torsdag 3. januar 2013

Cathinka Guldberg

Cathinka Guldberg nokre år før
hø døydde.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag minnast vi ei av dei store kvinnene i norsk kyrkjehistorie, og norsk historie generelt. Cathinka Gulberg var den første norske diakonissa og den som grunnla diakonisse- og sjukepleiarutdanninga i Norge. Ho gjorde med dette svært mykje for kvinner si stilling i samfunnet og kyrkja, for sjukestell og utdanning.

Cathinka vart født 3. januar 1840 i Christiania, og byrja på utdanninga si som 24-åring. Ho hadde då vore aktiv innen den johnsonske vekkinga, og var opptatt av dei svake i samfunnet. Ho drog då til Tyskland og fekk diakonisseutdanning på Kaiserwerth, det første diakonissehuset i verda. Det frivillige arbeidet ho hadde gjort i kyrkjelyden i Norge hadde gjort at ho ville ha meir fagkunnskap, og i kyrkjelyden hadde ho fått brosjyrer om diakonissene og skulen ho byrja på. Ho jobba på krigssjukehus i Tyskland under krigen mellom Tyskland og Austerike og på eit sjukehus i Alexandria i Egypt medan ho fekk utdanninga, og før ho var ferdig utdanna fekk ho spørsmål om å grunnlegge og bli forstanderinne for den første diakonisseutdanninga i Norge.

Diakonissene er kvinnelege omsorgsarbeidarar i kyrkja, slik som diakonar. Diakonisserørsla starta i Tyskland i 1836, og har seinare spreidd seg til andre lutherske kyrkjer. Diakonissene kan ofte minne om nonner, med diakonissedraktar og eit liv i fellesskap, bøn og teneste. Dei jobbar i hovudsak med sjukepleie i ulike formar.

Cathinka Guldberg sa ja til spørsmålet, og før ho drog frå Tyskland vart ho vigsla til diakonisse der. 20. november 1868 flytta ho saman med den første eleven inn i det som var den første diakonisseinstitusjonen i Norge. Arbeidet vaks raskt, og dei måtte flytte fleire gonger før dei i 1887 kom til Lovisenberg, der Diakonissehuset Lovisenberg framleis held til.

Ho var leiar for arbeidet heile livet sitt. Frå 1888 lagde diakonissene alle oblatane til Den norske kyrkje, i 1895 opna dei sjukehus på Lovisenberg. I heile 22 år var det kun denne plassen som utdanna sjukepleiarar i Norge! Fleire sjukehus, som Rikshospitalet, innførte ordningar der diakonissene fekk ansvaret for sjukepleien.

Livet som ei diakonisse kunne, og kan endå, på mange måtar minne om klosterlivet til nonner. Dei gjekk med diakonissedrakt, levde i sølibat, vart sendt rundt og fekk ikkje anna løn enn lommepengar. Men diakonissene avla ikkje noko løfte for livet, som nonnene, og dermed kunne kvinner få ei sjølvstendig utdanning som sjukepleiar gjennom diakonissesystemet. Dette var viktig i storsamfunnet, og innad i kyrkja var det viktig at ein med diakonissene fekk ein kyrkjeleg arbeidsgrein som var for kvinner, der kvinner vart vigsla til ei viktig teneste. Diakonisserørsla var prega av ein sterk og inderleg kristentru som var motivasjonen for det dei gjorde. Cathinka Guldberg var ein pådrivar og andeleg leiar for denne delen av rørsla, slik ho var det for dei helsefaglege delene.

Cathinka Guldberg døydde i 1919. Då var det rundt 550 diakonisser i Norge. Ho hadde bygd opp sjukepleiarutdanninga og diakonisseinstitusjonen frå ingenting. Norsk biografisk leksikon seier: «Da kvinner fikk stemmerett i landet, hadde Cathinka Guldberg allerede vært leder for en sterkt ekspanderende stiftelse med arbeid over hele landet i 45 år» Det seier ein del. Då ho var 75 år gamal fekk ho, som første kvinne, ridderkorset av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Cathinka Guldberg er ei kvinne vi ikkje skal gløyme, verken i kyrkja eller i storsamfunnet. Det ho gjekk i spissen for gjer framleis gode ting for oss. Når Den norske kykje ein gang innfører ein helgenkalender bør Mor Guldberg, som ho vart kalla av søstrene, vere ein klar kandidat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar