torsdag 25. november 2010

Det måtte komme... Ein post om presten i Oslo

Til slutt måtte vel også eg seie nokre ord om ordskiftet på austkanten i Oslo. Eg vil rett nok ikkje seie så mykje om det som har skjedd. Dei fakta som har kome fram i media talar vel for seg... Kvarme har tatt «ein Høybråten» og tatt støyten for ein sak alle vil sjå var rett når ting har roa seg.

Det som uroar meg er ikkje «mørkemenn», det er ikkje frykt for å verte knebla sidan eg er prest og det er ikkje at folk skal melde seg ut i hopetal. Det som uroar meg er utsegna som har kome frå enkelte politikarar i denne saka. I den umiddelbare blodtåka som la seg over twitterkommentatorstanden då tiend kom om saka, kom dei hårreisande kommentarane frå Arild Stokkan-Grande; «Kirkens budskap skal være kjærlighet, men mullah Kvarme vil heller kneble...» og Guri Størvold, ei av dei som er nær Liv Signe Navarsete; «Poenget er at vi kan ikke ha en statsstøttet folkekirke hvor det ikke er rom for fargerike og frittalende prester som Gelius.» Stokkan-Grande sin kommentar er så hårreisande dum, fordomsfull og intollerant at den eigentleg burde blitt tia i hel, hadde det ikkje vore for at han no i dag, då han burde ha fått tid til å tenkje seg om, finn ut at politikarane no må diskutere kyrkja. Ein står altså med to sentralt plasserte politikarar som vil gå inn og styre eit trussamfunn politisk, avdi dei ikkje er einige med det som skjer i trussamfunnet.

Eg vil peike på kva Human-Etisk Forbund, ein organisasjon eg ikkje alltid er einig med, men som er gode på prinsipiell tenking om religionsfridom seier om politisk styring av kyrkja:
Statskirkeordningen gir på den ene side kirken privilegier i forhold til andre, mens på den andre siden får kirken begrenset religionsfrihet gjennom at den styres politisk. Det er ikke legitimt å bruke statsmakt til å fremme et bestemt kirkesyn på denne måten,

Dette er eg totalt einig i. Det Stokkan-Grande og Størvold tar til ordet for, er å bryte Den norske kyrkje sin fridom til å praktisere si tru utan innblanding frå politikarar. Det er eit brot på elementære rettar. At ein representant for Senterpartiet vil gjere dette samstundes som ho peikar på det at ein har ei statsstøtta folkekyrkje er ekstra graverande, all den tid ho representerer eit parti som kjemper med nebb og klør for at kyrkja ikkje skal få sleppe fri frå vårt babylonske fangenskap.

Eg trur også at Stokkan-Grande tar grunnleggjande feil når han hevdar at kyrkja er svekka av denne saka. Eg trur dei aller fleste ser at dette er ein personalsak som er blåst ut av alle proposjonar av media og at kyrkja har ein god sak. Derimot trur eg politikarar som har vist at dei ikkje respekterar grunnleggjande rettar som religionsfridomen kjem svekka ut av dette.

lørdag 20. november 2010

Ein helt og litt om hald av herptil

Boa constrictor. Slangearten som vart redda av ein politimann.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag låg det eit medlemsbrev frå Norsk Herpetologisk Forening i postkassa mi. Organisasjonen har lenge arbeidd med ei såkalla «positivliste», det vil seie ei liste over kva reptil og amfibium dei foreslår det skal vere lov å ha om ein gjev slepp på det forbodet mot hald av slike dyr som ein har her i Norge. NHF fekk dette i oppgåve frå Mattilsynet i 2008, og denne lista har vidare blitt vurdert av ein vitskapleg komité. NHF melder i sitt brev at komiteen har levert ein rapport som er relativt positiv, og som gjev grunn til «forsiktig optimisme» med tanke på om forbodet vert oppheva.

Det kan altså gå mot slutten for dette meiningslause forbodet som kom i 1977!

Boaen Bodil i Målselv.
Foto knabbet fra NRK.
Medan vi ventar på at fornuften skal sigre, kan vi markere ein helt i politiet. Ragnar Schjølset og politikontoret i Målselv beslagla ein flott boa constrictor for nokre veker sidan. Han ville ikkje avlive den flotte slangen, og har etter ein del arbeid klart å få omplassert den til Arendal Sommerfuglpark. Det betyr at den får leve vidare og folk får mogelegheit til å sjå slangen vekse seg enorm. NRK Troms og Finmark har laga ei fin sak om dette, der det også er ein video der ein kan sjå slangen krype rundt på Målselv lensmannskontor.

Når det er sagt, kan det sjølvsagt diskuterast kor lurt det er å satse på eit husdyr som kan verte fire meter langt...

torsdag 18. november 2010

St. Isidors minne er eitt år!

Det har gått eitt år sidan eg skreiv det første innlegget på St. Isidors minne. Som seg hør og bør, var det ein kort presentasjon av planen for bloggen, og sjølvsagt nokre ord om St. Isidor. Eitt år seinare kan eg sjå at då eg omtale bloggen som «ein blogg som mest sansynleg kjem til å omhandle tema som kyrkje, wikipedia og samfunn», var eg ikkje så veldig langt frå sanninga. Eg har nok skreve mindre om Wikipedia enn eg hadde trudd, men noko har det då vorte.

Interessen for den mest leste artikkelen min kom som ei stor overrasking for meg. Det var artikkelen «Den gløymde tragedien i Europa» som omhandla romfolket i Europa. Via Twingly vart denne lenka til ei sak i VG, og dermed rann det inn med folk. Om eg hugsar rett hadde bloggen den dagen like mange lesarar som den hadde dei fire månadane tidelegare tilsaman. Kommentarane rann inn og rasismen florerte. Noko ligg ute for å demonstrere nivået, men mesteparten sletta eg.

Den rasistiske bermen var innom endå ein gong då eg la ut heile preika Eva Brunne hadde ved opninga av Riksdagen i Sverige. Eg kalte innlegget «Korleis jage 20 rasistar frå ei kyrkje», og det skulle vise seg at det også var ei god oppskrift på å trekke hundrevis av rasistar til bloggen min. Nokre av treffa har kome til meg frå den lukka Fedrelandsbloggen. Kanskje det kan seie noko om kven som vel å forsvare Sverigedemokratarna....

Eit anna innlegg som fekk mykje lesarar via Twingly i VG var «"Sannheten om soldatene i Afghanistan" - Toppen av soldatvrøvlet.». Dette innlegget handa strengt tatt meir om noko ein soldat sa til «Far og barn» enn det som stod i VG, og skapte ikkje nokon «lesarstorm» i kommentarfeltet mitt. Eg mistenkjer at rasistar i Norge medvite skriv massevis av vrøvlete innlegg på bloggar og nettaviser for å fremstå som fleire enn dei er, og at det mellom anna er derfor dei innlegga rasistane bryr seg om får langt fleire kommentarar.

Dei to neste innlegga på topplista mi er «KRF på ville vegar» som folk har funne via Twingly og vl.no, og ,svært overraskande, «Hurra for Bjørgvin bispedømme!» der eg gratulerer Anna Bæckström Hovda med jobb i Johanneskirken. Det mest overraskande med dette er at treffa på denne bloggposten kjem så jamnt. Den vert lese nesten kvar dag, gjerne av folk som søkjer på hennar namn. Ho er tydlegvis ei populær dame!

Eit anna innlegg som er høgt oppe blant dei mest leste er «Ateismens ignorante - Opplevingar på Kvarteret». Dette har skjedd i løpet av ganske kort tid, og det har ikkje vore lenka frå nokon nettavis, så dei som har lese dette har stort sett kome frå Twitter eller vore faste lesarar. Kjekt at folk kjem innom via slike kanalar også.

Kommentarfeltet har vore lite brukt. Eg veit ikkje heilt kvifor folk heller vel å kommentere bloggpostane mine på Twitter eller Facebook, men det er mogeleg det er ein lågare terskel der? Det er uansett lov å kommentere her også.

Konklusjonen er at St. Isidors minne sitt første år har gått bra. Eigentleg betre enn venta, om eg skal tenkje på lesartal. Det er stor sjangs for at det vert fleire år med blogging.

søndag 14. november 2010

Takk for alt, FK Fotball


FK Fotball sitt profilbilete på Facebook.
FK Fotball har hatt sin siste sending. Det er trist. Kvar skal ein no få oppdateringar på trivia frå heile verda?

Eg har likt godt å høyre på FK Fotball. Ein av grunnane er den gode dekninga dei har gjeve norsk fotball ute i distrikta. Dei har fulgt 3. divisjon i Troms ekstra tett sjølvsagt, på grunn av at denne har hatt namnet FK Fotball-ligaen. Også anna norsk fotball, gjerne fotball i låge divisjonar har fått mykje tid, og vi har fått lære mykje trivia om norske småklubbar.

Også internasjonal fotball har vorte dekka med den same inkluderande haldninga. Det har ikkje vore noko i vegen for å snakke lenge og inngåande om obskure afrikanske lag eller fotballspelarar som held til på stader der ein ikkje skulle tru at nokon kunne verken bu eller spele fotball. Strålande!

Ein av dei flotte tinga med FK Fotball, er at det er eit program som har snakka om dei ulike delane av landet vårt med akkurat same respekt. Programmet har vore fritt for maset om sentrale strøk som andre program ofte er skjemma av. Sjølvsagt kan ein seie at dei har snakka mykje om VIF, men det er trass alt lokalfotball for minst ein av dei. Det må vere lov å kome frå Oslo også...

Radioen har mista eit av sine beste program no, men det måtte vel ta slutt ein gong, dette også. Takk til Aleksander Schau og Thomas Aune for eit strålande radioprogram!

Mitt ynskje til NRK: Gje ut alle programma, gjerne både FK Fotball og FK Alt i ein flott CD-boks. Eg lovar at eg skal kjøpe!

torsdag 11. november 2010

Martin av Tours

Martin og tiggaren.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag feirer store delar av kyrkja minnedag for Martin av Tours. Martin vert hugsa for mange ting, men i boka mi er det særleg det at han på grunn av si kristne tru gjekk ut av militæret som står høgst.

Det at han gjekk ut av militæret heng saman med den legenda som står i ramma på sida her. Etter draumen der han møtte Jesus skal Martin ha latt seg døype. Han hadde lenge vanka i kristne miljø. Allereie som tolvåring vert det sagt at han ynskte å verte einebuar, men faren hans sendte han i sine fotspor rett inn i hæren. Der vart han fram til han altså vart døypt og nokre år til.

Den unge romerske offiseren Martin kom en iskald vinterkveld ridende sammen med noen kamerater. Ved byporten i Amiens sto det en nesten naken tigger, skjelvende av kulde, og ba om en almisse. Ingen brydde seg om ham, og Martin hadde ingen penger med seg, så han tok sverdet og delte sin kappe i to og ga stakkaren den ene halvdelen. Han svøpte den andre halvparten om seg og brydde seg ikke om kameratenes hånlige latter. Samme natt så han i et syn Kristus kledd i den halve kappen, mens han sa til den hærskare med engler som omga ham: «Denne kappen har jeg fått av Martin, som ennå ikke er døpt.» Dette gjorde så sterkt inntrykk på ham at han straks løp bort for å la seg døpe. En senere utbrodering av legenden sier at da Martin våknet, var hans kappe blitt hel igjen, og den mirakuløse kappen ble bevart i relikviesamlingen til de merovingiske frankerkongene.
Henta frå katolsk.no.

Når han så er tjue år skjer det store. Han går ut av militæret fordi han ikkje klarte å forene det å kjempe med si kristne tru. I disputen som fulgte skal Martin ha kome med dei kjente orda:
Jeg er en soldat for Kristus og det er ikke lovlig for meg å kjempe

Etter ein del om og men, blant anna med ein tur innom fengselet, slapp vart han til slutt fritatt frå militærteneste, og gjekk inn i teneste for kyrkja, der han til slutt vart biskop.

Det er mykje meir å seie om Martin av Tours, men i denne omgang stoppar eg med det at han gjekk ut av militæret, og orda han gav som grunngjeving for dette. Noko å lære av!

tirsdag 9. november 2010

Heia Basel- og Luzern-fansen!

I går skulle lag nummer ein og to i den sveitsike toppserien spele mot kvarandre. Det sveitsiske fotballforbundet har tydlegvis gjort som i Norge, og selt sjela si til TV-selskapane som flyttar på kampane utan å bry seg om anna enn sine eigne, økonomiske interesser.

I går hadde dei flytta kampen klokka kvart på eitt, av alle tidspunkt. Dette var for å unngå krasj med ein eller anna tenniskamp TV-selskapet ville sende.

Supportarane likte naturlegvis ikkje dette, og slo til med ein nydeleg demonstrasjon. Rett etter kampstart regna det tennisballar over bana. Kampen måtte avbrytast for å få rydda. For å vere på den sikre sida, venta supportarane til bana var rydda, før dei lot det regne tennisballar over bana igjen.

Dette var ein strålande protest! Her fekk verkeleg supportarane vist sin avsky mot den øydeleggjinga av fotballen som fotballforbunda driv på med saman med TV-selskapa, og det heile skjer på ein måte som er dramatisk, humoristisk og heilt ufarleg. Dei einaste det går utover er TV-stasjonen som kanskje ikkje fekk vist starten på tenniskampen. Eg vonar dei som styrar fotballen snart tar til vett og høyrer på alle som er mot den raseringa av sporten som pågår over heile Europa. Helst før klubbfotballen døyr i ein haug av oppbrukte pengar og utnytta fotballspelarar.

fredag 5. november 2010

Hinduismen vitjar St. Isidors minne

Jaipur i India pynta for feiring. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag feirar hinduistar, sikhar og jainistar, altså stort sett heile India, og med det ein god porsjon av folka på jorda, festen dei kallar dipavali eller divali. Dipavali er ein stor ljosfest, som kan minne om vår julefeiring, i det at dette er den store festen i løpet av året og den festen som verkeleg bind saman alle. Eg fekk interesse for dette då eg såg at erkebiskopen av Canterbury skreiv dette i si årlege helsing til hinduane i samband med feiringa:

Diwali celebrates the light of knowledge overcoming the darkness of ignorance.
Det å feire at ljoset vinn over ignoransen sitt mørke, verka som ein flott sak, og noko som er heilt i anden til St. Isidors minne. Engelsk Wikipedia skildrar i korte trekk festen slik:
Vishnu i dverginkarnasjon i ferd med å vinne over  Bali.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
The first day of the festival Naraka Chaturdasi marks the vanquishing of the demon Naraka by Lord Krishna and his wife Satyabhama. Amavasya, the second day of Deepawali, marks the worship of Lakshmi, the goddess of wealth in her most benevolent mood, fulfilling the wishes of her devotees. Amavasya also tells the story of Lord Vishnu, who in his dwarf incarnation vanquished the tyrant Bali, and banished him to hell. Bali was allowed to return to earth once a year, to light millions of lamps to dispel the darkness and ignorance, and spread the radiance of love and wisdom. It is on the third day of Deepawali — Kartika Shudda Padyami that Bali steps out of hell and rules the earth according to the boon given by Lord Vishnu. The fourth day is referred to as Yama Dvitiya (also called Bhai Dooj) and on this day sisters invite their brothers to their homes.
Om eg har forstått dette riktig, noko eg på langt nær skal hevde sikkert då hinduisme har ein tendens til å forvirre meg, er altså denne festen med alle ljosa ei slags symbolsk bortdriving av ignoransen og mørke, og frammaning av kjærleik og visdom. Det er berre å ynskje hinduane til lukke med dette og hjarteleg gratulerer med dagen.

Kanskje vi også burde hatt ein dag i året der vi markerer at vi vil drive vekk ignoransen?

onsdag 3. november 2010

Ateismens ignorante - Opplevingar på Kvarteret

I går var eg og høyrte på eit samtaleforedrag av Oskar Skarsaune og Katarina Pajchel. Kvelden hadde blant anna blitt presentert på følgjande måte:
Til tider kan det se ut som det er en uoverkommelig uenighet mellom naturvitere og troende om hva som er sant når det gjelder naturen, mennesket og historien. På hvilke områder kolliderer Bibelen med moderne naturvitenskap? Må aksepten for det ene avvise det andre, eller kan de utfylle hverandre? Ateister vil hevde at mange troende får et forklaringsproblem ved å akseptere moderne vitenskap, mens en del kristne vil påpeke at Bibelen forteller oss noe om virkeligheten som naturvitenskapen ikke omfatter.

Skarsaune byrja med eit fint foredrag om høvet mellom vitskap og kristendom frå Augustin, via Thomas Aquinas til Darwing og ID-folka i USA, før Pajchel vart interjuva av møteleiaren om kva det var å vere nonne (Til dømes om dei er meir konservative enn folk i statskyrkja... Sukk...) og kva ho eigentleg driv med på CERN. Deretter stilte møteleiaren nokre meir eller mindre vellukka spørsmål til dei begge. Både Skarsaune og Pajchel gjorde sakene sine godt, og eit overfylt Teglverk på Kvarteret fekk høyre mykje lurt frå desse to.

Eg hadde i utgangspunktet hatt svært ambivalente kjensler til kvelden. Eg gleda meg til å høyre to svært oppegåande folk snakke om dette, samstundes som eg rekna med at dei aggresive ateistane og dei gale kreasjonistane ville dukke opp. Eg var, og er, også glad for at religiøse tema kjem fram i slike samanhengar, samstundes som eg meiner at det at det er behov for slike opplegg som dette viser at både dei aggresive ateistane og dei skrullete kreasjonistane har vorte for store og høglydte grupper i samfunnet vårt. Eg skulle få rett i nokre av mine bekymringar etter pausen. Då var det ope for spørsmål, og ateistane viste seg frå si minst sjarmerande side.

Det var fem-seks personar som fekk ordet. Av dei var det to-tre som viste seg å vere særs uhøflege. Dei gjekk på med ein tone og haldning som oste av aggressivitet og dundra laus på konseptet «bevis». Det at både Skarsaune og Pajchel gong på gong hadde sagt at tru og naturvitskap held seg i ulike sfærar og at religion ikkje kan bevisast som eit fysisk eksperiment, gjorde ikkje inntrykk på desse karane. Dei dundra på utan at det verka som svara dei fekk vart lytta til i det heile. Det verkar som Dawkins sin måte å drive «dialog» på har fått sine tilhengjarar også i Bergen. Både kunnskap om det dei kritiserte, og repekt for truande, var total mangelvare hjå desse folka.

Ei av dei som tok ordet, den einaste kvinna, som det vart påpeika etter debatten, kom med ein kommentar der ho byrja med å seie at ho ville spørje litt om himmel og helvete (som om det hadde noko med temaet å gjere...), deretter sa ho ikkje noko meir om dette så vidt eg hugsar, men gjekk rett vidare til å snakke om kvifor kristne trudde dei kunne kome med allmengyldige moralske svar, (igjen utanfor tema, men det var ein slags oppfylgjing på eit mindre vellukka spørsmål frå møteleiaren) menn sin dominans i samfunnet (heller ikkje i nærleiken av temaet; Tru og vitskap) før ho slutta av med å spørje om homofili. Ein skulle verkeleg tru at nokon som har kome seg heilt fram til universitetsutdanning i Norge var betre i stand til å halde seg til eit tema. Skarsaune og Pajchel svara igjen godt, om noko overraska, for seg, men dei lot klokeleg vere å seie noko om homofili. Dette fall tydlegvis ein kar tungt for brystet, for som sistemann som fekk ordet bad han dei gjere greie for sine homofilisyn, slik at han betre kunne vere i stand til å vurdere det andre dei sa. Det var den faktiske grunngjevinga han gav. Han meinte altså at for å vurdere det nokon seier om vitskapsteori og religionsfilosofi, kyrkjehistorie og teologi, er det relevant å vite kva dei meiner om homofili. Pajchel gjorde igjen eit klokt val å nekta å svare på det ho omtala som ein «lakmustest». Dei fleste med litt kunnskap bør vel uansett klare å kome med eit rimeleg godt tips på kva ei dominikanarnonne tenkjer om dette, utan at det verka å streife spørsmålsstillaren...

Eg hadde venta at dei sinte «vitskapsfundamentalistane» som ikkje er i stand til å vurdere religion ut frå det religionane seier om seg sjølv skulle kome fram, men eg hadde verkeleg ikkje venta at presumptivt oppegåande studentar skulle be om avklaring på kva foredragshaldarar meiner om homofili for å kunne vurdere alt anna dei seier. Er ikkje folk i stand til å vurdere eit argument ut frå argumentet sjølv? Treng ein ein «fasit» som skal overstyre alt anna? Har verkeleg den offentlege debatten i Norge degenerert til eit slikt nivå?

Eg er klar over at dei som tar ordet i slike debattar gjerne er dei same som skriv i kommentarfelta i nettaviser, men det er framleis trist at slike «argument» skal verte brukt i offentlege debattar i Norge. Eg veit at ateistane har betre folk enn dette. Tenk om dei kunne ha tatt ordet i går. Då kunne ein verkeleg fått ein spanande samtale. I stadet vart det intelligensen som møtte ignoransen...

tirsdag 2. november 2010

Eit sitat frå ein som brukar å bli sitert

I dag er det seksti år sidan George Bernard Shaw døydde. Eg kjenner ikkje denne fyren anna enn at eg, som alle andre, stadig dumpar borti sitatar frå han. Det kan ikkje vere mange som vert så ofte sitert som Shaw. Sidan Shaw tydlegvis var flinkt til å finne sitatvenlege spissformuleringar, titta eg litt på sitata frå han som er samla på Wikiquote. Der fann eg eit flott sitat frå Pygmailon eit stykke han klarte kunststykket å få både Oscar og Nobelprisen i litteratur for!

Independence? That's middle-class blasphemy. We are all dependent on one another, every soul of us on earth.