tirsdag 1. april 2014

Vår Frue av Candelaria II - Pilegrimsmålet


Basílica de la Candelaria
Første del i Vår Frue av Candelaria I - Funnet

Statuen hadde no fått liv som ein kristen heilagdom, noko som sjølvsagt ikkje var utan farar. I 1464 vart han stolen og tatt til Fuerteventura, ei anna av Kanariøyane. Kort tid etter vart øya ramma av pest, noko som dei såg på som straff for å ha vanheilaga Jomfrua,så dei tok statuen attende til Tenerife. Der gjekk det så slag i slag. Dei bygde eit kapell for statuen, dominikanarane tok på seg å beskytte den før pave Klemens VIII i 1559 utpeika Vår Frue av Candelaria til skytshelgen for Kanariøyane. I 1789 brann kapellet ned, men statuen vart på mirakuløst vis redda. Så heldige var ein ikkje då ein tsunami slo inn over Candelaria i 1826. Den tok med seg den opprinnelege statuen som sidan då har vore vekke.

Vår Frue av Candelaria, slik ho står i altarveggen.

Dagens statue vart laga på oppdrag frå munkane i Candelaria i 1830. Statuen skil seg mykje frå slik den originale såg ut, noko vi skal sjå meir på i neste post. Den statuen ein har no viser ei særs oppstasa dame med ei stor krone. Ho har eit lite barn, også med krone, i den ene armen, og eit stort stearinlys i den andre handa.

Statuen står i den særs flotte kyrkja Basilica de la Candelaria, som kun er rett over femti år. Kyrkja er eit stort pilegrimsmål og tar imot rundt to og ein halv million menneske i året, særleg i samband med dei store festane for Jomfrua 2. februar og 15. august. Veggen bak altaret og det eine sidekapellet er pryda med flotte veggmaleri, og kyrkja bør absolutt sjåast. 

I samband med kyrkja ligg også hula som fungerte som den første kyrkja på Tenerife og var staden der statuen vart ført til av Antón Guanche. Den fekk eg desverre ikkje sett.

Den rettruande lutheranar som drar til Candelaria vil finne mykje å hisse seg opp for. Her er Maria i fokus og vert æra så det verkeleg merkast. Den teologiske diskusjonen får andre ta seg av, men noko eg lurer på er om dagens statue eigentleg kan seiast å vere så spesiell i seg sjølv? Om vi godtek openberringa på stranda i 1392 og at den gamle statuen var ein guddommeleg openberring av Maria, endrar jo ikkje det på det faktum at den statuen som vert heidra i Candelaria i dag verken er opprinneleg eller liknar på den originale. Neste post skal ta oss til ein kopi av originalstatuen. Ein kan sjølvsagt hevde at statuen i Candelaria kan minne oss på openberringa på stranda, men ville det ikkje då vore betre med ein kopi? Eg veit ikkje. Det er ein del med katolsk formheit eg ikkje heilt forstår...

Altaret med den flotte veggen og statuen
Siste del av reisebrevet i Vår Frue av Candelaria III - Adeje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar