mandag 24. juni 2013

Ein slags post om Johannes

Báb
Sidan det er jonsok i dag passar det med ein post som via omvegar er relatert til Døyparen. Eg seier relatert, for dette er ikkje noko som ville funne vegen inn i ei kyrkje, i det minste håpar eg ikkje det, men det er likefullt både interessant og bra sagt.

Vi skal til Baha'i, ein religion eg ikkje kan hugse at vi har vore innom på St. Isidors minne tidlegare. Baha'i ser på seg sjølv som den religionen Gud har openberra for vår tid. Alle andre religionar kan forståast i lys av det deira store profet Bahá`ulláh, sidan dei alle har formidla den same grunnleggjande bodskapen. Ut frå det lille eg har lese av baha'i-skrifter, ser mykje ut til å klinge saman med lære vi kjenner frå dei andre verdsreligionane, sjølv om det sjølvsagt får sin eigen vri i Baha'i.

Johannes, som vi i kristendomen minnast i dag, var han som bana vegen for Jesus. Også i baha'i har ein ein som bana vegen for religionsstiftaren. Bahá`ullàh var først tilhengjar av profeten Báb. I Baha'i si lære ser ein faktisk på Báb som ein slags reinkarnasjon av Johannes. Han er også gjennfødinga av Elia som jødane ventar på og ein shia og zoroasterprofet som er varsla. Báb er altså ingen kven som helst. Han vert rekna som han som gjekk føre Bahá`ulláh, og Bahá`ulláh er han som Báb sa skulle kome. Mykje slik vi tenker om Johannes og Jesus, altså.

På dette bakteppet vil eg altså kome med dagens høgst apokryfe sitat frå Johannes. Det er eit sitat frå Báb, som eg vil tru både kristne og muslimar, og god mogeleg også tilhengjarar av andre tradisjonar, kan nikke godkjennande til. Sitatet er frå Báb si bok Dei sju bevisa, slik vi finn ho her.
THOU hast asked concerning the fundamentals of religion and its ordinances: Know thou that first and foremost in religion is the knowledge of God. This attaineth its consummation in the recognition of His divine unity, which in turn reacheth its fulfilment in acclaiming that His hallowed and exalted Sanctuary, the Seat of His transcendent majesty, is sanctified from all attributes. And know thou that in this world of being the knowledge of God can never be attained save through the knowledge of Him Who is the Dayspring of divine Reality. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar