fredag 22. mars 2013

Helgenar på rekke og rad

Dei britiske øyane med ein del av sine helgenar. Få av
denne familien er representert på ikonet.
For ein oversikt over kven som er kven, sjå denne sida.
Biletet er lånt frå Photobucket.
Det dukkar frå tid til anna opp reine dynasti av helgenar. Familien til Gregor av Nyssa og Basilios den store har i tillegg til desse to både begge foreldra deira, bestemora deira, ei søster og ein bror av dei mellom dei som vert æra som helgenar. Isidor av Sevilla vert æra som kyrkjelærar, men også broren hans, Leander, vert rekna som helgen, og det er fleire døme på dette. Om nokon slår familien vi møter i dag, er eg derimot skeptisk til.

Dei fleste av oss kjenner St. Patrick som nettopp hadde minnedag, men at han har fem søstre som vert rekna som helgenar, Tigris, Lupait, Cinnenum, Richella og Darerca, er mindre kjent. I dag er det minnedag for den heilage Darerca av Irland. Ho er ikkje så spanande i seg sjølve, i alle fall ikkje det lille vi veit om henne. Det er borna hennar som gjer utslaget.

Darerca var gift to gonger. Med sin første mann, ein poet, fekk ho ni søner. Alle desse ni vart biskopar i Irland, og fem av dei vert rekna som helgenar: Secundinus av Dunshaughlin,Nectan av Killunche, Auxilius av Killossey, Diarmaid av Druim-corcortri og Coemed Maccu Baird. Ho vart enke og gifta seg med ein mann som skal ha grunnlagt ei kyrkje. Med han fekk ho åtte søner. Også desse åtte vart biskopar, og alle åtte vert rekna som helgenar: Mel av Ardagh, Melchu av Ardagh, Rioch av Inishbofin, Muinis av Forgney, Crummin av Lackan, Middu, Carantoc og Maceaith. Ho fekk også to døtre som (sjølvsagt) også er helgenar, nemleg Eiche av Kilglass og Lalloc av Senlis.

Vi kan telle opp. Først har ein fem søsken som alle vert rekna som helgenar. Så har ein av dei heile 13 søner og to døtre som vert rekna mellom dei heilage. Tilsaman 20 personar. Det er bra familierepresentasjon i skya av vitne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar