søndag 20. januar 2013

Så gjer vi så når til altars vi går - Osterøymåten

Hamre kyrkje er det same bygget som stod i 1723.
Den noverande Hosanger kyrkje er frå 1796.
Biletet er tatt av Nina Aldin Thune og er henta frå
Wikimedia Commons.
Eg har bladd meg gjennom fleire utgåver av Bjørgvin. Kyrkjehistorisk årbok frå Kyrkjesogelaget i Bjørgvin. I 1994-utgåva er det ein artig artikkel med tittelen «Kyrkjeskikkar på Osterøy for mest 300 år sidan». Artikkelen har på eit eller anna tidspunkt stått i kyrkjebladet på Osterøy, og er skrive av Åshild Revheim. Eg vil gje ta fram nokre høgdepunkt frå artikkelen.

Artikkelen bygger på boka Saa Maata som kom ut i 1723. Ein veit ikkje kven som har skrive denne boka, men mest truleg er det ei dansk dame, sansynlegvis kona eller dotter til ein militær, som har vore busett på Osterøy eller i nærleiken i fleire år. Forfattaren skildrar i boka livet og skikkane på strilelandet for rundt 300 år sidan, og i denne samanhengen skildrar ho også kyrkjeskikkar i Hamre og Hosanger.

Kyrkjekleda vert skildra i detalj. For menn er dette ei grå kofte med brei krage. Kofta rekk ned til føtene og er heil, slik at ho må trekkast over hovudet når ein tar ho på. Dei går med blå lue, og alle, «sjølv småe gutar», har ein lang stav av ask - spiss med fint utskore mønster - i handa. Av og til brukar mennene ei kvit kofte som er kortare enn den grå. Kvinnene har svart stakk av vadmel, trøye, blått forkle, sølvbelte og sølvkjede om halsen. På hovudet har dei gifte kvinnene svart hatt med ein linduk under. Linduken rekk til under øyrene og kinna. Sommardrakta til kvinnene er utan trøye, men med eit svart liv utan armar. Livet har raude kantar og ein pyntar med søljer. Ugifte kvinner har fletta hår med eit svart band over håret og eit raudt band bak. Alle kvinner har ein linduk over armen.

Så skulle dei gå til nattverd. Dette må ha vore noko for seg sjølv på Osterøy. Kvinnene hadde då på seg den gråe stakken som mennene bar og ei svart lue oterskinnsbrem. Denne bremmen brettar dei så langt ned over kinna at ein nesten ikkje kan sjå haka. Korleis dei får på seg stakken til mennene under gudstenesta seier ikkje artikkelen noko om...

Under nattverden, medan presten sa orda «vor Herre Jesus Christus i den nat der hand blef for raadet» korsar alle seg tre gonger i andletet og slår seg hardt tre gonger i brystet. Etter dei har knela ned og fått nattverd, reiser alle seg og snur seg til høgre frå altarringen. Seinare, når presten lyser velsigningar, gjenntar dei korsinga og slaga på brystet.

Kyrkjesangen var også noko annleis enn i dag. Eg siterer. «Kvinnene syng ikkje i kyrkja. Om ei kvinne skulle koma til å syngja, ler dei andre av ho og syns det er ein ny skikk.»

Vi kan slå fast at denne nye skikken har slått rot på strilelandet.

Kjelde:  Åshild Revheim - «Kyrkjeskikkar på Osterøy for mest 300 år sidan» i Bjørgvin. Kyrkjehistorisk årbok 1994. Utgjeven av Kyrkjesogelaget. Side 47-53

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar