tirsdag 25. oktober 2011

Mysteriet med dei eksploderande paddene

Eksplosjonsfare!
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I april 2005 vart Hamburgområdet ramma av ein serie hendingar som kunne vore tatt rett ut av ei bok av Haruki Murakami. St. Isidors minne tar eit skritt utanfor sin vanlege tematikk og tar opp mysteriet med dei eksploderande paddene.

I april 2005 fann ein over tusen oppsvulma, eksploderte og då sjølvsagt daude padder i eit overklassestrøk i Hamburg. Også danske grenseområde vart ramma av denne paddeepedemien som spreidde frykt både mellom dyrehelsestyresmaktene og vanlege folk. Særleg eitt vatn var hardt ramma av dei bisarre dødsfalla.

Det som skjedde med dei stakkars paddene var at dei svulma opp som ein ballong medan dei rykka og hadde kramper i fleire minutt. Så eksploderte dei plutseleg. Innvollene vart spreidde over eit så stort område som ein heil kvadratmeter, men dei stakkars paddene døydde faktisk ikkje umiddelbart, men måtte lide i fleire minutt før dei endeleg fekk døy. Avisene kalla vatnet «Dødsvatnet» og råda born og hundar til å halde seg vekke.

Det vart sjølvsagt spekulasjonar rundt kva som skjedde. Enkelte meinte paddene tok sjølvmord, medan andre meinte, kanskje meir truverdig, at det skuldast sjukdom frå hestar. Ein tok sjølvsagt prøver av vatnet, utan å finne noko gale.

Til slutt fann ein ekspert på amfibium ei løysing på mysteriet. Det var kråker som stod bak. Frank Mutschmann, altså eksperten, oppdaga at alle paddene hadde eit lite hol på ryggen, på storleik med eit fuglenebb. Så oppdaga han at dei også mangla leveren sin. Ingenting anna var vekke. Han meinte at dette peika på kråkene; dei var kloke nok til å vite at huden på padda var giftig, og at det einaste etande var leveren. Andre dyr hadde gjerne ete heile padda. Når først ei kråke hadde fått ideen til å gjere dette, er dei andre kråkene smarte nok til å lære, og epedemien av eksploderande padder var eit faktum.

Når padda så merkar at han har vorte angrepe og at leveren er vekke, slår den naturlege forsvarsmekanismen for ei padde inn. Han bles seg opp. Då kjem eit nytt problem: Utan ribbein eller noko skal som held dei saman, er det leveren som stoppar oppblåsinga frå å gå amok. Utan leveren på plass, bles lungene seg opp til det heile går gale og padda eksploderer.

Ei historie for god til å gløymast!

onsdag 19. oktober 2011

Hurra for Bibel 2011

I dag har altså Bibel 2011 kome ut. Ut frå det eg har sett av GT, der heile kom i dag, og lese i NT som kom i 2005, er dette verkeleg bra saker. Den nye omsetjinga er prega av lettare formuleringar, noko som gjer at han vert meir brukande for folk. Samstundes ligg han tettare på bibelsk språkføring ein del stader, noko som er spanande, men ikkje alltid gjer det lett å lese... Ordmengda er også korta ned i høve til forrige omsetjing, noko eg trur er bra. Korte og konsise formuleringar er betre enn lange og kronglete.

Den forrige bibelomsetjinga vart kalla for verdas beste av Bo Giertz. Til no verkar denne endå betre. Eg trur min favorittforbetring er at han som vart kalla Junias i 78-omsetjinga, no har det meir riktige namnet Junia, og med det får ein ei kvinne med tittelen apostel! Spanande!

Eg har også lyst til å legge inn litt reklame for eige verk i samband med lanseringa. Hovudartikkelen på Wikipedia denne veka er Bibelen i Norge som tar for seg dei ulike bibelomsetjingane vi har hatt i landet vårt sidan Stórn på 1200-talet. Artikkelen er skreve av underteikna, og er nok mitt hovudverk på Wikipedia. I samband med den nye omsetjinga kan det høve godt med ein gjennomgang av korleis Bibelen har vorte omsett til norsk gjennom åra. Verdt ein titt.

søndag 16. oktober 2011

Human asylpolitikk. No!

Ein del av dei som var på demonstarsjonen. Torstein Dale held
her sin gode appell.
15 papirlause asylsøkjarar sit i kyrkjasyl i Johanneskirken i Bergen. Dei får ikkje opphald i Norge, og er livredde for å verte sendt attende. I dag var eg på ein støttedemonstrasjon for dei og dei opp til 18 000 andre papirlause i Norge.

Det er ei skam for Norge at vi har skapt oss ein situasjon der tusenvis av menneske må leve liva sine som mindreverdige menneske. Utan rett på helsestell, arbeid og med uvissa om når dei vert kasta ut av landet og sende til ein situasjon som er så ille at dei heller vel å leve utan nokon rettar i Norge. Det at dei heller vil leve i det totale mørkre i Norge seier mykje om kva dei vil vekk frå.

Situasjonen er politikarskapt. Andre land i Europa tar tak og gjev desse folka ein mogelegheit til å kome i arbeid, gå på skule, få helsestell; kort sagt gjere det vi andre gjer. Eller sagt på ein annan måte: Dei får lov til å vere likeverdige menneske. Det får dei ikkje i Norge!

Styresmaktene i Norge må ta tak i denne situasjonen, noko bystyra i fleire norske byar også heldigvis ber om. Det er totalt uhaldbart at vi skapar ein underklasse som ikkje får del i elementære samfunnsrettar. Regelverket vi har sender folk inn i botnlaus fattigdom, svært usikre liv, grov utnytting og fører til at folk gjer desperate ting for å halde seg i live. Dei femten mennene i Johanneskirken set fokus på dette. «Dei gjev ansikt til dei andre papirlause», som det vart sagt på demonstrasjonen i dag. Å sultestreike og å gå i kyrkjeasyl er desperate handlingar som det ikkje burde vere behov for å gå til i vårt samfunn. At nokon likevel kjenner seg pressa til å bruke desse metodene, seier oss at noko elementært er gale i regelverket vårt.

38 organisasjonar, deriblant Den norske kyrkje, står bak aksjonen med slagordet «Ingen mennesker er ulovlige». Den vert avslutta om få dagar, og seier mellom anna:
Vi kan ikke godta en varig papirløs underklasse i Norge. Vi krever at:
-  Barn som har levd i Norge i lang tid – eksempelvis fire år – normalt må gis oppholdstillatelse sammen med medfølgende foreldre og søsken.
-  Det må settes en grense for hvor mange år andre papirløse (voksne uten barn) kan leve papirløst før de får mulighet til lovlig opphold og arbeid, slik UDI har anbefalt.
Dess fleire som skriv under på underskriftskampanjen, dess større tyngde får det når kampanjen vert avslutta 24. oktober. Skjemaet for å skrive under på kravet finn du her. Skriv under du også!   

tirsdag 11. oktober 2011

Strilevisdom

Dei var kloke, dei gamle strilane. Desse to er rett nok frå
Sotra, utan at det skal haldast mot dei.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I 1839 fekk Manger prestegjeld den mest særprega presten i si historie, nemleg Michael Sars. Han utmerka seg ikkje som prest, men var ein fremragande zoolog med fokus på livet i havet og fekk eit ekstraordinært professorat ved Universitetet i Oslo då han valde å gå av som prest. Han vart også utnemnd til æresdoktor ved universiteta i Berlin og Zürich.

Sars budde på Manger, først og fremst for å forske på havdyr. Men han var jo også prest og kom derfor i kontakt med lokalbefolkninga, og gav ei svært positiv omtale av folket på strilelandet. Han sa:
Det er særdeles godt materiale i strilane både i åndeleg og legemleg forstand.  
Med dette i tankane er det verdt å høyre på det strilane hadde å seie. Ein av sønene til Michael Sars var professor i historie Ernst Sars som var ein av dei sentrale personane i nasjonsbygginga i Norge rundt forrige århundreskifte. St. Isidors minne omhandlar ofte historie, og i samband med dette kan det vere naturleg å ta fram dei kloke orda bygdefolket på Manger sendte til Ernst Sars i samband med åttiårsdagen hans i 1915. Dei seier oss kvifor det er viktig å hugse på historia vår.
Modtag hjembygdens hilsen og takk fordi du fortidstråden med innsyn tolket så fremtidstråden lå klar for folket.
Sitata er henta frå artikkelen ««Sars-Minnesmerket» på Manger» i Farne Tider, Bind I, Bokserie frå Nordhordland og Gulen, redigert av Bernt Tungodden, Nordhordland forlag, 2000. Side 16-18.

søndag 9. oktober 2011

Gratulerer med dagen, kvinner!

I dag feira Bjørgvin bispedømme at vi har hatt kvinner i presteteneste i femti år med ei flott festgudsteneste i domkyrkja i Bergen. Som seg hør og bør var både biskop og domprost med på gudstenesta, men når sant skal seiast var det dei ikkje mindre enn 28 damene ikledde presteskrud som stod for det klerikale høgdepunktet i gudstenesta.

Gudstenesta byrja med ein imponerande inngangsprosesjon med dei 28 kvinnene saman med tre menn: leiande sokneprest i domkyrkja, domprost og biskop. Eller «rævediltarar» som dei vart kalla i dag. Liturgien var som alltid i domkyrkja flott. Særleg likte eg bønesvaret i forbøna. Det var nytt for meg og var så langt eg kan skjøne eit mykje betre bønesvar enn dei eg er vant med. Det var eit bønesvar som var meir «aktivt» enn andre vi brukar.
Gud skap i oss tro, håp og handling.
Herre, hør vår bønn.
Ellers hadde domprost emerita Berit Andersen ei svært god preike der ho mellom anna tok fram Marta sin vedkjenning «Ja, Herre, jeg tror at du er Messias, Guds Sønn, han som skal komme til verden» (Joh 11) , ei stor vedkjenning som ikkje er like mykje lagt vekt på som den meir kjente vedkjenninga til Peter. Det var også spanande at dei i staden for den vanlege solosongen eller likande hadde tatt inn liturgisk dans. Sjølv har eg ikkje sansen for liturgisk dans i det heile, men eg vil gjerne ha meir «sanselege» gudstenester, og der trur eg liturgisk dans kan ha mykje for seg.

Alt i alt ei flott gudsteneste der ein fekk feira kvinnene si presteteneste gjennom femti år. Gratulerer med dagen til oss alle, og særleg til kvinnene!
Heile gjengen samla etter gudstenesta.

onsdag 5. oktober 2011

Full støtte til italiensk Wikipedia

Slik ser italiensk Wikipedia ut no. Alle sider vert omdirigert
til protestskrivet.
Skjermdumpen er henta frå Wikimedia Commons.
Wikipedia på italiensk er i skrivande stund i streik. Brukarne av den italienske greinen av Wikipedia har beslutta å stenge sida i protest mot eit lovforslag som er oppe til debatt i det italienske parlamentet no. Slik eg har fortsått det vil lova, om ho går gjennom, gje alle krav på å få endra det som står om dei på bloggar, nettaviser og andre nettsider, og dermed Wikipedia, i løpet av 48 timar om dei ikkje har sansen for det som står der. Om det som står er sant eller ikkje speler ingen rolle. Nettstaden må i staden leggje ut ein versjon som er godteke av den omtala personen.

Altså kan til dømes ein person som er dømt for ein kriminell handling krevje at all informasjon om dette må fjernast, og i staden krevje at det leggjast inn informasjon som måtte passe betre for personen å spreie om seg sjølv. Sikkert ei lov som passar Berlusconi som hand i hanske, men sjølvsagt er ikkje dette ei lov som fremjar objektiv og sann informasjonsformidling.

Det vil ikkje vere mogleg å produsere eit nøytralt, sant og påliteleg leksikon under ei slik lov, og eg vil gje mi fulle støtte til brukarane på italiensk Wikipedia. Dei kjempar ein viktig kamp for yttringsfridomen!

Les kva brukarane på italiensk Wikipedia seier om saka på engelsk her

tirsdag 4. oktober 2011

Velsigning av dyr

Det vesttyske postvesenet feira St. Frans med eit frimerke i 1982.
Biletet er henta frå Wikimeida Commons.
I dag feirar Kyrkja Frans av Assisi. Mange plassar i verda vert dette markert med ei gudsteneste der folk tar med seg dyra sine og får dei velsigna. Så langt eg veit vert ikkje dette praktisert i Norge, men eg skulle gjerne sett av vi byrja med dette også i Den norske kyrkja. Det er ein flott måte å understreke at også dyra er ein del av skaparverket og at menneske og dyr er uløyseleg bunde saman. Delvis på same måte som vi er bunde saman med resten av skaparverket, men også på ein sterkare måte sidan dyr er sosiale vesen som kan verke i samspel med oss menneske.

 Eg har funne ein liturgi for ei slik gudsteneste frå det episkopale bispedømet i Vest-Texas, altså ein anglikansk liturgi vi lutheranarar bør kunne kjenne oss komfortable med. For at det ikkje skal verte for langt tar eg ut tekstlesingane. Liturgien er tilpassa frå «Animal Blessing Service», utgjeve av Anglican Society for the Welfare of Animals, UK av Rev. D. Rebecca Deinsen for Episcopal Network for Animal Welfare, USA. Nederst kan ein sjå korleis ein gjer slike gudstenester i praksis. Filmen er frå Trinity Episcopal Church i Galveston, Texas.

Opening Sentence:
How many are your works O God! In wisdom you made them all.
-Psalm 104:24

Confession:
Let us confess our sins to God:
Almighty God and Creator of all,You have chosen humankind for a position of special responsibility in your world;We have failed to respond in awe at Your wonders;We have misinterpreted our role of dominion and abused our power.We have caused the animal kingdom needless suffering.Forgive us as we seek anew the vision which You set before us,And as we strive to respond to Your call;Through Jesus Christ our Lord. Amen.

Absolution:
Almighty God grant you forgiveness of your sins through our Lord Jesus Christ and the strength and grace to respond with love to all God’s creation.

Collect:
O Lord, give us humility to thank You for the creation of animals, who can show affection which sometimes puts us to shame. Enlarge our respect for these your creatures, of whom we are the guardians. And give us a sense of responsibility towards all your creation, for Jesus Christ’s sake, Amen.
-A Prayer from Robert Runcie, 102nd Archbishop if Canterbury

First Lesson: Genesis 9:8-17Psalm: 104:1, 10-15, 25Second Lesson: Romans 8:18-25

Blessing of the Animals
(Animals to be blessed are brought forward in line and the following prayer may be used with or without holy water)Bless O God, this your creature, and all who are involved in its care and protection.

Blessing and dismissal
May God, the Creator of all that is, God the Redeemer of all Creation, and God the life giving Spirit, bless you all, now and forever. AMEN.
Go in peace to love and serve the Lord!
Thanks be to God!