søndag 25. mars 2012

Godt sagt. Særs godt sagt.

Eg har akkurat lese den gode boka Baader-Meinhof. Historien om Røde Arme Fraksjon av Stefan Aust. Dette er ikkje boka ein skulle vente å finne døme på gode prestasjonar av prestar, men eg fann noko eg vart særs imponert av.

Gravferda til leiarane i RAF.
Biletet er lånt frå baader-meinhof.com 
Situasjonen er denne: Etter å ha gjort seg skuldige i dei mest sinnsjuke handlingar gjennom ti år har Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe tatt livet av seg i fengselet. Gjennom rettsak og fengselsopphald har den tyske staten vist seg frå ei lite sjarmerande side og gjort ting mot terroristane som ikkje høyrer heime i ein rettsstat. Dei tre skal gravleggjast i ei fellesgrav, og til gravferda har det møtt opp demonstrantar som trugar med å fortsette galskapen til RAF, i tillegg til over tusen politifolk væpna med maskinpistolar som omringa det heile.

Midt oppe i dette stod det ein prest som hadde fått det som må ha vore ei av dei mest krevjande og vanskelege gravferdene i historia. Presten skulle gje desse tre terroristane ei verdig gravferd, han skulle ikkje provosere verken demonstrantane, styresmaktane, pårørande til terroristane eller offer eller pårørande for terroren. Balansegangen var hårfin. Eg veit ikkje kven det var, men denne presten fortener mykje ros for orda som vart sagt.
Jesus ble korsfestet mellom to menn som hadde viet sitt liv til å nå sine mål med vold. Noe av det siste han sa var: 'Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør.' Og disse ordene omfatter dommere og tiltalte til alle tider og på alle steder - oss alle.[1]    
Ord som kan vere verdt å ha med seg i ei tid der vi som samfunn saman står ansvarleg for mykje vondt, både frå styresmakter og enkeltpersonar.

[1] Stefan Aust, Baader-Meinhof. Historien om Røde Arme Fraksjon, Schibsted forlag, Oslo 2012. Side 622

tirsdag 20. mars 2012

Er det rettferdig?

Regjeringa hevdar at dei driv med ein asylpolitikk som er «human, rettferdig og konsekvent». Dei seier samstundes at kun dei av asylsøkjarane som fyller nokre svært strenge krav skal få vere i Norge. Dette er ein svært kreativ bruk av ordet «rettferdig».

Ein må spørje seg nokre spørsmål. Er det rettferdig at eg får ete meg mett kvar dag, medan andre ikkje får det? Er det rettferdig at eg slepp å uroe meg for om jobben min forsvinn, medan andre ikkje har ein jobb å gå til? Er det rettferdig at eg kan kjøpe dei bøkene eg vil, medan andre ikkje har pengar til å lære seg å lese? Er det rettferdig at eg får legehjelp for bagatellmessige ting som utslett, medan andre aldri får elemetære helsetenester? Er det rettferdig at eg kan gå kvar eg vil, medan andre ikkje kan late borna sine leike rundt husa på grunn av landminer eller «sikkerheitsmurar»? Er det rettferdig at eg har vore på fleire kontinent, medan andre aldri har hatt mogelegheit til å dra ut frå byen dei er født i? Er det rettferdig at eg lever i luksus, medan andre ikkje har ein brøkdel av mine ressursar, mogelegheiter og velferdsgoder?

Det er sjølvsagt ikkje rettferdig. I ei rettferdig verd har alle dei same mogelegheitene. Det vi gjer når vi stenger våre grenser for andre, er at vi er med på å oppretthalde den urettferdige strukturen i verda. Vi kallar dei som kjem hit for «lukkejegarar» og seier at det ikkje er bra nok for å få vere her i landet, medan vi sjølve flyttar til andre delar av landet eller andre land om ikkje den staden vi bur byr på jobbar eller kulturtilbod etter vår smak. Vi flyttar til andre bydelar for at borna våre skal få gå på dei gode skulane, medan vi nektar folk å kome til Norge for at borna deira i det heile tatt skal få skulegong. Vi jaktar på lukke og betre levevilkår frå vårt utgangspunkt, som er eit utgangspunkt marinert i privilegium, medan vi nektar andre å jakte på lukke og betre levevilkår frå utgangspunkt som er så langt vekke frå våre at vi ikkje er i stand til å fatte det.

Den store moralske krisa i asylpolitikken vår er ikkje at vi kastar born som er fødde og oppvaksne i Norge ut av landet og til land dei aldri har vore i. Det er ikkje at vi sender folk til tortur og svolt eller til samfunn utan infrastruktur. Det er ikkje at vi sender folk til eit liv på gata i Athen eller Torino. Dette er dei forferdelege konsekvensane av at vi fører ein politikk som handlar om å halde folk ute frå vår luksusverd. Der det som er våre sjølvsagte rettar og våre sjølvsagte gode ikkje vert rekna som sjølvsagt for andre. Det er den store moralske krisa.

Skal vi kunne snakke om ein rettferdig politikk må vi gje dei som kjem hit dei same rettane og mogelegheitene som vi har. Vi må sjå at kvar ein er født ikkje er det som skal styre kva mogelegheiter ein har i livet. Vi må sjå at våre goder og rettar er like sjølvsagte for andre som dei er for oss. Vi må sjå at det er ein menneskerett å søkje lukka.

Det er sjølvsagt problem som dukkar opp om ein fører ein slik politikk, men det er først om ein styrer etter desse prinsippa ein kan snakke om ein rettferdig politikk. No seier ein at ikkje alle har rett til å kome inn i Norge og få del i våre goder. Det er ikkje rettferdig. Det er grunnleggjande og systematisk urettferdigheit!

lørdag 17. mars 2012

Om eg så går i dødsskuggens dal...

Pave Shenouda III.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Pave Shenouda III er død og det høver seg med eit utdrag frå eit koptisk litani slik ein finn det i St. Gregors liturgi, i ei utgåve i namnet til Shenouda III frå 1999. I litaniet har ein bedt for alle dei som har gått føre i trua og no er døde, før ein avsluttar med desse vakre orda.
Graciously, O Lord, repose all their souls
in the bosom of our holy fathers Abraham,
Isaac and Jacob. Sustain them in the green
pasture, by the water of rest in the
paradise of joy, the place out of which grief
sorrow and groaning have fled away in the
light of Your saints.
Med denne lille bøna markerer eg sympati og medkjensle med den koptiske kyrkja som har mista sin leiar.

tirsdag 13. mars 2012

Ei bøn for medmenneske

På torsdag går landet vårt inn i eit djupt mørke når vi vert det einaste landet i Europa som sender menneske til Etiopia. Regjeringa la «ein del ressursar» i å få sluttført denne avtalen som ikkje kan kallast noko anna enn skammeleg og djupt umoralsk.

Human Rights Watch skriv mellom anna følgjande i sin 2012-rapport om Etiopia:
Ethiopian authorities continued to severely restrict basic rights of freedom of expression, association, and assembly. Hundreds of Ethiopians in 2011 were arbitrarily arrested and detained and remain at risk of torture and ill-treatment.  
Attacks on political opposition and dissent persisted throughout 2011, with mass arrests of ethnic Oromo, including members of the Oromo political opposition in March, and a wider crackdown with arrests of journalists and opposition politicians from June to September 2011.
[...]
Human Rights Watch continues to receive credible reports of arbitrary detention and serious abuses of civilians alleged to be members or supporters of ONLF. These civilians were being held in detention facilities in Ethiopia’s Somali region.   
Long-term pre-trial detention without charge, often without access to counsel, is common, notably under the Anti-Terror law, which allows police to request additional investigation periods of 28 days each from a court before filing charges, for up to four months. Human Rights Watch is aware of at least 29 opposition party members, journalists, and an actor who at this writing were currently held in remand detention under the Anti-Terror law.  
No independent domestic or international organization has access to all of Ethiopia's detention facilities; it is impossible to determine the number of political prisoners and others arbitrarily detained or their condition.
[...]
On August 27, 2011, an Amnesty International delegation to Ethiopia was ordered to leave the country following a series of meetings with members of the political opposition; two of these members were arrested after their meeting with Amnesty International.
Dette er altså landet regjeringa vel å arbeide hardt for å sende folk til...

I Bergen bur det ein seks år gamal gut. Nathan, som denne guten heiter, er født og oppvaksen i Bergen. Denne guten, som berre er ein av mange i liknande situasjonar, kjenner ikkje noko anna liv enn livet som ein vanleg gut i Bergen. Likevel meiner Jens Stoltenberg at det er mest riktig å sende han til Etiopia. I eit brev som omhandlar denne særskilde saken seier han:
Barnets beste er et grunnleggende hensyn, fremhevet i både utlendingsloven og barnekonvensjonen. Det finnes imidlertid ikke alltid et entydig svar på hva som er barnets beste, og dette hensynet må veies opp mot andre viktige hensyn.  
Til dette er det å seie: Det er eit heilt eintydig svar på kva som er det beste for denne guten. Det beste for han, og andre born i same situasjon, er å få bli der dei har budd heile livet sitt. Det er å få vere ein stad der dei har vener, kan språket, går på skule og lever trygge liv. Det er ikkje å bli sendt med tvang til eit land som driv med vilkårlege arrestasjonar og tortur.

Regjeringa, med Stoltenberg i spissen, legg fram denne saka som om det er ei vanskeleg sak. Det er det ikkje. Alt talar for at ein ikkje kan sende folk til Eitiopia. Det er eit land som ikkje er i nærleiken av å halde menneskerettane og som ingen andre land det er naturleg å samanlikne seg med har liknande avtaler med. Ikkje minst er det eit land som heller ikkje vi hadde nokon avtale med før regjeringa fekk i stand ei slik avtale. Situasjonen er altså heilt sjølvpåført frå regjeringa si side. Dette er ein ynskja politikk frå regjeringa. Det er regjeringa som har vore aktive pådrivarar for å kome i ein situasjon der ein kan sende folk til eit regime som driv med tortur. Det er regjeringa sjølv som ikkje ser at born som har budd heile livet i Norge høyrer heime og har det best her.

Det er regjeringa som er skuld i denne situasjonen. Ikkje vaksne asylsøkarar, og minst av alle dei borna som har budd heile livet sitt i Norge. Men det er desse som må betale prisen for regjeringa sin politikk.

Eg vil be regjeringa om å stoppe denne umoralske og umennesklege politikken, men eg har ikkje nokon tru på at dei vil snu. Dette er ikkje eit problem ein er påført frå utsida. Dette er noko ein har arbeida fram mot og noko ein ynskjer frå regjeringa si side. Vis gjerne at eg tar feil, Jens Stoltenberg, men gjer du ikkje det vil torsdag verte ståande i historia som din mørkaste dag.

torsdag 8. mars 2012

Pavinne Johanna

Pavinne Johanna.
Bilete frå 1493.
Henta frå Wikimedia Commons.
Sidan det er kvinnedagen i dag høver det godt med ei av dei meir obskure forteljingane frå kyrkjehistoria. Det er ingenting som tyder på at forteljinga er sann, men ein skal heller aldri late sanninga få øydeleggje ei god forteljing. Vi skal bli kjent med pavinne Johanna.

Soga går omtrent som dette: Engelskmannen Johannes fekk ein grundig og god opplæring i Athen som born. Etterkvart kom han til Roma og utmerka seg der som ein særs lærd mann i dei fleste felt. Då pave Leo IV døydde i 855 vart Johannes valgt til hans etterfølgjar på pavestolen. Der sat han i to år, sju månader og fire dagar før alt gjekk frykteleg gale. I ein prosesjon mellom Peterskyrkja og Laterankyrkja fødte brått paven  og døydde ganske umiddelbart etterpå. Det viste seg at paven var ei kvinne, og at ein av hennar næraste medarbeidarar hadde gjort henne gravid.

Det er sjølvsagt ulike variantar av denne forteljinga. I ein versjon døyr ho ikkje, men lever vidare. Sonen hennar vert til slutt biskop i kyrkja mora var pave i.

Den versjonen av forteljinga om den kvinnelege paven eg har fortalt over er frå litt utpå 1200-talet. Ho vart sett på som sann og vart svært populær etter at ein Martin av Troppau hadde forteljinga med i ei bok. Men han var ikkje den første som kunne fortelje om den kvinnelege paven. I byrjinga av same hundreår, kan dominikanaren Jean de Mailly fortelje oss at rundt år 1100 hadde ei kvinne utkledd som mann tatt seg opp i det katolske hierarkiet og blitt pave. Denne paven fødte eit born medan ho gjekk opp på ein hest og vart umiddelbart avretta.
Ein fødande pave.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Utover på 1300- og 1400-talet rekna ein med at den kvinnelege paven var ein reell historisk figur og ein lagde til dømes statuar av henner: Jan Hus refererte også til henne før han vart avretta utan at nokon reagerte på dette.

Det voks det fram meir skepsis til historia utover på 15- og 1600-talet, og i dag er det ingen som ser på historia som sann.

Historia dukka opp, rett nok i kyrkjelege kretsar, men fleire hundre år etter at paven skulle ha hatt makta. Det er ingen samtidige kjelder som omtalar dette, noko ein skulle tru det var om ein pave plutseleg fødde på open gate, og det er heller ingen rom i paverekkja der noko slikt skulle ha skjedd. Ein har til dømes myntar med bilete av Benedikt III, som tok over etter Leo IV, saman med keisaren som døydde rett etter Leo. Det er dermed ikkje plass til ein ekstra pave der. Heller ikkje rundt hundreårsskiftet til 1100-talet er det plass. Ein finn også ein liknande forteljing om bispestolen i Konstantinopel, der det gjekk rykter om både evnukkar og ei kvinne i bispestolen.

Historia om den fødande pavinnen er altså ikkje sann, men den gav næring for ein minst like artig forteljing om kva som skjer i dei pavelege gemakka. Historia fortel at for å sikre seg at ikkje ein slik katastrofe skjedde ein gong til fekk ein seg ein stol i Laterankyrkja der det var eit hol i setet. Paven måtte sittje der medan ein av kardinalane forsikra seg om at det var testiklar i holet. Det vert også sagt at før ein nyvalgt pave vert pressentert for folket vert han bore over kardinalane som ser opp og forsikrar seg om at alt er slik det skal vere før dei seier "Testiculos habet et bene pendentes", noko som skal tyde noko slikt som "Han har testiklar og dei heng fint".

Ingen av historiene stemmer, men gode historier er det!

tirsdag 6. mars 2012

Relikviesamlar på ville vegar?

Sidan norske media ikkje flaumer over av stoff frå kyrkja i Irland for tida tar St. Isidors minne på seg å opplyse om dei underlege tjuveria som råkar kyrkja for tida. Vi startar med det siste, sidan det var det som gjorde meg merksam på det som skjer, og det er i tillegg kanskje det mest spektakulære.

Laurentius sitt hjarta medan det framleis var på plassen sin
i Christ Church Cathedral i Dublin.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I Dublin ligg den anglikanske katedralen Christ Church Cathedral. Fram til helga har denne kyrkja, som ser svært vakker ut, hatt eit relikvie av den heilage Laurentius O'Toole som er skytshelgen for byen og spelte ei viktig rolle i nasjonaliseringa av den irske kyrkja på 1100-talet. I eit hjarteforma skrin har kyrkja oppbevart hjarta til Laurentius heilt fram til 3. mars i år. Ein eller annan gong i løpet av dagen har tjuvar tatt med seg hjarta hans. Tjuvane har ikkje brydd seg med å ta med seg lysestaker av gull eller andre verdifulle ting det hadde vore mogeleg å selgje. I staden har dei brote seg gjennom eit jerngitter og tatt med seg berre dette relikviet. Som ei talskvinne for kyrkja seier:  "It's completely bizarre. They didn't touch anything else. They specifically targeted this. They wanted the heart of Saint Laurence O'Toole."


Kista som inneheldt relikvia frå St. Brigid.
Biletet er henta frå kyrkja si nettside.
Dette er som sagt ikkje det første pussige tjuveriet frå irske kyrkjer. I januar tok nokon seg inn St. Brigid's Church i Killester i Dublin. I kyrkja hadde ein gjort seg klar til å feire Brigid, og hadde derfor tatt ut relikvia av Brigid, ein bit av skallen hennar, frå kista dette vart oppbevart i, sidan kista skulle fiksast på. Tjuvane tok med seg den tomme kista, som var skrudd fast i alteret i kyrkja.


På dette tidspunktet hadde Holycross Abbey i Tipperary allereie fått attende det som var stole frå dei. I oktober tok nokon seg inn i klosteret og stal det ein reknar som ein del frå Jesu kross. Krossresten kom heim til klosteret på nyåret, utan at det går fram frå rapportane at ein veit kven som hadde tatt dei med seg.

Slik er altså stoda på den grøne øya. Relikvia forsvinn av ukjende grunnar. Kanskje har ein å gjere med ein særs lite from relikviesamlar?