fredag 18. mai 2012

St. Erik

St. Erik av Sverige.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Som eg har påpeika ein god del gonger no, held vi oss med for mange problematiske helgenar i Norge. Sverige er betre stilt enn oss. Dei har til dømes St. Birgitta, og også den kongelege nasjonalhelgenen deira har meir for seg enn vår, trass i at han også kan reknast som ein krigarkonge. St. Erik har minnedag i dag, og det høver godt å minnast han. For meg er det relikvieskrinet hans som er særleg verdt å minne, men vi må først gå raskt gjennom livet hans.

Erik Jedvarsson vart fødd rundt 1120 og vart valgt til konge i Sverige i 1157. Kong Erik skal ha vore ein from og relativt asketisk kristen og han støtta kyrkja og presteskapet og brukte mykje pengar på å byggje domkyrkja i Uppsala. Han oppretta også eit kloster i byen.

I 1157 drog han til Finland med ein hær for å få has på dei plagsame finnane som raida svenske område. Samstundes ville han kristne dei, og kalla derfor hærtoget for eit krosstog. Erik vann, og dei overlevande finnane skal ha blitt døypte.

Ein av dei tinga Erik gjorde for kyrkja, var å støtte kyrkja sin rett på tidene. Dette førte til at han vart upopulær mellom stormennene. Ein dansk prins, Magnus Henriksson, gjorde krav på den svenske trona, og fekk støtte frå dei svenske stormennene som var lei av Erik. Ein dag, mest sansynleg Kristi himmelfartsdag 1160, medan Erik var på messe i Trefoldigheitskyrkja i Uppsala kom det bod om at det stod ein stor hær og venta på han. Erik sat ferdig messa og gjekk så ut og møtte fienden saman med nokre få soldatar. Det gjekk som det måtte gå, og Erik vart drepen.

Han vart gravlagt i domkyrkja i Uppsala, og då sonen hans, Knut, vann trona attende jobba han for å få rekna Erik som heilag, noko som ville styrke hans eige grep på trona. Danskane snakka med paven, som dermed nekta å heilagkåre Erik, så då tok Knut like godt og gjorde det sjølv. 18. mai 1167 vart relikvia av Erik skrinlagt i Uppsala.

Desse relikvia av Erik er interessante. Eg var på messe i Uppsala domkyrkje for nokre veker sidan, og etter messa gjekk eg og såg meg rundt i den flotte katedralen. Eg hadde ikkje lest meg opp på kyrkja før eg kom, så eg vart sjølvsagt særs overraska då eg oppdaga relikvieskrinet til Erik ståande inne i kyrkja. For å gjere det heile endå rarare var relikvieskrinet frå 1579, altså etter reformasjonen. Eg har aldri tidlegare sett relikvier i ei luthersk kyrkje. I tillegg til relikvia av Erik, hadde dei også eit skrin med ein bit av Birgitta av Vadstena ståande i kyrkja. Slike skrin ser eg gjerne i fleire lutherske kyrkjer!

På 1200-talet vart relikviene til Erik flytta frå den gamle domkyrkja til den nye, som var bygd på staden der Erik feira si siste messe. Det er den kyrkja som står i dag. Då reformasjonen kom vart skrinet smelta om, men sjølve relikvia vart ikkje øydelagt. I 1574 bestilte kong Johann III eit nytt relikvieskrin. Han skal ha vore meir venleg til den katolske kyrkja enn faren, og ville kanskje gjere opp noko av skaden, Skrinet er fint og digert og står framleis i kyrkja i Uppsala. Altså eit etterreformatorisk, luthersk helgenskrin i ei luthersk kyrkje. Artig.

Svenskane har altså ein mindre problematisk kongeleg, nasjonalhelgen enn oss. Dessutan har dei skrinlagt han i hovudkyrkja si, noko som i luthersk samanheng er så sjeldant at det i seg sjølve er verdt å merke seg. Om vi ikkje fylgjer St. Erik sitt døme i eitt og alt, kan vi i alle fall fylgje Svenska kyrkan sitt døme og på ein betre måte ære dei heilage som har gått føre oss.

Relikvieskrinet til St. Erik slik det stod då eg var i Uppsala.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar