onsdag 27. februar 2013

Leander av Sevilla

Den heilage Leander.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det har blitt smått med merkedagar for helgenar på St. Isidors minne i det siste, men i dag minnast kyrkja ein mann vi ikkje kan gå forbi på ein blogg som er kalla opp etter Isidor av Sevilla. 27. februar er nemleg minnedag for Isidor sin eldre bror Leander. Også han var erkebiskop i Sevilla. Dei hadde også tre andre søsken og to av dei vert og rekna for heilage: nonna Florentina av Cartagena og biskopen Fulgentius av Astigi.

Søskenflokken vart forelderlause medan Isidor og Florentina var unge, og Leander oppdro Isidor og var verge for Florentina, og det kan absolutt virke som om han har gjort sakene sine godt.

I 562 vart Leander benediktinarmunk, og grunnla ein viktig skule som vart eit senter for kristen lære, før han i 579 vart biskop i Sevilla. I 583 var han i Konstantinopel, anten i eksil frå kongen eller i oppdrag for kongen[1], og der vart han ven med han som seinare skulle verte pave Gregor den store. Dei to utvikla eit nært venskap, som skulle vare i åra framover. Omkring 584 vart Leander erkebiskop i Sevilla, ein posisjon han hadde fram til Isidor tok over for han etter at Leander var død. Medan han var i Konstantinopel skreiv han viktige skrifter mot arianismen, som var dominerande i Spaina på denne tida.

Leander sitt hovudverk som erkebiskop var at han fekk visigotarane i Spania til å gå vekk frå arianismen og attende til den ortodokse kristentrua. Både kongehus og dei fleste av biskopane forkasta arianismen. Han stod bak viktige kyrkjemøter, og jobba hardt for einskapen i kyrkja i Spania.

Det er frå Leander vi har den vakre skikken med å synge Nicenum. Det var han som innførte denne skikken i vestkyrkja, ein skikk vi framleis har. Han gjorde også mykje arbeid med den mozarabiske liturgien. Dette er ein liturgi som i dag kun er i bruk i Toledo. I klippet nederst kan ein høyre Gloria med mozarabisk messing, som er ein del av denne liturgien. I kor stor grad dette er likt slik det vart praktisert i kyrkjene i Spania på 500- og 600-talet veit eg ikkje, men det er vakkert. Ei mozarabisk messe i Toledo står høgt på mi liturgiske ynskjeliste.

Leander skreiv verket Moralia om Job på oppmoding frå Gregor den store. Kun to ting han skreiv er framleis bevart. Det er ein klosterregel han skreiv til søstera og ei preike frå eit konsil i Toledo.

13. mars 600 eller 601, og ligg gravlagt i Sevilla mellom Isidor og Florentina. Han har altså minnedag 27. februar og vert gjerne avbilda med eit pergament med orda «Credite o gothi consubstantialem patri» påskrive. Dette var orda han brukte for å forsvare Kristi guddom.



[1] Katolsk.no og Oxford Dictionary of Saints seier han var i oppdrag for kongen, medan Catholic Encyclopedia seier han var i eksil.

mandag 25. februar 2013

Sekulære tankar frå eit kristent perspektiv

Februar har av ulike grunnar vore ein roleg månad på St. Isidors minne. Andre ting har derimot blitt skrive, mellom anna ei sak eg vart utfordra på av Dan-Raoul Miranda. Han driv bloggfelleskapen Tankeferd som er ein fellesblogg for folk med bakgrunn i Humanistisk Ungdom, ungdomsorganisasjonen til Human-Etisk Forbund.

Eg har ytra meg ganske tydeleg om sekularisme på Twitter, og fekk derfor spørsmål om eg kunne skrive ei sak til Tankeferd om kva eg tenker om dette frå min ståstad i kyrkja. Det var ei utfordring eg ikkje kunne gå forbi, og resultatet kan ein no lese på Tankeferd. Teaseren som ligg på Tankeferd kan kanskje lure nokon til å lese artikkelen min, så her kjem han:
«Sekularisme» er eit diffust ord. Ulike folk legg ulike ting i det, men det vi som står for dette har felles er at vi ynskjer ein sekulær stat. Prest Steinar Sneås Skauge  reflekterer litt over sekularisme.
Då er det vel berre å klikke seg vidare til artikkelen «Sekularisme for religionen si skuld».

mandag 11. februar 2013

Vi har en pave!

Vi har ein pave, så lenge det varar, og sidan det snart blir tid for kardinalane til å finne ein ny pave vil eg gje eit aldri så lite filmtips.

I 2011 kom filmen Vi har en pave! av den italienske regisøren Nanni Moretti. Dette er ein spanande film som gjev eit gripande innblikk i korleis det kanskje er å bli valgt til pave.

I filmen kjem vi inn i konklavet og ser korleis kardinal Melville vert valgt til pave, før han får nervesamanbrot på grunn av presset og ikkje klarar å bli presentert for den ventande folkemengda på Petersplassen. Vi vert med den nyvalgte paven på dei rundane han må gå med seg sjølve i møte med den enorme oppgåva han har blitt sett til, og ser korleis det er eit sårbart, redd menneske som går inn i ei rolle med enorme tradisjonar og forventingar, for ikkje å snakke om eit umenneskeleg press knytta til seg.

Filmen er sterk på skildringa av mennesket som skal gå inn i rollen som pave, og den har også ein del underfundige scener, som til dømes korleis kardinalane som er samla til konklavet slår i hel tida mellom valet er tatt og den nye paven kan møte jubelen på Petersplassen.

Kor realistisk det er, det som skjer inne i Det sixtinske kapell, er sjølvsagt umogeleg å seie, men det heile framstår som ganske realistisk og truverdig.

Eg trur denne filmen kan sette Benedikt XVI si avgjerdsle inn i eit nyttig perspektiv. Umiddelbart etter at nyhenda om abdiseringa vart kjent, byrja det å strøyme på med spekulasjonar på Twitter om kva paven hadde gjort og kva nokon hadde på han slik at han måtte gå av. Dette er sansynlegvis grunna i ein eller annan forestilling om at folk høgt oppe i hierarkiet i Den katolske kyrkja (og sikkert andre kyrkjer og...) er maktkåte folk som gjer det det gjer stort sett for å tene seg sjølv, og at dei vil klamre seg til makta til siste andedrag. Sanninga er nok heller at maktsjuka er jamnt fordelt ut over i samfunnet, og om ein vil ha makt, er det nok betre plassar å gå enn kyrkja.

At ein mann på 85 år kjenner at helsa ikkje er sterk nok til å stå i ein av dei mest krevjande posisjonane i verda, er ikkje det spor rart. Vi har en pave! får fram dette på ein vakker og småhumoristisk måte. Sjå filmen medan du ventar på kvit røyk over Vatikanet.