tirsdag 5. juni 2012

Den mest skadelege organismen i historia

Thomas Midgley Jr.
Biletet er henta frå engelsk Wikipedia.
I dag, på verdsmiljødagen, høver det å nemne mannen som miljøhistorikaren J.R. McNeil har sagt at hadde «more impact on the atmosphere than any other single organism in earth history»,[1] og då han sa dette var det ikkje positivt meint.

Mannen med denne tvilsame æra er den amerikanske ingeniøren og oppfinnaren Thomas Midgley Jr. Det var ikkje vond vilje som gjorde at det han gjorde fekk katastrofale følgjer for klimaet, men han hadde ei eiga evne til å finne opp ting som ikkje slo heldig ut, verken for han eller andre. Han hadde eit godt rykte medan han levde, men i ettertid kan ein kanskje tenke at det hadde vore best om han hadde vore hakket mindre kreativ, som Bill Bryson seier i A Short History of Nearly Everything: «Midgley was an engineer by training and the world would no doubt have been a safe place if he had stayed so. Instead, he developed an interest in the industrial applications of chemistry.»[2]

I 1921 fann han ut at om en blanda bly i bensinen gjekk bilmotorar mykje betre. Dette slo godt an. Ein var klar over at bly ikkje var det sunnaste for menneskekroppen, og kalla derfor ikkje det dei blanda i bensinen for «bly», men «ethyl», noko dei meinte hadde ein «sunnare» klang.

I 1924 vart Midgley sjuk av blyforgifting, men det hindra han ikkje i å standhaftig hevde at ethyl var ufarleg i ein demonstrasjon for pressa som hadde byrja å snuse i kva det var som gjorde at fabrikkarbeidarane som lagde dette stoffet hadde svært høge døds- og skadetal. For pressa helte han stoffet over hendene sine og pusta inn dampen frå det i eit heilt minutt og hevda at dette kunne han gjere utan skade kvar einaste dag. Det kunne han sjølvsagt ikkje. Bly i lufta har gjort store skader på menneske, dyr og natur sidan han gjorde sin katastrofale oppfinning

For prestasjonen med å forbetre bensinen fekk Midgley høg status mellom industrifolka, men han skulle sikte høgare, og samstundes gjere meir skade. På 1920-talet var kjøleskap livsfarlege, då gassen som var i dei var svært giftig. Midgley ville gjere noko med dette, og «[w]ith an instinct for the regrettable that was almost uncanny, he invented chlorofluorocarbons»,[3] eller KFK som vi seier på norsk. Den nye oppfinninga fekk raskt ei enorm utbreiing i kjøleskap, sprayboksar og mykje anna, noko som sjølvsagt var katastrofalt. På 1980-talet fann ein ut at desse gassane bryt ned ozonlaget i stor skala, og etter å ha gjort mykje skade vart dei forbode. Bill Bryson seier at desse gassane «may ultimately prove to be just about the worst invention of the twentieth century».[4] På grunn av den lange nedbrytingstida reknar McNeil med at dei vil bryte ned ozonlaget heilt fram til 2087, trass i at dei vart forbode på 1980-talet. Han reknar samstundes med at frå 1970 og til no har mellom 10 og 20 000 menneske døyd kvart år på grunn av den auka strålinga som har kome som fylgje av det tynne ozonlaget. Og det er berre menneske...[5]

Midgley var nok ein stor oppfinnar, trass alt. Han vart president i American Chemical Society, vann alle dei viktige kjemikarprisane i USA og han hadde over hundre patentar, mellom anna desse to som gjorde så stor skade.

Mange menneske har døydd som direkte og ikkje minst indirekte fylgje av desse to oppfinningane, men også Thomas Midgley døydde på grunn av ein av sine eigne oppfinningar. Han fekk polio og vart invalidisert, men som den gode oppfinnaren han var kom han opp med eit sinnrikt system for å kome seg opp av senga. Systemet bestod av motoriserte trinser og selar som løfta og snudde på han i senga. 2. november 1944 klarte han å kome feil inn i selane og vart kvelt.

[1] J.R. McNeil, Something New Under the Sun: An Environmental History of the Twentieth-Century World, side 111.
[2] Bill Bryson, A Short History of Nearly Everything, side 193
[3] Ibid, side 195
[4] Ibid, side 196
[5] Something New Under the Sun, side 114

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar