tirsdag 15. mai 2012

Lat oss gjere St. Hallvard til nasjonalhelgen

St. Hallvard og trellkvinna i Oslo Rådhus.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Norge har vore eit luthersk land i rundt fem hundre år, noko helgentradisjonane våre lir under. No når det er ei lita renessanse for helgenar, også i vår kyrkje, har vi lett for å gå til dei mest kjente helgenane, sjølv om dei har med seg mykje som ikkje er lett å forsvare eller godt for å overbevise lutheranarar om at vi må hugse på dei heilage som har gått føre oss. St. Olav hadde rett nok ein stor kult i middelalderen, men det er mykje med han som er vanskeleg som det at han var ein krigar og også det at han ikkje var alfa og omega i kristninga av Norge, slik vi gjerne likar å tru. Det var ein lang prosess som nok ville enda med eit kristent Norge også utan han, sjølv om det som skjedde etter at han døydde heilt klart gjorde sitt. Sunniva er endå vanskelegare, då det er usikkert, kanskje er det meir rett å seie tvilsamt, om ho i det heile har eksistert.

Men vi har St. Hallvard, som har minnedag i dag. Hallvard har eksistert, og han var etter alt å døme ein god mann som døydde i teneste for nesten sin. Eit døme på korleis ein kristen skal leve.

Hallvard vart truleg fødd rundt 1020, og var ein kristen som «var lydig mot sine foreldre, kjærlig mot sin neste, kysk og på alle måter redelig og rettferdig». Ein dag skulle han ro på Drammensfjorden. Då kom dei ei gravid kvinne, mest truleg ein trell, springande mot han og bad om å få bli med. Han tok ho med i båten, og det kom etterkvart tre menn etter henne. Ho sa at dei anklaga henne for tjuveri, nok ho sa ho var uskuldig i. Hallvard trudde henne, og ville få henne vekk så ho ikkje skulle bli henretta. Mennene rodde fortare enn Hallvard, og då dei nådde fram til Hallvard og kvinna forsvara han henne og argumenterte for at ho måtte vere uskuldig i det dei skulda henne for. Dette gjorde mennene endå sintare, og dei drap Hallvard med eit pilskot, før dei drap den gravide kvinna. Til liket av Hallvard batt dei ein kvernstein før dei senka han i sjøen. Dette skal ha skjedd 15. mai 1043.

Liket av Hallvard flaut opp att, trass i kvernsteinen, og han vart gravlagt med pomp og prakt. Ved grava hans skjedde det fleire under, og han vart dyrka som ein helgen, særleg i området rundt Oslofjorden. Han kom inn i byvåpnet til Oslo på 1300-talet, og er der framleis, og er vernehelgen for Oslo.

Bernt Eidsvig seier i si helsing i dag «Gjennom sin martyrdød vinner Hallvard en seier for menneskeverdet i vårt land. Katolikker ber i dagens liturgi om at denne dagen skal «glede våre hjerter». Jeg kan ikke tenke meg en mer verdig feiring, en mer gledelig fortsettelse av denne dag, enn at vi som tar del i den, bidrar til at hans kamp for menneskeverdet fortsetter

Kampen for menneskeverdet er viktig for kyrkja. Store ting skal skje med Den norske kyrkje no, og eg skulle ynskje vi kunne gjere St. Hallvard til nasjonalhelgen i staden for Olav, då vil vi understreke dette. Den historiske tradisjonen for Hallvard er mindre, men den er ikkje fråverande. Han har også eit døme som er meir relevant for kyrkja i dag enn det dømet Olav har. Kanskje kan Hallvardsdagen bli den neste store festdagen i Den norske kyrkje, og kanskje kan vi utrope han til vernehelgen for kyrkja vår, samstundes som vi endrar våpenskjoldet vårt vekk frå krigsøksene, trass i at dei er martyrmerket til Olav, og til kvernsteinen. Då får vi eit våpenskjold som minner oss om martyriet, men martyriet for menneskeverdet, ikkje døden på slagmarka for kongsmakta. Mykje skal endrast for kyrkja no. Om vi nyttar høvet til også å endre våpenskjold, kan vi få eit våpenskjold kyrkja kan vere stolt av,!
Frå det vi har, til noko som dette?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar