lørdag 30. april 2011

Kaspar Hauser

Teikning av Kaspar Hauser.
Henta frå Wikimedia Commons.
Om vi skal tru lappen han hadde med seg då han dukka opp i 1812, er dette bursdagen til Kaspar Hauser. Forteljinga om denne guten høyrer heime i dei meir kuriøse delane av europeisk historie og er ei fascinerande forteljing eg ikkje heilt har klart å leggje frå meg etter at eg for fyrste gong kom borti historia då dei snakka om Kaspar på P2 for nokre månader sidan. Slik det ofte er med gode historier inneheld den mystikk, adlege konspirasjonar, kriminalitet og manglande løysning,

Kaspar Hauser dukka plutseleg opp på gata i Nürnberg i 1828. Med seg hadde han eit par papirlappar der den anonyme forfattaren av den eine av lappane opplyste at guten hadde vorte plassert hjå han som spedbarn. Denne verja hadde tatt på seg å lære Kaspar å lese og skrive i tillegg til nokre bøner. Han sa derimot at han aldri hadde latt guten slippe ut av huset sitt. På både denne lappen, og ein annan lapp han hadde med seg, vart det sagt at faren til guten var ein kavalerist, og at det var dette Kaspar også ville verte.

Han vart sjølvsagt undersøkt då dei fann han, og dei fann ut at han kunne lese og skive litt, be nokre bøner og slikt, men at ordforådet hans var avgrensa. Han verka å vere mentalt hemma, men fysisk var han i god form, sjølv om han nekta å ete noko anna enn brød og vatn.

Ein av lappane Kaspar skal ha hatt med seg.
Lappen ligg på Wikimedia Commons.
Ettersom han lærte seg å snakke betre, kom forteljinga om oppveksten hans. Han fortalde at han hadde budd i eit lite, mørkt rom der det berre var ei seng og ein trehest til å leike med. Om morgonen stod det brød og vatn til han på golvet. Det første mennesket han møtte, var ein mann som dukka opp rett før han vart sleppt fri. Denne mannen lærte han å skrive. Historia om Kaspar interesserte folk og styresmakter, og medan ein dommar såg på saka, vart han plassert hjå Georg Daumer, ein filosof og poet som oppdro Kaspar, men som også skreiv fleire bøker om han og med det gjorde han kjent for eit større publikum.

I 1829, medan han budde hjå Daumer, fann dei han ein dag blødande. Kaspar sa at medan han var på do hadde han blitt angrepe og truga på livet av ein mann. Han sa at han kjente att stemmen til mannen som stemma til den mannen som hadde henta han ut frå det mørke holet han hadde budd i tidlegare. Dei som fann Kaspar denne dagen, kunne ikkje unngå å sjå at blodsporet gjekk på kryss og tvers i huset, og ikkje på nokon måte gjekk der det ville vere naturleg å springe. Rett før dette skjedde hadde Kaspar og Daumer hatt ein heftig krangel etter at Daumer skulda Kaspar for å vere ein løgnhals.

Kaspar Hauser var allereie ein snakkis i byen og dette åtaket gav næring til rykta som gjekk om at han eigentleg var ein arving frå hertugfamilien i storhertugdømet Baden.

Portrett frå rundt då han skaut seg i
hovudet.
Biletet er henta frå Commons.
Åtaket og det at det kanskje var ein adeleg mann ein hadde å gjere med her, gjorde at dei flytta han til eit anna hus for at han skulle vere sikrare. Det gjekk omtrent eit halvt år etter den forrige episoden, før Kaspar ein dag vart skoten i hovudet. Denne gongen hadde han klatra på ein stol for å få tak i nokre bøker. Oppe på stolen hadde han mista balansen og reve med seg ein ladd pistol då han datt. Pistolen gjekk av og skaut han i hovudet. Det gjekk bra med Kaspar, men pussig nok hadde han rett før hatt ein krangel med den nye husverten sin som meinte han var ein løgnhals.

Kaspar byrja no å slite litt med dei tyske rikfolka, men den engelske Lord Stanhope var interessert i den mystiske guten og tok han til seg i 1831. Han brukte mykje pengar på å finne ut kven Kaspar eigentleg var, noko som skulle vise seg å vere ein dårleg ide. Allereie i 1832 kutta han alle band til Kaspar og kalla han ein svindel, men som ein god gentlemann gav han han framleis ein god slump pengar. Stanhope gjekk så langt som å skrive ei bok om Kaspar Hauser der han ville vise verda for ein svindlar dette var. Dette fekk sjølvsagt ikkje rykta om adlege band til å stilne, for det kunne jo like godt vere Stanhope som ville lure dei alle.

Lappen Kaspar hadde med seg.
Biletet er henta frå Commons.
Kaspar budde no hos ein streng skulemann, Johann Georg Meyer, noko han hadde gjort sidan 1831. Meyer likte ikkje Kaspar, mellom anna på grunn av dei mange løgnene. Utover i 1832 og -33 vart det stadig dårlegare stemning mellom dei, og 9. desember 1833 har dei ein skikkeleg krangel om Stanhope som skulle vitje Meyer. Fem dagar seinare sjanglar plutseleg Kaspar heim med eit djupt knivstikk i brystet. Med seg har han ein lapp der angriparen identifiserar seg. Kaspar døyr tre dagar seinare av skaden.

Ein mistenkte snart at Kaspar hadde stukke seg sjølv, men rett og slett stukke djupare enn han hadde tenkt og dermed drap han seg. Lappen var mest sannsynleg skreve av han. Den inneheldt to skrivefeil som var typiske for han og var bretta slik han brukte å brette lappar. Kanskje ville han freiste å få sympati og merksemd slik at Stanhope likevel ville hjelpe han meir? På gravsteinen hans står det «Her ligger Kaspar Hauser, sin tids gåte. Fødselen var ukjent, døden mystisk».

Eg har vore inne på ryktet som gjekk om at Kaspar eigentleg var ein prins. Det ein hevda, var at han eigentleg hadde arveretten til hertugdømmet Baden. Det vart født ein prins i denne familien i 1812, men han døde berre ein månad gamal. Ryktet hevda at det slett ikkje var prinsen som hadde død, men ein annan baby som hadde blitt bytta med prinsen. Kvifor dette skulle ha skjedd er det litt vanskelegare å skjøne. Uansett; hadde dette vore riktig hadde Kaspar Hauser vore sonen til adoptivdattera til Napoleon, altså Napoleon sitt barnebarn. Dette var sjølvsagt eksplosive greier, og han vart forsøkt drept fleire gongar før ein til slutt klarte å drepe han før nokon avslørte kven han var og skapte krøll i dei europeiske arverekkjene.

Var Kaspar Hauser ein prins? Nei. Han hadde nok heller ikkje budd i eit svart hol til han var seksten heller. Det skal vere medisinsk umogeleg å leve slik han skal ha gjort og verte så normal som han vart. Historia skurrar jo også ganske kraftig allereie når han kan skrive etter å ha budd seksten år i isolasjon, kun avbrote av eit intensivt skrivekurs. Det er heller ikkje eigna til å vekkje tillit at begge lappane han hadde på seg då han kom hadde same handskrift, sjølv om den eine skulle vere frå mora. Men ein kan sjølvsagt ikkje slå seg enkelt til ro med slike svar, så ein har også sett på Kaspar sitt DNA. Dette viser seg å ikkje stemme med ho som skulle ha vore mora hans om teorien var riktig. Så prins var han ikkje. Heller ikkje hadde han budd seksten år i eit hol.

Men kven var denne løgnaren som dukka opp på gata i Nürnberg? Det er mysteriet. Noko må det jo ha vore med han, sidan han klarte å få med seg folk på alt dette. Om ikkje anna må han ha vore ein god løgnar.

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Artig hisorie, men eg begrip ikkje kvar du plukkar fram dette stoffet frå, og at du brukar så mykje tid på å skrive det. Er det ingen som kan dikte ein roman om denne fyren?

Legg inn en kommentar