onsdag 23. januar 2013

Haslemere Home for the Elderly - ein farleg plass

Kostymet som tok livet av tre menneske må ha
vore noko i denne retning.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
For ei god stund sidan fortalde dei den historia vi no skal inn på, i det som kanskje er det beste TV-programmet i verda, nemleg QI. Eg vart så fascinert av det eg høyrde at eg måtte bestille boka som var kjelda til desse opplysningane, nemleg Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics av William Donaldson. I boka kan vi lese følgjande smått utrulege forteljing om kvifor Haslemere Home for the Elderly i Great Yarmouth i Norfolk i England måtte stenge på byrjinga av 1960-talet.

I 1960 fann den 81 år gamle dama Gladys Elton ut at ho skulle underhalde dei andre på eldreheimen med stripping. Dette initiativet vart kanskje tatt godt imot av nokon, men det fekk også heller uheldige konsevensar. Ein mann døydde av hjartestans og fem andre måtte få behandling for sjokk etter showet.

Dette er jo i og for seg ille nok, men året etter vart det heile endå verre. Også denne gongen var nok det heile tenkt som hyggeleg underhaldning i ein kjedeleg kvardag, men ting gjekk nok ikkje heilt slik den 81 år gamle Harry Meadows hadde tenkt. Han kledde seg ut som mannen med ljåen før han gjekk utanfor eldreheimen. Så stilte han seg opp og såg gjennom eit vindauge medan han vifta med ein ljå. Tre menneske døydde av dette, og som ein direkte konsekvens av dette måtte heile institusjonen leggast ned.

Det er kanskje stygt å le av dette, men det er tragikomikk av uante dimensjonar!

Kjelde: William Donaldson, Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, 2002. Side 240.

1 kommentar:

Arve Kjell Uthaug sa...

Det blir neppe så spennande når vi hamnar på gamleheim, nei. Robot-pleiarar er neppe programmerte for stripping (det kan vera like greitt), og ljå og den slags er nok i strid med hms-reglementet. Tenkjer vi sit og duppar sløvt over nettbretta på kvar våre einerom.

Legg inn en kommentar