tirsdag 25. september 2012

Biblioteksensur

Den utløysande faktor.
Biletet er henta frå Wikipedia
Dagbladet og Dagens Nyheter i Sverige melder i dag at eit bibliotek i Stockholm har tatt vekk Tintin på grunn av korleis afrikanarar vert framstilte der, og at personalet har fått i «uppdrag att leta efter fler böcker med rasistiska eller homofobiska värderingar.»

Dette er ei svært skummel utvikling, som bør stoppast så fort som råd. Styraren på biblioteket meiner at dette er noko ein bør gjere for å styre biblioteket i tråd med diskrimineringslova, og at stoff som er i strid med denne lova ikkje skal få vere i hyllene. Går ein god for dette prinsippet køyrer ein seg inn i ei gate det er vanskeleg å sjå nokon god ende på. Ein vil ende opp med ei litterær verd som er heilt einsformig når det gjeld moralske spørsmål og vurderingar av menneske. Dette vil vere styrt av den til ein kvar tid gjeldande lovgjevinga, og skrifter som strir mot dette vil i praksis ikkje vere tilgjengelege for store delar av befolkninga.

Dette er svært problematisk av fleire grunner. For det første er det ikkje sagt at den gjeldande lovgjevinga eller tidsanden er positiv og riktig. Få vil vere ueinige i at ein bør motarbeide rasistiske haldingar, men ein skal ikkje ha mykje fantasi eller historiesyn for å sjå korleis folkemeininga og lovverket kunne ha sett ut og kva bøker som kunne ha blitt tatt ut av hyllene.

Om ein lukar ut dei bøkene som ikkje stemmer med notidige vurderingar, vil ein også luke ut bøker som kjem med naudsynte korrigeringar av desse vurderingane. Det vil i praksis seie at ein knebler debatten, då kun det aksepterte vert gratis tilgjengeleg for folk i biblioteka. Ein kan då få ein svært skeiv samfunnsdebatt der den rådande sanninga vil ha eit stort overtak på oposisjonssynspunkt, uansett kor gode og naudsynte desse måtte vere.

Bibliotekssjefen argumenterer med kunnskap. «All barnbokslitteratur borde ses över. Även vuxenlitteratur. Många människor från afrikanska länder bor här i dag, men vi har alldeles för lite kunskap om dem» seier han. Å spreie kunnskap ein ein god intensjon for ein bibliotekar, men ein spreier ikkje kunnskap og forståing gjennom å fjerne litteratur. Då byggjer ein ned kunnskapen og gjer historia mindre forståleg. Gjennom litteratur, som til dømes Tintin, kan ein sjå kva normar som var gjeldande i samfunnet, og ein kan lettare forstå korleis samfunnet vårt har blitt som det har blitt. Om ein ikkje får sjå denne delen av historia vil mange hendingar framstå som utan ein tankemessig kontekst, og dermed verke meir uforstålege enn dei treng å vere. Det menneskesynet vi har i dag står ikkje i eit tomrom. Det er forma i ein dialog med historia og med filosofien. Utan dette bakteppet kan også vegen til eit menneskesyn vi ikkje vil ha vere kortare.

Dessutan er det underleg at ein bibliotekar vil fjerne kulturhistoria vår. For det er ikkje berre Tintin som vil forsvinne. Kva med Jules Verne? Kva med Torbjørn Egner? Kva med Donald Duck? Kva med heile det europeiske litteraturkorpuset som vart til i ei anna tid enn vår? Dette har mange vurderingar vi ikkje kan vere einige med i dag, utan at det gjer at vi ikkje skal lese desse bøkene. Tvert om skal vi lese bøkene, glede oss over litteraturen og vurdere det som vert sagt med dei normene vi har i dag. Kun på den måten kan kulturhistoria vår framleis vere levande for oss. Alternativet er til sjuande og sist å drepe kulturen og kneble samfunnsdebatten.
__________________________________________________________________________

Etter at denne bloggposten vart skrive har biblioteket i Stockholm ombestemt seg, og har sett Tintin ut att i hyllene sine. Biblioteksjefen «inser nu att det är fel att plocka bort litteratur». Det skulle berre mangle!

lørdag 22. september 2012

Gratulerer med dagen

Favoritthobittane våre.
Biletet har eg lånt frå denne bloggen.
Våre favoritthobittar «Bilbo og Frodo var ved eit tilfelle fødde same dagen, tjueandre september».[1] Dette må sjølvsagt feirast på St. Isidors minne, og kva betre måte kan ein feire Bilbo og Frodo på enn med nokre av Bilbo sine ord i den ellevtiførste fødedagen sin. Vi siterer frå den fabelaktige nynorskomsetjinga til Eilev Groven Myhren og for dei som ikkje kjenner forteljinga er vi altså i gjestebodet til Bilbo. Bilbo har reist seg og talar til dei 144 inviterte gjestene, og til alle andre som var til stades. Det var 144 gjester for at talet på gjester skulle vere likt med år han og Frodo vart tilsaman: Bilbo feira sin ellevtiførste åremålsdag, altså var han 111 år, medan Frodo vart 33 år og myndig. Bilbo er godt i gang med talen sin, og kjem så med følgjande utsegn, ei utsegn som er så god at eg nesten vonar eg ein gong kan bruke ho i ein tale.
Eg kjenne ikkje helvta tå dikka helvta so godt som eg skulle ynskt; og eg lika mindre enn helvta tå dikka helvta so godt som de fortene.[2]
Tenk å kunne gje ei slik vidunderleg blanding av kompliment og fornærming i eitt!

Vi kostar også på oss ein teikning Tolkien sjølv laga av Bilbo i hola si.
Biletet har eg lånt frå denne bloggen.
[1] J.R.R. Tolkien, Ringdrotten, omsett av Eilev Groven Myhren, Tiden Norsk Forlag, 2006, side 41
[2] Ibid, side 49

torsdag 20. september 2012

Reformasjonen sett frå Filadelfia 1937

For ei stund sidan fekk eg i gåve ei bok med tittelen Kristendommens verdenshistorie. Et kortfattet omriss fra begynnelsen til idag. Boka kom ut på Filadelfiaforlaget i Oslo rundt 1937 og er ein samling artiklar av Fridtjof O. Valton som har stått i Bibelsk tidsskrift. 

Eg veit ingenting om forfattaren eller Bibelsk tidsskrift, men eg trur det var eit tiddskrift i pinserørsla, og noko seier meg at det ikkje ville sett med blide auge på dagens økumenikk, og mest sannsynleg ville ein pinsemann som Peter Halldorf vore lite populær.

Boka ser med ikkje akkurat milde auge på kyrkjehistoria. Etter Jesus har ting gått nedover. Første kapittel tar for seg det vi kan lese i NT, og andre kapittel tida etterpå. Dette kapittelet byrjar med underoverskrifta «Forfall», og med det har ein i grunn skildra stemninga i boka, i alle fall for den delen som gjeld katolsk, luthersk og reformert kyrkjehistorie.

Ein går gjennom oldkyrkja og middelalderen, heile tida med syn for dei som fall utanfor majoritetskyrkja. Så kjem ein til reformasjonen.
De kretser som viste den rette vei og alltid gjennem århundrer hadde vist den, var de foraktede «kjettere». De hadde gjennem alle stormer stått for det bibelske menighetsideal og hevdet de sanne nytestamentlige læresetninger. Nu hadde katolisismen gått konkurs. Den hadde vist sin motsetning til Bibelen. Hele pavedømmets historie blev som en mektig demonstrasjon på hvor det fører hen å gå utenom Skriften og Guds vilje på menighetsordningens område. Ja, selv den nydannede Bæhmer-kirke viste sig, tross sin frie innstilling overfor Rom, å bli en misdannelse. Det skulde vise sig at det var den katolske kirkes vesen som gikk igjen også i reformasjonskirkene, i til dels rensede former. Man har således overvurdert Luthers verk. Man fremstiller det slik at sannheten kom først ved Luther. Da, mener man, begynte det apostoliske lys atter å skinne. Da blev nåden i Kristus gitt folket i stedet for loven. Da blev Bibelen åpnet for folket, før var den bundet i lenker. For den almene bevissthet står derfor middelalderen i særdeleshet som et mørkt tomrum, uten kristne, inntil Luther kom og forandret hele situasjonen.
Som vi har sett er dette en feilaktig opfatning av historien. Den har intet med virkeligheten å gjøre. 
[...]det til alle tider har eksistert en åndelig Kristi menighet, som var bygget på apostolisk grunn og lærte apostolisk lære. Og det stadfestes av historien, slik som vi har sett. Når kirken mistet sitt livsinnhold og blev en verdenskirke, -finner vi «sektene», «katarene», foraktet, forfulgt, hatet og henrettet fortsette som Herrens sanne vidnehær. 
[...]Luther var meget påvirket av tidligere reformasjonsbevegelser, ja, endog utenomkirkelige bevegelser har satt dype merker i hans liv. Om ham kjemper katolisismen og biblicismen en voldsom tvekamp som ender med et ulykkelig kompromis, nemlig en ny statskirkedannelse med en katolsk-rituell gudstjeneste, renset for de mest skrikende ting.
[...]Luthers store betydning ligger deri at hans reformarbeid løsnet alle de skjulte og gjærende krefter i Europa, og gav «sektene» eller frimenighetene nytt mot til å komme frem til åpen kamp efter de hårdnakkede forfølgelser, slik at både de nydannede reformasjonskirker og de kraftige vekkelser parallelt med disse, i mere enn én henseende blev innledningen til en ny tidsalder[1]
Eit svært positivt syn på «kjettere», altså, og eit dertil mørkt syn på både Den katolske kyrkja og det Martin Luther klarte å få til. Ein kan halde med forfattaren i at det var rydding som måtte gjerast i kyrkja på 1500-talet, og ein kan forstå at ein pinseven ikkje er overmåte begeistra for lutherske gudstenester, men det er litt underleg at katarane skulle få status som den store redninga for ortodoksien. Den såg eg ikkje heilt kome...

Då er det kanskje ikkje så rart at då reformasjonen i Norge skal skildrast vert konklusjonen slik:
Efter reformasjonen var det hverken så mange kirker eller prester i landet som i katolsk tid. Bare to og tre ganger om året var det en såkalt gudstjeneste på mange steder.
Noe varig spor av virkelig kristendom finner vi ikke før senere. Men det er allikevel ikke tvil om at det fantes, midt i den falske kirkelighets tornekratt.[2]
Boka er eit artig blikk inn i ei anna tid og eit anna kyrkjeklima, men eg må seie meg glad for at det økumeniske klimaet er eit anna no enn på trettitalet. Eg er ikkje sikker på om katolske eller lutherske forsøk på å skildre pinserørsla, eller kvarandre for den del, ville vore særleg mykje meir venleg i grunnhaldninga enn det denne boka er.

I dag drikk katolikkar, pinsevener og lutheranarar kaffi saman på MF, og vi sender impulsar og tankar på tvers av konfesjonane. Noko seier meg at mannen bak denne boka ikkje hadde sett det for seg, og kanskje heller ikkje satt særleg stor pris på det. Eg er open for impulsar frå pinsevenene, men eg tar nok dei impulsane frå andre kjelder enn historieskriving frå trettitalet...

[1]  Fridtjof O. Valton, Kristendommens verdenshistorie. Et kortfattet omriss fra begynnelsen til idag, side 75-77
[2] Ibid side 85

lørdag 15. september 2012

I Ain't Marching Anymore

Sidan det er helg og vi alle treng litt antikrigspropaganda innimellom.

onsdag 12. september 2012

Organisert kyrkjedreping

Dei to siste dagane har det kome interessante utspel om dei tre store skandinaviske folkekyrkjene; Svenska kyrkan, Folkekirken og Den norske kyrkje. Dei tre kyrkjene er for tida i ulike posisjonar; Svenska kyrkan er lausreve frå staten, men har rota seg inn i eit underleg politikarstyre, Folkekirken er statskyrkje, og ser ikkje ut til å ha noko ynskje om å vere noko anna medan vi i Den norske kyrkje har hamna i ein pussig mellomposisjon som ingen heilt er i stand til å seie om er det eine eller det andre. Situasjonen for dei tre kyrkjene er altså ulik på ein del område, men det vi har felles er mange medlemmer og at ein forsøker å gje medlemmene råderett over kyrkja, sjølv om dei i det daglege ikkje har eit nært høve til kyrkja.

Kva har så kome fram? For å byrje i Norge har Vårt Land meldt at vi som jobbar i kyrkja har større risiko for å «møte veggen» enn andre. Dette skal mellom anna kome av stort arbeidspress kombinert med ein pulverisert organisasjon. I Sverige har ein prest rykka ut i Dagen og åtvara mot politikarane sin makt i kyrkja. Han peiker på at nyorganiseringa i Svenska kyrkan mellom anna har gjort at prestane ikkje har biskopen som arbeidsgjevar, og dermed ikkje har den som fører tilsyn med dei som arbeidsgjevar. Dei er i staden tilsette av kyrkorådet, eit råd ein vel slik vi vel sokneråd. Det som er verdt å merke seg i Sverige er at dei politiske partia stiller lister også til desse vala, noko som gjer desse råda, og med det prestane sine stillingar, til ein del av det (lokal)politiske spelet. I Danmark har kyrkjeministeren satt i gang ei modernisering av kyrkja. Dette er ein prosess styrt og initiert av politikarar, ikkje av kyrkja sjølv, slik mykje er i Folkekirken. Ein dansk prest rykka ut i Kristeligt Dagblad og åtvara mot dette. Han ynskjer ei kyrkje som er kyrkje, ikkje eit instrument i «menneskets evindelige selvforherligelse og trang til selviscenesættelse» som han så treffande seier det.

Og med dette er vi ved det eg trur er kjerna i det som er ein felles problemstilling i desse tre sakene, som  kanskje verker relativt ulike. Vi har tre kyrkjer som er så opptatt av å tilfredsstille krav frå folk og politikarar at vi øydelegg mogelegheita vår til å vere Kyrkje. Kyrkjene våre tøyer seg for å tekkast politikarar med stor styringsiver over noko dei aldri skulle hatt fingrane i eller kyrkjemedlemmer som ikkje vil ha læra vår, men gjerne tar våre fine seremoniar og bygg. Store reformar slukar ressursar frå dei som jobbar i kyrkjene, medan det viktige arbeidet ikkje vert gjort; ein har ikkje tid til det mellom rapporteringar for å vise at ein gjer det ein er pålagt, møter med utval og råd for å tekkast politiske demokratiynskjer, samtalar og seremoniar med folk som bed «præsten om at nedtone alt det med Gud og Jesus, for det passede ligesom ikke ind med resten af konceptet», for igjen å sitere den danske presten, og liknande saker.

Resultatet av dette er at folk slit seg ut eller sluttar i jobbane sine, politikarar som stadig styrer kyrkjene i den til ein kvar tid høvelege retninga og perifere kyrkjemedlemmer som melder seg ut eller er skuffa fordi kyrkjene ikkje vil strekkje seg fullt så langt som dei vil, om det er snakk om vigsler på tunet, gravferder utan tekstlesingar eller andre ynskjer.

Dette gjev oss tre kyrkjer som står att som tannlause kyrkjer med utslitte medarbeidarar som ikkje har tid til å fokusere på det å vere Kyrkje, fordi ein i staden vert pålagde å vere eit allment seremoniorgan. Dei ressursane som kunne vore brukt på kyrkjelydsbygging, forkynning og undervisning vert i staden brukt på å tekkast ei folkemeining som i stor grad står for andre verdiar enn kyrkja. Det er organisert kyrkjedreping.

Eg trur løysninga er å fokusere på å vere Kyrkje. Ikkje folkekyrkjer, men kyrkjer som forkynner Ordet og forvaltar sakramenta med hovudtyngda av ressursane sine. Føler ikkje vi som jobbar i kyrkjene at det er det vi gjer, men at vi heller er eit offentleg serviceorgan vil ein møte veggen, for ein gjer ikkje det ein vil. Er det ikkje Ord og sakrament som er hovudfokus vil ikkje Kyrkja vere kyrkje i framtida men eit difust, religiøst rammeverk som i beste fall har kyrkjelege trekk. Ved å slå kursen inn på å vere Kyrkje, vil vi miste medlemmer og vi vil provosere politikarar. Det får så vere, for eg trur ikkje vi har noko anna val om vi vil ha levande kyrkjer også i framtida.

torsdag 6. september 2012

Sanninga om dei svarte madonnabileta - eller kanskje ikkje...

Svart madonna
I serien av bokmeldinger for bøker som kom ut for lenge sidan har vi i dag kome til ei bok eg kom over for nokre år sidan, nemleg Svart madonna av Görel Cavalli-Björkman. Eg hadde nettopp lese om svarte madonnabilete i Polen og Spania, og kjøpte boka for å lese meg opp på dette spanande emnet. Kvifor er det slik at vi har nokre madonnabilete og statuar rundt i Europa som framstiller Maria som svart?

Eg tok derfor til på boka, glad og nøgd. Den gleda skulle snart snu. Det viste seg raskt at dette ikkje var eit forsøk på å sjå på dei svarte Mariabileta på ein fornuftig måte, men eit forsøk på å setje dei inn i ein ny-gnostisk samanheng der dei står som uttrykk for ein gudinnekult som skal ha levd i Europa, og særleg blomstra i Middelalderen, med eit oppsving i Frankrike under Merovingane. Sjølvsagt godt blanda saman med spanande utsegn om Maria Magdalena. Som tatt frå Dan Brown? Ikkje heilt, men mykje i same gate.

Lat oss sjå  litt på siste kapittel, der vi får høyre følgjande om Maria Magdalena.
Vi har sporet den svarte madonnaens opprinnelse tilbake til de forhistoriske morgudinnene. Disse gudinnene hadde en helt annen stilling enn det nye testamentets kvinner. Blant dem er det utelukkende Maria Magdalena som beholder en sterk stilling. Alle skrifter som fremholdt hennes betydning, har imidlertid blitt utelukket fra Bibelen.[1]
Det er jo for det første interessant at ein kan gje eit godt bilete av forhistoriske gudinner, all den tid det at noko er «forhistorisk» tyder at det kjem frå ei tid der «de skriftlige kildene er sparsomme eller altfor usikre til å kunne gi et dekkende bilde av historien.» Å kunne gje eit sikkert bilete av korleis det religiøse hirearkiet var med så mangelfullt kjeldemateriale er sjølvsagt umogeleg. Ein kan gjere kvalifiserte forsøk på dette, men det vert heller ikkje meir. At kvinnelege gudinner i polyteistiske religionar har sterke posisjonar er sjølvsagt riktig, men det har kvinnene i Det nye testamentet også. Der får vi høyre om kvinner som masar på Jesus, som vert kalla apostlar, som tar på seg å føde Gud på jorda, som får heile huset sitt til å bli døypt og overtalte Paulus og dei som var med han til å bli hjå dei[2] og så vidare. Ikkje minst får vi høyre om Maria Magdalena og korleis ho får sjå den oppstandne Kristus og får i oppgåve å fortelje dette til disiplane som var redde og hadde gøymt seg.
Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.» «Maria», seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.» Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne. [3]
Maria Magdalena var den første som såg Jesus som hadde stått opp frå grava og det var ho som fekk i oppgåve å vere den første som spreidde evangeliet opp oppstoda frå dei døde.  Bortsett frå at «[a]lle skrifter som fremholdt hennes betydning, har [...] blitt utelukket fra Bibelen»...

Vår Frue av Czestochowa
Biletet er lånt frå katolsk.no
Korleis kyrkja skal ha sett på dei svarte madonnabileta er ikkje boka heilt einig med seg sjølv om. Tidleg i boka vert det hevda at «[d]en svarte madonnaen er ganske enkelt så sjenerende for den katolske kirke at man ganske enkelt foretrekker å ikke være ved at hun er svart»[4]  og at «[k]ulten av den svarte madonnaen, som var spesielt dominerende på 1000-tallet og i senmiddelalderen, har overlevd inn i vår tid, til tross for aktiv motstand fra den offisielle kirken».[5] Så langt eit mørkt bilete, altså, heilt i tråd med det som er hovudstrauminga i boka, nemleg at kyrkja har fortrengt og undertrykt den feminine guddomen, anten representert med gnostisisme eller eldre mor- eller jordgudinner.[6] Korleis forfattaren ser på til dømes historia rundt ikonet Vår Frue av Czestochowa som ein har redda og verna over i hundrevis av år, og som skal ha stått i eit kloster i Polen siden 1300-talet, veit eg ikkje, særleg ikkje sidan ho brukar tre sider på dette ikonet og historia rundt det.[7] Heller ikkje korleis ho forklarar at madonnaen på Montserrat er skytshelgen for Katalonia og var eit pilegrimsmål for mellom andre Ignatius Loyola. Også dette ikonet får tre sider i boka.[8] Det heng heller ikkje saman med at ho heilt til slutt i boka slår fast følgjande:
Den svarte madonnaen kan minne oss om at menn og kvinner er likeverdige deler av en androgyn helhet. Menn trenger å bli klar over det feminine prinsippets makt, ellers blir de styrt av det i sin underbevisthet. Konger og paver har tilbedt de svarte madonnaene i Le Puy, Rocamadour, Montpellier, og Chartres gjennom alle tider».[9]
Tilbedinga har sjølvsagt skjedd medan ein har oversett at dei var svarte og aktivt motarbeida tilbedinga...

Forfattaren avviser at den svarte fargen kan kome av materialet statuane var laga av, sot frå lys og røykelse, kunstnarar som meinte at folk i Palestina var svarte og liknande grunnar. Ho seier derimot:
At den svarte fargen har en symbolsk betydning, blir imidlertid åpenbart hvis man setter den svarte madonnaen i relasjon til Den store mor i religionene som eksisterte før kristendommen i middelhavsområdet. Kanskje madonnaen er svart fordi hun er en jordgudinne. Den svarte jorden er den rikeste og mest fruktbare. Kanskje hun er svart fordi hun i likhet med den indiske Kali symboliserer den svarte natten og døden samt alt det skjulte som har vært knyttet til kvinnelige krefter i vesterlandsk kultur. Ifølge det forhistoriske morgudinneprinsippet er døden et frø til nytt liv.»[10] 
Så går ho gjennom Høgsongen, kabbalistiske middelaldermyter om Lilit og ulike gudinner og ulik naturtru. Forfattaren meiner desse vert samla til den svarte madonnakulten på 1100-talet, og vert innført av krossfararar som kom heim. Ho presenterer også ein hypotese vi nok delvis kjenner frå før. På 1100-talet vart organisasjonen Notre Dame de Sion etablert. Denne skulle få merovingane attende på den franske trona, og dei tilbad den svarte madonnaen. Kvifor gjorde dei det? Jo, selskapet kjente den store sanninga, nemleg at Maria Magdalena, den nye dronninga av Saba, bar Jesus sin arving i magen då ho gjekk i land i Frankrike. Med seg hadde ho også ei egyptisk tjener, Sara. Sara bind saman Maria Magdalena og Isis, og Maria Magdalena skal ha blitt kalla for Den egyptiske Maria. Og kjelda til dette? Ingen ringare enn den kjente falsknaren Pierre Plantard.[11]

Isis og Horus.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Ein kan sjølvsagt sjå nokre likskapar mellom Maria og gudinner som Isis . Ein skal ikkje vere særleg kjent med ikonografi for å sjå likskapar mellom statuen av Isis og Horus og bilete av Maria og Jesus. Det tyder sjølvsagt ikkje at det er snakk om dei same personane. At ei mor ammar barnet sitt, er sjølvsagt ikkje at alle ammande mødre er denne mora. Det er heller ikkje naturleg å tru at statuar og bilete av Maria i Europa, svart eller kvit, eigentleg vart sett på som bilete av Isis, Artemis eller andre gudinner. I den grad ein hadde tidlegare gudinnebilete som samsvara med ny religion, er det naturleg å tenkje seg at desse vart inkorporert i den nye religionen, noko også forfattaren sjølv seier før ho går løs på ulike gudinner for å vise korlei dei har blitt til den svarte madonnaen.[12]

At identifikasjonen av eventuelle gamle bilete som noko anna enn Maria og Jesus skulle kunne halde seg i samfunn som var prega av analfabetisme og ein ny religion er ikkje særleg truverdig. Då er det meir truverdig det mariaforskaren Michael P. Duricy seier:
We may even wonder whether pagan statues of Mother and Child were thought to represent someone other than the Virgin Mary and her Son, Jesus. For Christians, Mary is "The Woman" (cf. Jn 2 and 19). Similarly, the only child worthy of special note is "The Christ Child." Lacking explicit identification, it seems natural that Christians read these perspectives into any art they saw. In fact, it seems that Eusebius of Caesarea took advantage of this predisposition and, sublimating any pagan roots [which he considered likely], used an image of the black Madonna as preparatio evangelii or evangelical preparation, a readily accepted introduction to the full Christian mystery, which is indeed centered on the Word's Incarnation through Mary.[13]
Dette samsvarar med det forfattaren sjølv seier, og det gjer det endå meir underleg at ho likevel meiner at desse svarte madonnaene viser at det har vore ei levande tru på ei gudinne i Europa fram til vår tid. At ikonografi kan ha røter attende, er ikkje eit prov på at trua som har vore har blitt med vidare, men bør heller lesast som teikn på at kristendomen har inkulturert kunsten, slik vi har sett kristendomen gjere med mange ulike fenomen på mange ulike stader i verda.

Svart madonna gav meg altså ingen kunnskap om korleis desse svarte madonnabileta har kome inn i det kultiske livet i Europa og delvis fått ein så framtredande plass. Boka gav meg derimot eit strålande innblikk i det ny-gnostiske vrengebiletet på historia og korleis ein kan kome med utsegn som står steilt mot kvarandre, som at kyrkja skal ha motarbeida desse bileta samstundes som pavar har dyrka dei, og kjem opp med ein underleg konklusjon på bakgrunn av dette.

«Gnostikerne, representert ved Maria Magdalena, tilber en guddom som er både mannlig og kvinnelig og tjent av prester av begge kjønn.»[14] hevdar forfattaren i konklusjonen sin. Thomasevangeliet, eit skrift som kjem frå Nag Hammadi-funnet, eit skriftfunn som stort sett omfattar gnostiske skrifter,[15] har dette å seie om kvinner:
Simon Peter sa til dem: Maria må forlate oss, for kvinner er ikke livet verdig. Jesus sa: Se, jeg skal lede henne og gjøre henne mannlig, slik at også hun blir en levende ånd som er lik med dere menn. For hver kvinne som gjør seg mannlig skal komme inn i himmelens rike.[16]
Eg vil hevde at synet på Maria Magdalena, og alle andre kvinner, er mykje betre i dei kanoniske evangelia enn det ein finn i dette skriftet med gnostisk tilknytting.

Om nokon av lesarane skulle ha tips om ei god bok om desse svarte madonnabileta tar eg imot tips med takksemd.

Eg har nok uansett tatt meg vatn over hovudet når eg forsøker å seie noko om denne boka, for som det vert slått fast: «Å overvurdere sitt intellekt er en typisk mannlig egenskap.»[17]

Fotnoter
[1] Görel Cavalli-Björkman, Svart Madonna, Pax 1998. Side 108
[2] Apg. 16, 14-15
[3] Joh. 20, 11-18
[4] Svart madonna, Side 12
[5] Ibid
[6] Ibid, Side 13-16
[7] Ibid, Side 104-106
[8] Ibid. Side 81-89 (fleire heile sider med bilete imellom teksten)
[9] Ibid. Side 110
[10] Ibid, Side 12
[11] Ibid, Side 48-50
[12] Ibid, Side 25
[13] Black Madonnas
[14] Svart madonna, Side 108
[15] Halvor Moxnes i innleiinga til Apokryfe evangelier i Verdens hellige skrifter, 2001 Side XXIII
[16] Apokryfe evangelier i Verdens hellige skrifter, 2001, Side 56.
[17] Svart madonna, Side 9