fredag 27. mai 2011

Fatale feil eller økumeniske sigrar?

Huguenotkrossen er eit mykje brukt
symbol i den franske protestantismen.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Kyrkanstidning i Sverige melder at den lutherske kyrkja i Frankrike mest truleg kjem til å slå seg saman med ei samanslutning av ulike reformerte kyrkjer i 2013. Eg hadde ein månad misjonspraksis i den lutherske kyrkja i Frankrike for nokre år sidan, og tanken slo meg medan eg var der at det skarpe skiljet eg opplevde mellom dei svært få lutheranarane (berre rundt 25 000 i heile landet) og dei fleire, men framleis få, reformerte (rundt 300 000) var noko ein burde bryte ned. Særleg den lutherske kyrkja vart så lita at ho lett forsvann i den store samanhengen.

Det at ulike kyrkjesamfunn slår seg saman er noko vi har høyrt ein god del om i det siste. I Sverige vil baptistar, metodistar og Misjonskyrkja slå seg saman til Samfundskyrkan. Dette er ein konstellasjon som liknar ein del på det vi ser i Frankrike, der det også er alt frå tradisjonelle barnedøyparar til baptistar og alt frå liturgiske kyrkjer til kyrkjer med friare samlingar som slår seg saman.

Kva skal ein eigentleg meine og tru om desse samanslåingane? Skal ein glede seg over at den fragmenterte protestantiske kyrkjefamilien endeleg ser ut til å finne saman eller skal ein uroe seg over noko som kan tyde på at teologien, det ein faktisk trur, har vorte mindre viktig eller mindre kjent? Skal ein sjå på dette som ein positiv trend der kyrkjer finn glede, næring og friskt pågangsmot gjennom slike unionar eller skal ein sjå på dette som krampetrekningar frå kyrkjer som har vorte for små til å vere levedyktige?

Er slike unionar fatale feil eller økumeniske sigrar? Eg er vaklar mellom begge alternativa....

Oppdatering 5. juni.
Vårt Land melder i dag at dei svenske kyrkjene no har slått seg saman under det foreløpige namnet Gemensam Framtid. Eg ynskjer den nye kyrkja alt godt, men spørsmålet står like usvara: Er dette ein fatal feil eller ein økumenisk siger?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar