skal leve i den, men baserer kyrkja på aktivitetar, vi stoler ikkje nok på teologien vår til å lære den vekk, men snakkar om banalitetar og vi stolar ikkje nok på kulten vår, men freister å gjere den meir tilgjengeleg og tidsriktig ved å flate den ut og sekularisere den. Eg trur vi må våge å sakralisere Kyrkja att. Vi må våge å vere oppriktige i det vi forkynner, annleis i det vi gjer og utøvande og utadretta i trua.

Eg vil avslutte med eit siste dikt av Tor Jonson. Her byrjar han med å konstatere det eg har vist tidlegare; at han ikkje finn Gud i kyrkja, eller tempelet i dette høvet. Derimot finn han spor av Gud i ei jente si song. Altså viser ho Gud i livet sitt. Han har tankar som kan tolkast panteistisk, men som ein også kan lese i lys av til dømes skildringa av skaparverket si lovsong i Salme 96. Ein kan sjølvsagt også tolke det som at han finn Gud i skaparverket, då det viser Guds storleik. Uansett kjem eit viktig poeng i andre verset; Gud talar gjennom våre gjerningar, slik eg har argumentert for at vi i Kyrkja må verte meir medvite. I siste verset kjem oppmodinga til oss som Kyrkje. «I sjelene til gode menn skal du gå fram med veldig lys når heile verda frys.»

Vår draum om Gud
Du teier i din tempelhall,
men talar i ein gjentetrall.
Du går i verda, trældomsstrøypt.
Og riv deg laus att, einsemddøypt.

Ditt ord er fuglesong om vår
og laufallskviskring, seinhaustår.
Du syng i skog og søv i mold
og talar i vår gjernings foll.

Du ber ditt lys. Det brenn og brenn.
I sjelene til gode menn
skal du gå fram med veldig lys
når heile verda frys.


Alle dikta eg har gjeve att i desse artiklane er henta frå Nasjonalbiblioteket si digitaliserte utgåve av Dikt i samling.

[1]Sitert frå Konkordieboken: Den evangelisk-lutherske kirkes bekjennsesesskrifter, Jens Olav Mæland (red), Lunde forlag, 2000, Side 320.145

fredag 15. oktober 2010

Teresa av Ávila seier noko lurt om helgenar

I dag er det minnedag for kyrkjelæraren Teresa av Ávila. Teresa var ei spansk nonne som skreiv fleire verker som har vore svært viktige i Den katolske kyrkja. I 1970 vart ho som fyrste kvinne erklært som kyrkjelærar av Paven.

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Eg skriv ofte om helgenar på denne bloggen, og Teresa forklarar ganske godt ein av dei funksjonane helgenane bør ha i livet til dei kristne i den teksten eg har funne i dag, nemleg å vere føredøme for andre kristne. Dette er noko som ein ikkje vil vere ueinige i i vår lutherske kyrkje heller, så spørsmålet om kvifor vi ikkje snakkar meir om helgenane melder seg fort. Confessio Augustana XXI seier ganske enkelt av ein «kan holde fram minnet om de hellige, for at vi skal etterligne deres tro.», på mange måtar det same som Teresa seier her. Det er godt mogeleg at dette er ei samanlikning den heilage Teresa sjølv ikkje ville ha vore så glad for om ho såg den. I 1561 vart det kalla inn til konsilet i Trident, der ein skulle drøfte reformasjonen og det den hadde ført med seg av krigar og andre uhumskheiter. Klosteret til Teresa fekk ei oppmoding frå kongen av Spania om å gå i forbøn for at alle kristne skulle vere lydige mot Paven og for alle som «på en eller annen måte er kommet på avveie»[1] i samband med dette. Det må også nemnast at lutheranarar i Frankrike hadde gjort seg skuldige i ein masakre på denne tida, så når ho snakkar om at dei har «avstedkommet» elende, har ho eit knakande godt poeng. Uansett er dette det ho hadde å seie om denne oppmodinga om bøn for å stoppe reformasjonen i Frankrike:
I den siste tiden har jeg hørt tale om den elendighet og den ødeleggelse lutheranerne har avstedkommet i Frankrike og om hvordan deres ulykksalige sekt stadig vokser. Det smerter meg meget... Jeg tenkte at jeg skulle ofre tusen liv for å redde en eneste av de mange sjeler som der fortapes. [...] Og alle skulle vi gi oss i hen i bønn for Kirkens forsvarere, for predikantene og de lærde og i den grad vi er i stand til det komme denne min Herre til hjelp[2]
Kjenslene var altså ikkje akkurat varme for sekta til dei fortapte lutheranarane. Teksten frå Teresa eg skal sitere no, er kanskje ikkje akkurat luthersk i framtoning, sjølv om den altså samsvarar med CA XXI i synet på dei heilage. Samstundes ville nok også Luther nikka til mykje av det ho seier om å strekkje seg mot det gode, sjølv om kanskje ikkje alt ville vore like populært. Dette er det ein i luthersk teologi kallar heilaggjering. Dei to hadde delvis overlappande livstid, og dette er eit døme på at dei også hadde delvis overlappande teologi.
Det er til stor hjelp i vår søken
å ha store ambisjoner
for ofte tar våre handlinger til
med tanker og drømmer.
Det er ingen skam å ha høye ønsker.
Det er djevelen som får oss til å tro
at helgenenes liv og virke
ikke skal etterleves, bare beundres.

Hvis vi ikke begrenser våre åndelige mål,
så kan vi tillitsfullt,
litt etter litt, nå de høyder
man en helgen
ved Guds nåde nådde.
Hvis de aldre hadde holdt fast ved sine ønsker
og aldri, litt etter litt, hadde handlet i tråd med sine ønsker,
ville de aldri nådd slike høyder.

Som dem må vi være ydmyke,
men dristige i vår higen
og stole på Gud og ikke på oss selv.
For vår Herre søker og elsker modige sjeler.
La oss ikke svikte vår åndelige bestemmelse.
Fordi vi har vært for engstelige,
for forsiktige i våre ønsker,
fordi vi ikke søkte nok.

Det er sant at jeg godt kan snuble
fordi jeg forsøker å yte for mye for fort,
men det er også sant at jeg aldri vil lykkes
hvis jeg håper på for lite,
eller, i frykt for å falle,
ikke en gang tar et første steg.[3]
[1] Tomás Álvarez, Teresa av Avila. Guds vagabond, St. Olav forlag, Oslo, 2007. Side 66.
[2] Ibid. Side 67
[3] Sjelens indre borg. Tredve dager med Teresa av Avila, St. Olav forlag, Oslo, 2005. Side 143-145

torsdag 14. oktober 2010

Tor Jonsson utfordrar Kyrkja II - Læra

Andakt i einsemda
Kvifor, Gud, har du gått ifrå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.

Kvar kyrkjekor er så tung og trong.
Du er berre der du vart fødd ein gong.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er.

Eg spør i mitt kveldsskrik: Kvi gjekk du bort,
så døden vart blomar og bar i ein port?

Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med.

Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord.

Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.

Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du vart sedd i denne grend
Tankane rundt denne tematikken byrjar i artikkelen «Tor Jonsson utfordrar Kyrkja I - Gudstenestene».
Du er berre der du vart fødd ein gong.
Forteljinga om Jesu fødsel er stort sett den einaste jesusforteljinga som verkeleg fenger i dag. Den forteljinga kan folk, og den forteljinga drar folk til gudstenester. Går folk på ei gudsteneste i året, er det på julafta dei kjem. Den eine dagen i året når kyrkja enormt mange folk. Då kan ein setje eit stort spørjeteikn ved kvifor forteljinga om det som skjedde i jula har blitt redusert til ein pastellfarga forteljing om glitterdryssande englar, ein nyvaska baby og ein Maria med så lite smerter at epidural verkar som den reinaste tortur. Juleevangeliet har blitt redusert til noko søtt og koseleg som ikkje kan støyte nokon, og her kan ein ikkje skulde på handelsstanden eller kome med noko «dei-raudgrøne-avkristnar-Norge»-vas. Dette er Kyrkja si skuld, fordi vi har brukt våre tilmålte preikeminutt ikkje til å forkynne evangeliet, men til å kosesnakke om eslar og «lamonger».

I eit pluralistisk samfunn der folk ikkje kjenner innhaldet i den kristne trua, har kyrkja her ein kjempemogelegheit til å forkynne det grunnleggjande i kristen tru, nemleg inkarnasjonen. Det som skjedde i jula var at Gud vart menneske slik at han seinare kunne døy og stå opp att.  Preikene på julaftan må vere grundige teologiske leksjonar som viser kva jula faktisk seier, dei skal ikkje vere koseprat om ein småleande Josef eller gjetarar som gjekk frå arbeidet sitt. Desse figurane i forteljinga er statistar, kulissar, men av ein eller annan grunn er det dei vi heng oss opp i i staden for den sentrale teologien som ligg i julemysteriet; inkarnasjonen. Det vi gjer i jula kan ein kalle for sekularisering av evangeliet. Vi snakkar om alt anna enn det sentrale og det folk treng å lære, nemleg at Gud tok bolig i blant oss. Prestane våre kan dette også, for dei snakkar ofte strålande om dette temaet for tomme kyrkjer på fyrste juledag. I vår frykt for ei sakral og teologisk metta kyrkje, gøymer vi innholdet den dagen folk høyrer på oss, og vel heller å spele på kjenslene til alle som vil høyre om koslege, lubne babyar.

Kanskje skal vi ta utgangspunkt i denne lille babyen, for som Jonsson seier, er det berre der mange ser Gud. Den einaste gongen mange vil snakke om noko som kan tolkast religiøst er i samband med den lille babyen i stallen. Det er greit nok, og det er ei kjempegåve til kyrkja. Men då må vi bruke dette til å snakke om det sentrale, ta utgangspunkt i babyen for å gje folk opplæring i teologi og den kristne trua. Ikkje tulle oss bort i fabuleringar om kor glade dei vise mennene måtte vere for endeleg å vere framme.

Juleforkynninga skal ikkje først og fremst tale om det nusselege eller spele på dei sentimentale kjenslene i folkesjela. Den skal drøfte inkarnasjonsmysteriet. Utan dette er ikkje forteljinga om fødselen i Betlehem noko meir enn ein forteljing om ein gut som vart fødd i relativt stusslege høve for to tusen år sidan. Ein forteljing som kan vere gripande nok, men som det går 15 på dusinet av. Er det ikkje meir, kan vi like godt la vere å tale. Derfor må vi snakke om det at Gud kom til jorda som menneske. Frelseshistoria er avhengig av inkarnasjonen, men det verkar som vi gløymer dette når lukta av grantre når nasebora våre.
Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med.

Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord.

Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.
I julepreikene våre skal vi ikkje gje folk det dei vil ha. Vi skal gje dei inkarnasjonsmysteriet. Vi skal gje dei kjernebodskapen i evangeliet, sjølv om dei kjem for syngande englar og smilande oksar. På same måten skal vi  ikkje forme forkynninga vår etter kva folk ynskjer, kva «folkesjela» til ein kvar tid måtte «føle» at Gud er. Lenge før den ekstreme livssynsfragmenteringa som har kome med inntoget av Vannmannens tidsalder - eller New Age - var eit faktum, skildra Jonsson situasjonen ganske presist i desse linjene. Jonsson skildrar panteisme, gudebilete, astrologi og diverse andre tankar. Dette er ikkje tankar vi som Kyrkje kan svare stadfestande på. Det er tankar som ligg utanfor vår teologiske sfære, og som vi derfor må avvise. Dette må vi ha mot til å gjere. Det er elementært at vi frir oss frå «stryke-med-håra»-mentaliteten som pregar kyrkja vår i større og større grad. Vi tener ingenting på å vere lause og utan prinsipp i møte med nye andelege straumningar.  Det tyder på ein kyrkjeleg mangel på sjølvtillit som det ikkje er grunn til at vi skal ha.

Eg trur at denne mangelen på sjølvtillit kjem av mangel på kunnskap om eigen tru og tradisjon. I møte med mykje av den nye andelegdomen kan vi møte den med relevante svar frå kristen tradisjon. I møte med dei som vil ha gudebilete kan vi vise dei våre krusifiks. I møte med dei som vil meditere kan vi vise dei vaskeekte kristen meditasjon. I møte med dei som leiter etter det guddommelege i menneske kan vi vise dei den ortodokse kyrkja si lære om kva det vil seie at mennesket er skapt i Guds bilete. Ja, vi kan til og med vise ting som ikkje er rotfesta i gamle kristne tradisjonar, men som er heilt nye, men framleis ortodokse kristne praksisar. Vi kan peike på nokre ting som kristne praksisar og seie at skal du vere kristen er det visse rammer, men innanfor desse rammene er det stor variasjon. Vi kan ikkje omfamne den pluralistiske tidsanda og tru at den før eller seinare vil føre folk inn i Kyrkja. Det vil den ikkje. Det er vår oppgåve. Skal den andelege openheita ein ser i samfunnet i dag føre folk inn i Kyrkja, må vi møte dei med sakrale praksisar og forkynning og lære som svarar til deira behov. Vi kan ikkje møte dei med sekulariserte kultiske rom og sjølvsentrerte vitnemål om ein god Gud dei andre ikkje kjenner sjølv.
Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du vart sedd i denne grend
Vi må leve liva våre slik at vi kan vere speglar for Kristi kjærleik til folk rundt oss. Vi må lære teologien vår til andre slik at det er Kristus dei høyrer om av oss. Vi må gjere dei kultiske samlingane våre til samlingar der folk møter Gud, ikkje menneska som står bak samlinga.

Utfordringa for oss som Kyrkje er ikkje mindre enn at vi skal leve liva våre slik at folk ser Kristus gjennom oss. Gjennom det vi gjer, skal folk sjå Kristus i kvar grend. Dette må liva våre spegle og det må det vi forkynner og lærer spegle. Det vi lærer skal spegle den inkarnerte, krossfeste og oppstandne Kristus, og dette skal vi forkynne slik at folk kjenner det att når vi lever slik at folk møter Kristus gjennom oss. For å gjere dette, må vi sakralisere kvardagen, (Noko eg vil skrive om i Tor Jonsson utfordrar Kyrkja III - Livet) vi må spisse forkynninga og vi må vere klare i læra vår.


Fattig ynskje
Var eg ein Gud
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Når eg seier at vi må spisse forkynninga vår, er det to ting eg meiner. Det eine er at vi må fokusere på mysteriet i den inkarnerte, krossfeste og oppstandne Kristus i staden for koslege småhistoriar som er underhaldande og fine, men ikkje lærer oss noko om Gud. Det andre er det Jonsson ville ha skapt om han var ein gud. Han ville ha skapt to ting: Kjærleik og død. Desse to tinga er det vi skal preike om. Kjærleik og død. Preiker som ikkje handlar om kjærleik og død bør ikkje haldast, då dei til sjuande og sist ikkje er kristne preiker. For heile vår tru kan summerast opp i desse to orda: Kjærleik og død. Kjærleik til Gud og nesten. Kjærleik frå Gud til det skapte. Kjærleiken mellom dei tre personane i treeininga. Kjærleiken som gjorde at Gud lot seg drepe. Døden som vart knust av kjærleiken. Kjærleiken som vann over døden. Kjærleiken i Kyrkja mellom dei truande. Døden som fører oss inn i den evige kjærleiken. Kan ein ikkje sette desse to orda som overskrift for ei preike, bør den ikkje haldast.

Problemet er at slike preiker vert halde. Eg høyrer frå tid til anna, og stadig oftare, preiker som ikkje kan oppsummerast av desse orda. Preiker som handlar om korleis organisere livet sitt, korleis få betre tid, korleis få suksess. Kort sagt sjølvutvikling. Kristendomen er ikkje ein sjølvutviklingsreligion. Den er ein sjølvutslettingsreligion. Vi skal auke for at Kristus skal vekse. Kyrkja må stå opp mot denne forvridde formen for «forkynning» som breier om seg. Det er ikkje kristendom. Det er ikkje oppbyggeleg, og det er ikkje noko som har ein plass i kyrkja. I kyrkja skal vi snakke om «kjærleik og død, berre kjærleik og død».

Eg meiner vi i større grad bør skilje dei kultiske handlingane våre frå den forkynninga som er i form av preiker. Samstundes kan preikene ha ein funksjon, men då er det heilt naudsynt at dei handlar om kjærleik og død. Preiker som ikkje handlar om dette og som kjem som ein del av kyrkjelyden sin hovudsamling i veka, er sabotasje mot Kyrkja. Det er sekularisering av den sakrale arenaen denne samlinga skal vere, og er ikkje noko vi kan finne oss i. Eg trur slike preiker er med på å gje Tor Jonsson rett når han seier følgjande:
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.
Fleire tankar rundt Jonsson sine dikt og Kyrkja i Tor Jonson utfordrar Kyrkja III - Livet.

onsdag 13. oktober 2010

Tor Jonsson utfordrar Kyrkja I - Gudstenestene

Andakt i einsemda
Kvifor, Gud, har du gått ifrå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.

Kvar kyrkjekor er så tung og trong.
Du er berre der du vart fødd ein gong.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er.

Eg spør i mitt kveldsskrik: Kvi gjekk du bort,
så døden vart blomar og bar i ein port?

Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med.

Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord.

Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.

Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du vart sedd i denne grend
Det følgjande er tankar eg har gjort meg med utgangspunkt i Andrej Nebb sine musikalske tolkningar av Tor Jonsson sine dikt, slik ein finn dei på plata Kvite fulgar frå 2000. Når eg har høyrt på denne plata har det ofte slått meg at det Jonsson seier i dikta sine er ei kjempeutfordring for Kyrkja, og då kanskje særleg for vår kyrkje her i Norge. Eigentleg tenkjer eg at den beste måten å leggje fram desse tankane hadde vore i form av eit foredrag, der ein også kunne ha lytta til dei svært gripande tolkningane av dikta som Nebb står for, men all den tid foredrag ikkje er det eg driv mest med, og eg har lyst til å formulere desse tankane, vel eg å gjere det her for mine svært få eksklusive lesarar på bloggen min.

Eg meiner at dei tankane Tor Jonsson pressenterer er svært viktige for prestar og andre som har stillingar i ei kyrkje, offisielle eller uoffisielle, der dei står som forkynnarar i ord eller handlingar, eller der dei på nokon som helst måte personifiserer kristentru i samfunnet rundt seg. Jonsson er dermed relevant for alle kristne i dagens samfunn.

Tor Jonsson er kanskje ikkje den første ein skulle tenkje at kjem med dei mest konstruktive tankane for Den norske kyrkja, og kva utfordringar ho står framfor. For det første tok han sjølvmord for snart seksti år sidan, og levde derfor i ei tid som var ganske annleis enn den tida vi lever i no. For det andre er ikkje dikta hans prega av verken ei sterk tru eller av ortodoks lære. Tvert om er dei prega av tvil og truskriser, leiting og lengt etter både tru, kjærleik og eit betre liv. Og akkurat derfor er det eg meiner vi bør høyre på det Tor Jonsson seier til oss. Vi bør høyre på han og ta til oss det han seier fordi han skildrar dei som ikkje klarar å finne det vi i kyrkja har funne eller dett utanfor fordi vi i kyrkja ikkje klarar å ta vare på dei på den måten desse personane treng.

Eg kjem i det eg skriv no til å skyte meg sjølv i leggen gong på gong, og einkvar som kjenner meg og min praksis som prest vil kunne seie «Dette gjer heller ikkje du slik du seier vi bør, Steinar.», og dei vil nok oftast ha heilt rett. Det at eg og mange med meg gjer det vi gjer, er ikkje det same som at det vi gjer er riktig. Det kan hende vi faktisk burde endre på nokon av dei tinga vi gjer. Dette gjeld meg og det gjeld andre i kyrkja. Skal vi kome i ein situasjon der vi faktisk kan endre på ting, er vi nødt til å kome med alternativ, og vi er nødt til å seie at ein sjølv faktisk kan gjere ting på ein betre måte. Derfor er eg ikkje bekymra for at det kan slå attende på meg sjølv, det eg skriv. Det utløyser sjølvrefleksjon som igjen kan utløyse forbetring.

Det fyrste diktet eg vil sjå på er diktet «Andakt i einsemda». Diktet er eit desperat rop til ein gud diktaren ikkje ser eller kjenner, men som han kanskje har kjent ein gong, og kan lett få tankane inn mot klagesalmar i Bibelen som Salme 10, berre at det i dette diktet ikkje kjem nokon lovprisning og glede, slik det er i klagesalmane i Bibelen. Her er det berre desperasjon frå ein som søker, men ikkje finn. Det er ei sterk smerte i diktet, ei smerte som det verkar er retta mot, og kanskje kjem på grunn av, kyrkja og korleis ho oppfører seg. Diktet står som eit heile som ei oppmoding om hjelp som kyrkja bør svare på, men også i enkeltdelane i diktet finn vi viktige moment som bør snakkast om.

Kvifor, Gud, har du gått ifrå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.
Slik byrjar Jonsson diktet. Det er klårt at det er ei sorg her. Anten ei sorg for eit høve til Gud som er vekke, eller eit høve som aldri har vore der. Og ei sorg for at ein ikkje finn Gud i kyrkja. Kvifor Tor Jonsson kjenner det slik, er forsåvidt ikkje så viktig. Kanskje stod prestane i vegen for han? Kanskje var det noko anna. Det som er viktig er kva vi gjer med dette.

«Der Gud er i ordom, er einsemda nær», seier Jonsson. Eg trur han har heilt rett i dette, for Gud skal ikkje fyrst og fremst finnast i orda våre, men i handlingane våre. I Den norske kyrkje set vi den verbale forkynninga svært høgt. Alt for høgt, vil eg seie. Vi har ein nesten magisk tru på at om ein berre forkynner Ordet, vil Gud gjere resten. Sanninga er ofte nærare at dei orda som vert forkynte av prestar og andre er dårleg førebudde, dårleg framførte og ofte med dårleg innhald. I tillegg gjer ein seg avhengig av at folk anten har eit nokonlunde greit høve til forkynnaren, eller klarar å sjå forbi den som forkynner og berre på bodskapen. Det er det naivt å tru at folk klarar å gjere. Vellukka forkynning med ord er avhengig av flinke forkynnarar og at forkynnaren har eit nokonlunde greit høve til tilhøyrarane. Heldigvis har ein mange flinke og omgjengelege forkynnarar i Kyrkja, men ingen når alle. Sjølv den best likte vil ha folk som ikkje kan fordra vedkomande, og for desse personane stengjer forkynnaren og orda for vegen inn i Kyrkja. Då vert det slik Jonsson seier: Gud er ikkje der hans prestar er. Vi vert ståande i vegen med våre ord, og spreier einsemd med orda som skal spreie Evangeliet.

Kva skal vi gjere med dette? Eg trur det vi først og fremst må gjere, er å nedtone preika si plass i gudstenesta og andre samlingar. Evangeliet skal ikkje snakkast, det skal gjerast. Vi må forkynne evangeliet først og fremst i det vi gjer. På same måte må gudstenestene verte meir utøvande for kyrkjelyden. Vi må få ta i bruk sansane våre. Vi må lukte, smake og høyre evangeliet. Vi må få vandre rundt i kyrkja og ta på ting. Vi må få oppleve gudstenestene utan at opplevingane skal verte «låste» av ein meir eller mindre vellukka monolog som i tid tek opp minst ein tredjedel av den veka sin tidsbruk i kyrkja. Preika talar kanskje til nokon, men for andre er ikkje preikene noko som hjelper trua. Tvert om. Dette må vi som kyrkje ta inn over oss.

Diktet seier at «I kyrkja kan ingen nå deg». Dette er sjølvsagt ikkje noko ein med ein gong vil vere einig i, men samstundes trur eg vi i dag er i ferd med å gjere kyrkja til ein stad det ikkje er så lett å nå Gud. Kyrkja vår er i dag utsett for ein sterk sekularisering, og då snakkar eg ikkje om noko slikt «dei-raudgrøne-avkristnar-Norge»-vas. Presteskap, kyrkjelydar og musikarar gjer rundt omkring i landet vårt sitt beste for at kyrkjer og forsamlingslokaler skal minne minst mogeleg om det sakrale og mest mogeleg om ein tilfeldig kommunal kantine eller seminarrom. Musikken skal ikkje skilje seg ut, men gli inn som dårlege kloner av den plattaste av dagens popmusikk. Det å kome inn i eit kyrkjerom skal vere så lite friksjonsfult som mogeleg. Det kan synast som om idealet er at ein nesten ikkje skal merke at ein har gått inn i eit spesielt rom, og dermed ikkje skal ha motforestillingar mot bodskapen ein vert presentert.

Ein føresetnad for at dette skal «virke» er at ein har (denne mangelen på) estetisk sans som samsvarar med dette. Ein skal ikkje stikke under nokon stol at også tradisjonell kyrkjearkitektur, innreiing, musikk og så bortetter har sin særeigne estetikk som det ikkje er sagt at ein vil like, men den skiljer seg ut som noko anna i dagens samfunn. Den har ikkje alltid gjort det, for den har nok vore like kontemporær som dagens estetikk er på eit eller anna tidspunkt, men i dagens samfunn og kultur skiljer den seg ut. Eg trur at det at den skiljer seg ut, trass alt, er positivt. Det gjer at ein merker at det er noko anna som er fokuset i desse romma og samanhengane enn det som er fokuset andre stadar. Eg seier ikkje at vi skal konservere verken innreiing eller musikk frå noko historisk stadium som noko betre enn andre stadium, men eg trur vi skal vere forsiktige med å forflate og vulgarisere. Lat kyrkja og gudstenesta skilje seg ut. Lat den vere noko å jobbe med. Då trur eg det er lettare å finne Gud. Den sekulariseringa av kyrkjerom og seremoniar som skjer i dag gjer ikkje noko anna enn å setje presten, pastoren eller lovsongsleiaren i sentrum. Og då er vi attende til problemet med prestar som står i vegen for evangeliet. Med å appellere for sterkt til det som er «kult» eller «in» eller lett fordøyeleg når ein kanskje nokon, men ein støter samstundes andre frå seg. Trua på at om ein sekulariserer det sakrale vil folk sjå Gud lettare trur eg er den største løgna i dagens kyrkje, og noko som, om det slår nok om seg, kan gjere at Jonsson får rett når han seier at i kyrkja kan ingen nå Gud.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er.
Vår kyrkje er fokusert på den «personlege opplevinga av Gud». Dette gjeld sjølvsagt det eg har skissert opp som noko eg ynskjer meg; den meir sanselege gudstenesta med mindre fokus på preiker, men det gjeld i særleg grad den sekulariserte gudstenesta, med sitt fokus på å «nå folk der dei er», gje folk «ei oppleving», «tale deira språk» og så bortetter. Når ein så i tillegg sper på med songar som helst skal vere i det ein - med ein språkbruk som ekskluderar store delar av kyrkjehistoria sin tradisjon - kallar for lovsangsstil, der tekstane skal vere positive, tilbedande, jublande og som uttrykk for personleg glede og tru, har ein fått eit kultisk liv som er sentrert på den enkelte tilbedar sin eigen nasetipp og kjensleliv. Kjenner ein ikkje då eit nærver av Gud, eller kjenner ein på tvil, fell ein gjennom. Ein får ikkje uttrykk for sine kjensler og sitt trusliv i det forflata, sekulære gudstenestetilbodet ein gje, då gudstenestene vert ein del av sjølvrealiseringa til middelklassen. Dei vert personfokuserte, overveldande positive og med mangel på opning for tvil, smerte og det å ikkje lukkast. Preikene i gudstenestene kan lett forsterke dette, men den største faren ligg i frie vitnesbyrd og liknande. Vitnesbyrda vert ofte manifestasjonar av den sjølvsentrerte, grunne, sekulære kristendomen som handlar om eige liv, egne kjensler, eiga helse og eigen økonomi. Vitnesbyrda handlar om korleis Gud svarar mine bøner, hjelper meg å forstå Bibeltekstar, gjev meg glede og likande. Kjenner ein ikkje på tilsvarande kjensler er ikkje slike vitnesbyrd oppmuntrande, men direkte nedbrytande. Vitnesbyrd av denne typen er kanskje styrkande for trua til dei som allereie er truande, men for dei som søker er dei heller ekskluderande og nedbrytande. Eg har ein tanke om at slike vitnesbyrd er viktigare for sjølvbiletet til dei som er «innanfor» i kyrkjelyden enn dei er trusstyrkande for både dei som er innanfor og utanfor. Vitnesbyrdet sin funksjon vert å styrke kyrkjelyden i eit syn på seg sjølv som «utvalde» eller «spesielle», medan det vert presentert som noko som skal vere trusstyrkande. Problemet er berre at for ein som lengtar etter ei tru, er det å høyre at andre har denne trua og desse opplevingane som å strø salt i opne sår.   

Gudstenestene våre gjev nok Jonsson mykje rett. Dei er ikkje staden for søkjarar. Dei er heller ikkje automatisk staden for tilbedarar. Dette har ein sett og freista å gjere noko med det. Problemet er at det ein at for ofte har gjort er å sekularisere gudstenestene. Ein har diagnostisert problemet rett, men gått i feil retning for å rydde opp.

Fleire tankar kjem i Tor Jonsson utfordrar Kyrkja II - Læra.

fredag 8. oktober 2010

Prest og iguan - Den perfekte kombinasjon

Nettavisen har endå ein gong vore snill og lenka til ein flott serie bilete. Denne gongen vil eg legge ut dette biletet av ein prest som velsignar ein iguan. Mitt tips er at dette nok har samanheng med minnedagen for Frans av Assisi som var denne veka. Då har jo som kjent katolikkane den kjekke praksisen at dei tar med seg dyra sine til kyrkja og får dei velsigna.
Nydeleg iguan. Skulle ynskje eg var presten. Eller kanskje helst eigaren....

tirsdag 5. oktober 2010

Korleis jage 20 rasistar frå ei kyrkje

Expressen har vore hyggelege nok til å publisere heile preika Eva Brunne hadde i dag. Ei preike som klarte å jage Sverigedemokraterna på flukt. Og det er jo klart at det må vere hardt for dei å få presentert ein menneskesyn som i denne preika... Preika er ikkje banebrytande på nokon som helst måte, men Sverigedemokraterna har i alle fall klart både å vise kva menneskesyn dei står for og å demonstrere at dei er like flinke til å ta på seg martyrrolla som det populistiske rasistar brukar å vere.

 
Biskop Eva Brunnes predikan vid Riksmötets öppnande den 5 oktober 2010
(Texter: Salomos Vishet 7:15-22, 1 Thessalonikibrevet 5:16-24, Lukas 19:37-40)
  
Grattis till uppdraget.
Grattis till er som är valda medförtroende. Nästan 85 procent eller lite mer än 6 miljoner människor tror att just ni har bäst förutsättningar att forma ett gott nu och en god framtid för oss alla. Det är stort att bäras av ett sådant förtroende. Och uppdraget har ni tillsammans. Inte var och en. Väl valda så ingår ni i ett sammanhang där era gemensamma ansträngningar väger tyngre än vars och ens egen vilja. För det är väl just sådemokrati fungerar? Då handlar det om att lyfta blicken från det egna till det gemensamma. Blicka utöver Bastuträsk, Tomelilla, Göteborg, Grästorp, Husum och Visby. Politik som i en översättning betyder det gemensamma livet i staden. Så handlar det om att lyfta blicken ytterligare en bit, för vi lever inte i vårt eget enbart. Vårt uppdrag och vårt ansvar är större än de gränser som nationen sätter. Det finns en värld som behöver oss – vår solidaritet, våra pengar och inte minst våra ögon och våra röster.

Det är
mycket som krävs av er, men tappa inte modet. Vi står bakom er, vi som har gett er mandat att föra vår talan. För det är väl så demokrati fungerar?

Vi har lyssnat på bibeltexter. Nu var det inte den svenska riksdagen som Paulus skrev till utan en grupp människor i stadenThessaloniki. Till dem sa han: Vi vädjar till er att sätta värde på dem som har det tyngsta arbetet bland er, de som står i spetsen. Visa dem den största kärlek och uppskattning. Och så fortsätter han med rådet: Släck inte anden, pröva allt, ta vara på det som är bra. Det är ord också till oss alla som har röstat och till er alla som valts medförtroende.

Salomo i sin vishet skrev inte heller till den svenska riksdagen, men ändå kan det bli ord till er: Gud är vägvisaren tillvisheten. Gud leder de visa rätt. Av honom beror både vi själva och våra ord, all tankeförmåga och all yrkesskicklighet. Visheten – hon som med sin konst har format allt. Ord av nåd mer än av krav. Allt hänger inte på mig själv eller på mitt parti.

När Jesus
närmade sig Jerusalem och lärjungarna ljudligt lät sin glädje höras, bad en grupp fariséer att Jesus skulle huta åt sina lärjungar. Se till att de höll tyst. Man undrar varför de inte kunde tala med lärjungarna direkt. De var ju ändå vuxna människor. Och svaret de får är: Om de tiger kommer stenarna att ropa.

Vad var det
som de hade varit med om på vägen. Jo, bland annat atten blind man botades och kunde leva sitt liv helt och fullt. Och så mötet med den föraktade tullindrivaren Sackaios. Han som klättrade upp i trädet för att kunna se, men kanske också för att gömma sig. Till den blinde mannen sa Jesus: Vad vill du att jag ska göra för dig? Till Sackaios sa han: Kom ner från trädet, jag vill gästa ditt hem. Möten i ögonhöjd, med ögonkontakt, i samtal, som betydde livslång förändringför både den blinde och Sackaios. Det var detta lärjungarna hade varit med om. Den stora förändringen för två människor. Det var därför de inte kunde hålla tyst med sin glädje. Och om de ändå hade tystats, hade stenarna ropat om det viktiga i den stora förändringen. Förändringensom bokstavligen blev livsavgörande.

Det är de livsavgörande f
örändringarna för människor som är en stor del av ert uppdrag. Och i det aldrig komma så långt ifrån oss som ger er mandat att ni upphör att möta i ögonhöjd, att ni aldrig upphör att ropa ner någon från trädet och säga: Jag vill tala med dig. Höra någons rop och säga: Vad vill du att jag ska göra för dig?
Vi som tror på människors värdighet och lika värde, oavsett vilket land vi är födda i, oavsett vilket kön eller vilken ålder vi har, oavsett hur vår sexuella orientering tar sig uttryck, vi tror och hoppas att ni harden fortsatta förmågan att säga: Jag vill tala med dig, och den fortsatta längtan att ställa frågan: Vad vill du att jag ska göra fördig? Och känna den stora glädjen i de förändringar som detta kan göra.
I går kväll samlades många tusen människor i Stockholm och i olika delar av landet för att ge sin mening till känna. Ropa ut sin avsky motdet som gör skillnad på människor. Den rasism som säger att du är inte lika mycket värd som jag. Du ska inte ha samma rättigheter som jag. Du är inte värd ett liv i frihet. Och detta av en enda grund – att vi råkar vara födda i olika delar av vår värld. Det är inte värdigt en demokrati som vår att göra skillnad på människor. Det är inte möjligt för troende människor att göra skillnad på människor. Det är inte värdigt människor att göra skillnad på människor. Här räcker det inte att vi ger några hundra människor mandat att föra vår talan. Här har viett gemensamt uppdrag. Och om någon tystnar eller tystas i kampen förmänniskovärde, måste vi se till att också stenarna ropar. Vi gör det med Guds hjälp.
Vi har mycket att göra. List, mod, värme krävs. Känn glädjen iuppdraget. Känn tyngden i uppdraget. Känn mandatet från oss. Prövaallt, ta vara på det som är bra. Gör inte skillnad på människor. Kännnåden att vila hos den Gud som har skapat oss.


Hurra for Eva Brunne!

Nobody expects the Spanish Inquisition!

Første episode av første sesong av Monty Python's Flying Circus gjekk på lufta 5. oktober 1969, altså for 41 år sidan i dag. Dette feirar eg med ein Python-sketsj som deler tematikk med denne bloggen.