onsdag 19. februar 2014

Gapestokken i Manger kyrkje

Gapestokken i Manger kyrkje. Med halsring.
Endeleg har eg rota meg til å sjå noko eg lenge har hatt lyst til å sjå, nemleg gapestokken i Manger kyrkje. På galleriet i kyrkja, stua vekk i eit hjørne, står ein gapestokk som mest truleg er frå 1764.

Og det er omtrent alt eg har klart å finne ut om denne gapestokken. I Manger kyrkje og prestegard, som kom ut i samband med hundreårsjubileet til kyrkja i 1991 ser det ut som om gapestokken ikkje er omtala. Den einaste plassen eg finn noko med litt substans om denne særskilde gapestokken er på norgeskirker.no, eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk institutt for kulturminneforskning og KA. Der kan ein lese følgjande setning heilt på slutten av det som står om den forrige kyrkja på Manger, ei kyrkje frå 1743:
En gapestokk med kjetting og halsring, datert 1764, står på loftet i den nåværende kirke.
Gapestokken er altså gamal, men kanskje han kom inn i kyrkja ein gong etter 1991? Nokon på Radøy må jo kjenne til dette, og kan kanskje utdjupe?

Uansett kan vi seie noko meir om gapestokkar, generelt. Ei masteroppgåve i historie frå Universitetet i Oslo i 2010 om rettssystemet på 1600-talet seier dette om gapestokken:
Poenget med gapestokken var at den kriminelle skulle vises frem og ydmykes i offentlighet. Dette var som regel en stasjonær innretning av tre som låste fast nakken på den som skulle ydmykes. Gapestokken var som regel plassert på et svært offentlig sted i lokalmiljøet, og dette var ofte rett ved siden av kirken. For at dommen skulle ha størst mulig effekt ble den dømte ofte idømt tid i stokken på søndager da det var mange folk til stede. Slik ble ydmykelsen størst mulig.
Ut frå dette er det sansynleg at gapestokken på Manger stod utanfor den forrige kyrkja, slik at dei som gjekk til gudsteneste skulle sjå forbrytarane.

Rett nok er det hardt å kalle alle som vart dømde til gapestokk for forbrytarar etter våre standarar. Wikipedia viser til Christian V si lov frå 1687 for å illustrere kva som kunne gjere at folk hamna i gapestokk.  Ser vi i denne lova, kan vi finne følgjande horrible brotsverk som kunne sende nokon til vanæra i gapestokken.
Befindis Ungdommen paa Kirkegaardene med Legen Stimen, eller anden Uskikkelighed, naar Guds Tieniste i Kirken forrettis, at vanhellige Tienisten, da skal de, som dertil have Tilsyn, have Magt til at straffe de Smaa derfor med Riis, eller Pisk, og de store med Gabestokken
Chr. Vs NORSKE LOV: Siette Bog. 3 Cap. Om Helligbrøde. 10. Art
Her står han. Gøymt vekk i eit hjørne på galleriet.
I kapittelet før, «Om Sværen og Banden», kan vi lese at også banning kunne føre til gapestokk, men det er for kronglete skrive til å siterast her. Det er mogeleg eg er klønete, men eg finn ikkje andre brotsverk som vart straffa med gapestokk i dennne lova, men Store Norske Leksikon kan fortelje at også gatebråk vart straffa på denne måten, og at stokken også seinare vart brukt til å krevje inn bøter.

Gapestokken var særleg i bruk på 1700-talet, og vart siste gang brukt i Norge i Moss i 1840. I 1848 vart heile straffa avskaffa.

Vi får tru at det som kan seiast om gapestokkar generelt også kan seiast om den i Manger. Om nokon kjenner meir til den særskilde historia på Manger er eg interessert i å lære meir.

Det hadde forresten vore artig om ein hadde vist fram denne klenodiet litt meir. Ein historisk skatt som dette fortener betre enn å stå gøymt vekk i eit hjørne på galleriet. Gapestokken er ikkje det stoltaste Norge har å by på, men det er like fullt ein del av historia vår. Særleg no når ein feirar grunnlova, kunne det passa å tatt fram noko som viser korleis lovene var tidlegare, men også inn i tida med vår grunnlov.

onsdag 12. februar 2014

Får vi sjå noko slikt i Sotsji?

Biletet er henta frå engelsk Wikipedia.
Propagandamaskina i Russland går for fullt no, og det kan verke som om det største problemet i verda i dag er for lite jubel mellom reklamepausane i sendingane.

Slik er det sjølvsagt ikkje. Gjennom OL får både Putin og IOC legitimitet, noko verken korrupsjonskameratane i IOC eller halvdiktatoren i Kreml fortener.

Eg ynskjer at nokon kunne ta mot til seg og protestere. Det er nok å protestere mot. Korrupsjonen og arrogansen i IOC, den totalt øydeleggande kommerisaliseringa av idretten, Putin sine brot på menneskerettane, den enorme pengesløsinga før OL, korrupsjonen og dei store miljøskadane dette arrangementet påfører Sotsji. Det er eit koldtbord med gode saker å protestere mot om nokon vågar.

Tenk om nokon kunne gjere som i Mexico i 1968.

I sommer-OL i 1968 vann Tommie Smith frå USA 200 meteren. Med seg på pallen hadde han Peter Norman frå Australia og John Carlos frå USA. Alle hadde gløymt dei no, hadde det ikkje vore for det dei gjorde på pallen.

Då dei tre stod på pallen og «Star Sprangeled Banner» skulle spelast, løfta Smith og Carlos ei hand kvar. På handa, som var knytta til ein knyttneve, hadde dei ein svart hanske. Dei viste «Black Power»-helsinga, sjølv om dei seinare hevda det var meint som ei menneskerettshelsing.

Smith og Carlos kom på pallen utan sko, men med svarte sokkar, eit symbol på fattigdommen mellom dei svarte. Dei to amerikanarane løfta ulike hender. Den eine høgrehanda og den andre venstrehanda. Dette var på grunn av at ein av dei hadde gløymt hanskane sine. Norman, altså mannen frå Australia, foreslo då at dei skulle dele på hanskeparet. For Norman var klar over kva som skjedde. Saman med dei to andre på pallen tok han på seg eit merke for organisasjonen Olympic Project for Human Rights, ein organisasjon som jobba mot rasisme. Det vart altså ein sigerspall spekka med politisk symbolikk. Heilt blotta for den såkalla «nøytraliteten» IOC vil ha.

Det heile fekk sjølvsagt konsekvensar. Amerikanarane vart kasta ut av OL, men gjorde det seinare godt innen idrett i USA. Norman fekk mykje kjeft i Australia, og sjølv om han var godt kvalifisert, vart han ikkje tatt ut til OL i 1972. Protesten fekk altså konsekvensar for alle tre.

Eg skulle ønske 2014 kunne by på like tøffe olympiarar som 1968. Idretten treng nokon som ser lenger enn til sitt eige premieskap. Slik det er i dag legitimerer idretten brot på menneskerettar, korrupsjon og miljøbrotsverk gjennom å strupe politiske ytringar.

Gje meg politisk opposisjon på pallen i Sotsji!

søndag 9. februar 2014

Når vert krossen religiøs?

Biletet er tatt av Myrabella og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Krossen er eit symbol som i det daglege livet i vesten minst kan ha to tydingar. Hovudtydinga er sjølvsagt som «logoen» til kristendomen, men den vert også brukt som bortimot eit religionsnøytralt symbol for «død». Biletet over fekk meg til å undre meg over når krossen som symbol vert religiøs og når det ikkje først og fremst er eit religiøst symbol.

Biletet over er frå ein amerikansk krigsgravplass nær Omaha Beach i Normanide. Amerikanske krigsgravplassar er prega av desse endelause rekkene med kvite graver, her i form av krossar. Den meiningslause valden i krig kjem særs tydeleg fram på slike plassar. Sjølv trur eg mi eiga pasifisme i stor grad vart endeleg etter å ha gått ei stund på Arlington National Cemetery...

Personleg ser eg ikkje på ei slik rekke av krossar som religiøst, sjølv om krossen utan tvil kan vere eit religiøst symbol. Det vert for meg likevel vanskeleg å sjå desse krossane som noko anna enn eit symbol for død. Sjølvsagt har krossen vorte dette dødssymbolet på grunn av den kristne tanken på at Jesu død på krossen frir andre frå døden, men at ei slik samling med krossar skal tolkast særleg religiøst, vert rart for meg. At alle desse soldatane skal ha hatt ei definert kristentru, og som følge hatt ynskje om å bli markert med ein kross etter døden, finn eg lite sansynleg. Krossen er derfor her først og fremst eit dødssymbol for meg, ikkje eit symbol for kristendomen.

Det som utløyste undringa mi denne gangen, var kåringa av «årets bilde» på Wikimedia Commons. Der ligg dette biletet i kategorien «religiøse byggingar». Alle er vel einige om at dette ikkje er ein byggning, men noko må ein jo kalle det, så då kunne det vel like godt hamne på byggningar. At ein vel å kalle dette for religiøst finn eg derimot interessant. For krossen er jo heilt klart eit religiøst symbol. Likevel er ikkje dette biletet, som inneheld sikkert hundre krossar, eit religiøst bilete i mitt hovud. 

Når vert eigentleg krossen religiøs?