fredag 29. august 2014

Ferdaminni fraa Sumaren 2014: Jo Vedlo Hodne - Banemann åt Karl XII

Turen gjekk i så godt ver at det var
vanskeleg å ta eit godt bilete.
For eit betre bilete, kan ein sjå
mykingbygda.no.
Sommaren 2014 baud på ein lenge planlagt ekskursjon, nemleg til minnebautaen for Jo Hodne som vart heidra med ein bauta i heimbygda for å ha tatt livet av Karl XII. Lite kan vel gje ei større stjerne i Norge enn å ha drepe ein svensk konge, som i tillegg til å vere svensk konge var så frekk at han kriga mot norske troppar. Både ein bauta og ein ekskursjon var altså heilt på sin plass. Etter mykje leiting fann eg endeleg bautaen, og fekk derfor ein grunn til å skrive om strilelandet sin store helt. Vår eigen «Kingslayer»: Jo Hodne.

Jo Hodne vart fødd rundt 1694 og kom frå Hodne på Myking. I 1713 vart han kalla inn til Nordhordlendske 1. reservekompani, og var i kompaniet fram til 1719, då han hamna i Nye Mellen Nordhordlendske kompani som han var i fram til han vart dimittert i 1719. Dette var midt i Den store nordiske krigen, og han hamna i Østfold, som var eit viktig område i denne krigen, og i vår forteljing.

For i 1718 hadde Karl XII og den svenske hæren sett seg føre å ta Norge frå Damnark. For å gjere dette var Fredriksten eit sentralt mellommål, og det er her Jo Hodne skal ha blitt «banemann åt Karl XII». Fredriksten vart beleira av svenskane, og 15 mann frå Hodne sitt kompani var inne i beleiringa, så det er altså mogeleg han var med i det avgjerande slaget.

Svenskane grov seg ned, medan nordmennene skaut på dei med gevær, lysbomber og kanonar. Karl XII var ute i skyttargravene og inspiserte dei. Han var kjent for å vere i frontlinja, noko han også var denne dagen. Han hadde på seg ein vanleg uniform, slik at ikkje nordmennene skulle sjå kven han var og skyte han. Han stilte seg etterkvart i ei skyttargrav med hovudet over grava for å sjå. Folka rundt han bad han om å vere forsiktig, men fekk til svar «Var inte rädd!» Så var kongen plutselig død. Skoten i tinningen.

Liket av Karl XII på veg heim etter at nokon andre enn Jo Hodne skaut han.
Biletet er mala av Gustaf Cederstöm og ligg på Wikimedia Commons.
Jo Hodne kom heim til Myking året etterpå. Der fortalde han bygdefolket om det han hadde vore med på. Han skal då ha sagt at han hadde skote den svenske kongen i dette slaget, og han døydde sjølv i trua på dette seinare på 1700-talet ein gong.
I 1926 fekk så ungdomslaget på Myking på plass ein bautastein for bygda sin store son. På bautaen står teksten  «Jo Vedlo Hodne - Banemann åt Karl XII»

Vi gjev no ordet til ein gamal byantikvar i Oslo: Kjeld Th. Magnussen:
Etter eget utsagn hadde han, trass i stummende mørke og to hundre meters hold, både sett og skutt blink på den svenske kongens hode med sin glattløpede muskett. Normalt var det en ren slump om kulen fra et slikt våpen traff en låvedør i dagslys på slik avstand. Historien er naturligvis en diger skrøne, selv om den er hogd i stein.
Og det er nok mogeleg at den godaste Magnussen har rett, for rettsmedisinarane gjev heller ikkje mykje støtte til  ungdomslaget. Dei kan fortelje at kongen fekk ei kule med diameter mellom 19 og 20 millimeter i hovudet. Dei norske kulene var 18 millimeter. I tillegg vart han skoten frå nært hald, medan nordmennene stod 200 meter vekke.

Myking kan nok altså ikkje skryte av å ha fostra ein som drap svenskekongen, men dei har i alle fall ein knakande fin bautastein!

Hovudkjelde
Yngve Nedrebø, "Banemann åt Karl XII" i Bergensposten 2/2007

torsdag 21. august 2014

Keisar Norton I

Keisar Norton I i keisarlege klede, som
seg hør og bør.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne har ikkje sansen for monarkiet, men av alle monarkar, vil vi i dag slå eit slag for keisar Norton I. Dette er ein monark etter denne skrivaren sitt hjarta.

Keisar Norton vart fødd som Joshua Norton i England i 1819. Han tente seg rik i Sør-Afrika, og dro så til USA, der han etterkvart klarte å miste formuen sin på ein heller klønate måte. Han kjøpte opp all risen i San Francisco for å drive prisen i veret. Dette hadde kanskje funka, hadde det ikkje vore for at det kort tid etter kom fleire skip til byen fullasta med ris, noko som gjorde at prisen stupte. Det heile førte til at han slo seg konkurs og dro frå byen på slutten av 1850-talet.

Så i 1859 var han igjen attende i San Francisco, og det er no moroa byrjar. 17. september 1959 fekk han følgjande tekst på trykk i San Francisco Bulletin:
At the peremptory request and desire of a large majority of the citizens of these United States, I, Joshua Norton, formerly of Algoa Bay, Cape of Good Hope, and now for the last 9 years and 10 months past of S. F., Cal., declare and proclaim myself Emperor of these U. S.; and in virtue of the authority thereby in me vested, do hereby order and direct the representatives of the different States of the Union to assemble in Musical Hall, of this city, on the 1st day of Feb. next, then and there to make such alterations in the existing laws of the Union as may ameliorate the evils under which the country is laboring, and thereby cause confidence to exist, both at home and abroad, in our stability and integrity. —NORTON I, Emperor of the United States
Seinare la han også til «beskyttar av Mexico» til tittelen sin, som om ikkje keisar av USA var nok. Då Maximilian besteig den mexicanske trona i 1864, vart han dømt til døden av Norton I, som ein ursurpator, utan at eg vil tru Maximilian tok akkurat det så tungt...

I eigenskap av keisar, sendte han ut dekret, til dømes at kongressen skulle oppløysast, at både det demokratiske og det republikanske partiet skulle oppløysast og at ein skulle bygge ei bru mellom San Francisco og Oakland. Denne brua eksisterer faktisk i dag under namnet San Francisco - Oakland Bay Bridge, utan at det er keisaren sin skuld.

Desse ordrane vart sjølvsagt oversett, men mannen sjølv fekk faktisk ein viss form for aksept for kravet sitt om å vere keisar. Han kravde ei form for skatt, og det vart faktisk betalt 50 cent per natt for å innlosjere han i eit herberge. Ein gong sendte han ut ein keisarleg beskjed som sa «Know ye that we, Norton the First, have divers complaints from our liege subjects that our Imperial wardrobe is a national disgrace», og kravde nye klede. Underleg nok spanderte byrådet klede frå ein prestisjetung skreddar.

Keisarleg valuta.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Norton I trykte også opp eigne pengar, som faktisk vart godkjent som valuta på resturantar og butikkar i byen. Når det vart sett opp skodespel og konsertar, reserverte ein alltid eit sete til han og restaurantar såg på det som ei ære om han åt der, og stilte ut «keisarlege godkjenningar» for å trekke gjester.

Heile denne tilsynelatande «aksepten» av keisaren, var nok ganske humoristisk. Folk likte den underlege og eksentriske fyren som ikkje gjorde nokon skade med kravet sitt.

8. januar 1880 datt han om på gata, og døydde. Då dei gjekk gjennom sakene hans, fann dei ut at han omtrent ikkje eigde noko som helst. Utrulege 30 000 menneske fulgte han til grava nokre dagar seinare. Minneordet i San Francisco Chronicle kunne seie oss ikkje mindre enn dette om keisaren:
Norton I rises up the exact peer of the haughtiest King or Kaiser that ever wore a crown. Perhaps he will rise more than the peer of most of them.
Vi må nok seie oss einig. Norton I, keisar av USA og beskyttar av Mexico, når høgare enn alle andre kongar og keisarar.  Ingen andre kan skilte med ein slik sjarm!

Kjelde
William Donaldson, Brewer's Rouges, Villains & Eccentrics, s. 472-474.

torsdag 14. august 2014

Ei kyrkje for dyra

Industridrift av høns.
Biletet er tatt av Maqi og ligg på Wikimedia Commons.
(CC-BY-SA 3.0)
I dagens Vårt Land vert ein viktig diskusjon løfta fram når dei ser på korleis enkelte verdsett nokre dyr på ein slik måte at det ser ut som om dei har høgare verdi enn menneske. Dette har sjølvsagt samanheng med den absurde minnestunda for ein hund som vart skoten i Rogaland i forrige veke.

Det er lett å seie seg einig med dei som peikar på at ein kan gå for langt i å likestille dyr og menneske, men samstundes er det også lett å sjå at dette ikkje er det som er hovudregelen i dag. Særleg ikkje i vår del av verda.

Der folk straumar til ein minnestund for ein hund som vart skoten, lir tusenvis av andre hundedyr i små bur kvar einaste dag. Utelukkande for å mette våre ynskjer om klede med revepels. Fjærfe og laks vert ala opp under høve som er djupt tragiske og grisar slepp ikkje ut i friskluft før dei vert slakta. Og samstundes veit vi at Norge ikkje er ein versting på dette området.

Hovudregelen er ikkje at vi gjev dyr for stor verdi, men at vi devaluerer dei til eit nivå der dei kun har verdi som noko som kan konsumerast og gje økonomisk vinning.

Dette perspektivet vart heldigvis tatt fram av sokneprest Kristin Fæhn i Vårt Land, men desverre var det ikkje det som fekk hovudfokuset i artikkelen. Likevel er nok er denne delen av korleis vi verdset dyr, noko som gjeld dei fleste av oss i mykje større grad enn at nokon gjev kjæledyra sine for høg status. For vi er alle i større eller mindre grad ein del av grunnlaget for det industrialiserte landbruket.

Eg ynskjer meg ei kyrkje som tør å snakke ærleg om dette perspektivet. Vi snakkar ofte om «forvaltaransvar», og skal vi ta forvaltaransvaret vårt på alvor, er dyrevelferd eit sentralt spørsmål.

Dette perspektivet kan vi løfte utan å vere redde for å blande saman menneskeverd og dyr sin verdi. Eg trur at respekt for dyr og respekt for menneske i eit samfunn heng saman. Høg respekt for menneskelivet gjev høg respekt for dyr, og liten respekt for dyr gjev liten respekt for menneskeverdet. Forsvarar vi dyra som i dag vert utnytta i eit kapitalistisk system som kun ser på dyr som produksjonsmiddel, forsvarar vi samstundes menneske som lir under det same kapitalistiske systemet. Og snur vi ryggen til korleis levande skapningar vert grovt utnytta, er det lettare å sjå vekk når våre medmenneske vert offer for den same utnyttinga.

Det er fint at kyrkja løftar fram menneskeverdet. Det skal vi gjere. Men lat oss ikkje gløyme at vi også har eit ansvar for dyra vi deler jorda med og brukar som våre tenarar.

Lat oss slutte med eit visdomsord frå Ordtaka. «Den rettferdige har omsorg for buskapen sin, den urettferdige er utan hjartelag.» (Ord 12.10)