onsdag 18. juni 2014

Strilesong

I dag er Nordhordland kjent for gode musikarar på mange område. Slik har det ikkje alltid vore. I band 4 av Strilesoga kan ein få nokre glimt av kyrkjesongen på 1800-talet.

Prestane i Nordhordland skal ha vore svært lite nøgd med kyrkjesongen rundt om i kyrkjene. Problema skuldast tydlegvis kombinasjonen av lokal songstil og prestar frå andre delar av landet. Her i strøket song dei på ein særskild måte med tanke på korleis melodiane vart utbroderte, noko som førte til at songane tok lengre tid. Prestane var vant med andre skikkar, og ville syngje fortare. Dei fekk med seg klokkaren, og song slik «det burde vere», noko som førte til at det kunne vere opp til ei strofe mellom den delen av kyrkjelyden som song saman med presten og klokkaren og dei som heldt seg til strilemåten. Då Manger kyrkje hadde visitas i 1883 omtala soknepresten songen som dårleg og sa at dei song melodiar som han ikkje hadde høyrt andre stadar og ikkje ana korleis hadde kome til Manger.

I Masfjorden gjekk sokneprest Torbjørn Frølich drastisk til verks for å få bukt på desse problematiske strilane. Han kjøpte eit brukt orgel frå ei av kyrkjene i Bergen, noko som vart «en seier for kirkesangens forskjønnelse».

Framleis finn ein spor av den gamle strilesongen i kyrkja vår. Melodien til «Herre, eg inderleg ynskjer å fremje di ære» er frå Eksingedalen, og skal vere ein rest frå før den tradisjonen døydde ut, eller «hadde faat sin knæk», som Frølich sa det, då orgelet kom inn og tok kontroll over kyrkjesongen.

Kjelde: Atle Døssland og Karl Egil Johansen, Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Band 4, Eide forlag, Bergen, 1999. Side 197.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar