mandag 2. juni 2014

Slaget om Santiago

Eit vanleg syn i kampen. To mann ligg nede og laga kranglar.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. (Public Domain)
Det nærmar seg fotball-VM i Sør-Amerika. Der har det blitt spilt før, og vi ser i dag på ein kamp som vart spelt i VM i Chile 2. juni 1962. Kampen som var mellom Chile og Italia fekk fort kallenamnet «Slaget om Santiago», og innslaget om kampen på BBC vart introdusert med følgjande ord: «Good evening. The game you are about to see is the most stupid, appalling, disgusting and disgraceful exhibition of football, possibly in the history of the game».

Men kva var det så som skjedde? Forhistoria er vistnok viktig her. Italienske journalistar hadde i så stor grad skrive stygge ting om Chile før kampen at to av dei måtte dra frå landet på grunn av si eiga sikkerheit. Dette gjorde at stemninga allereie var på kokepunktet før kampen.

Så kom kampen i gang, og det gjekk kun 12 sekund før første takling var gjort. Deretter gjekk det nedover. Etter åtte minutt vart ein italienar utvist for ein takling, men han nekta å gå av bana, og måtte til slutt halast av bana av væpna politi. Før dei kom så langt, hadde chilenaren som vart takla fått inn eit par slag på italienaren. Tilsaman måtte politiet ut på bana tre gonger i løpet av kampen. Då ein endeleg kom igang att etter å ha fått den utviste italienaren av bana fortsatte det i sama gata.

Ikkje overraskande måtte politiet eskortere spelarane av bana.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. (Public Domain)
Ein av chilenarane, vistnok son av ein proffboksar, slo ein italienar i bakken, utan at dommaren gjorde noko. Italienaren fulgte opp med å sparke chilenaren i hovudet litt seinare. Dette førte til den andre italienske utvisninga. Den same bokseglade chilenaren klarte å få inn endå eit slag i løpet av kampen, og knakk ei italiensk nase, også dette utan at han måtte gå av bana. Det var også fleire andre nevekampar i løpet av kampen, i tillegg til alle spark og spyttklyser som flaug fram og attende mellom laga.

Chile vann til slutt kampen 2-0, utan at særleg mange hugsar det. Utruleg nok vart det berre to utvisningar. Om ein ser bileta frå kampen i filmen under denne teksten, kan ein undre seg på at ikkje heile gjengen vart utvist...

Det er mogeleg kampen trass alt var positivt for fotballen, for dommaren, engelskmannen Ken Aston, var mannen som seinare fann opp gule og raude kort. Han hadde nok hatt bruk for dei denne dagen i Santiago. Han sa sjølv at han var ikkje dommar i ein fotballkamp, men observatør i ein militærmanøvre.

2 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

Litt av ein episode. Og i 1969 utløyste ein fotballkamp fire dagars krig mellom El Salvador Og Honduras (http://no.wikipedia.org/wiki/Fotballkrigen).

Likevel held folk fram med å senda ungane til Norway Cup.

Steinar Sneås Skauge sa...

Det er kanskje berre snakk om ei bokstavtru tolkning av ordet "fotballKAMP"?

Legg inn en kommentar