søndag 23. november 2014

De skal elska kvarandre!

Eg legg ikkje ofte ut preikene mine, men sidan eg trur denne preika har noko viktig å seie også til dei som ikkje er ein del av kjerna i kyrkjelyden, eller ein dei av kyrkja i det heile, legg eg ho ut her.

Preika ligg her slik ho står i mitt manuskript, bortsett frå at eg har lagt til nokre lenkjer og skriftreferansar i teksten. Hugs forøvrig at ei preike alltid er ein del av ein heilskap. Denne heilskapen får ein kun gjennom å delta på gudstenesta i ei kyrkje.


Vi markerer søndag for dei forfulgte i dag. Dette er noko vi gjer kvart år, der vi set av ein dag til å markere den delen av kyrkja som ikkje har det like bra som oss. For saka er jo at kristne i store delar av verda lir under manglande fridom og i andre delar av verda lir under rein forfølging, ofte i form av drap, bombeangrep, tortur og likande. Akkurat no er jo situasjonen i Irak og Syria sørgjeleg aktuell. Vi har vel alle lese dei forferdelege historiene om kva galningane i ISIL gjer med kristne, jesidiar, andre muslimske grupper og andre religionar. Det er sjølvsagt like ille når ein jesidi eller sjiamuslim vert drepen, men eg trur det gjer meir vondt for oss når det er ein kristen som vert drepen eller driven på flukt. For då kjem det nærare. Og så ser vi på oss sjølve som ein del av den same kyrkja. Når eg sa i stad at dei som var døypte var våre søsken i Kristus, så gjeld det også dei kristne som vert drepne i Irak. Dei er også våre søsken i Kristus. Og derfor vert det vondare med dei kristne, utan at dei er meir verdt enn dei andre.

Det som skjer med dei kristne i Irak eller Pakistan eller Nord-Korea eller andre stader, gjer at det kan kjennast så meiningslaust med slike gudstenester som dette. For ISIL og Taliban og Kim Jong-un kunne jo ikkje brydd seg mindre om kva vi står her og seier. Kva skal det då vere vits i. Delvis på grunn av dette, sat eg i går kveld og lurte på kva eg skulle seie i dag. I mangel på noko betre, tenkte eg å seie noko om noko eg har sagt før, nemleg at vi ikkje kan seie at kristne er forfulgde i Norge, og når ein påstår at kristne er forfulgde i Norge, hånar ein dei som verkeleg blir forfulgde. Eg tok derfor turen til Dagen sine nettsider. Dagen er ofte gode på stoff om forfulgte kristne, men dei er også gode på å gje ordet til folk som hevdar seg forfulgte på grunn av grunnlovsendringar eller at det ikkje er kristendomsundervisning i skulen eller kleskoden i NRK eller kva det måtte vere.

Då eg kom til Dagen sine nettsider, var det ikkje dette eg fann. Eg fann ei sak som vart lagt ut i går ettermiddag som viste korleis kristne i Norge i dag er offer for undertrykking og forfølging. Saka viste og med grell klarheit kven som er skuld i dette og korleis vi som medkristne kan jobbe for å rette opp i dette.

Dagen kunne i går melde om korleis kristne asylsøkjarar frå Mosul-området i Irak vart returnerte fordi norske styresmakter ikkje rekna det som nok sannsynleg at dei skulle bli drepne fordi dei var kristne. Rett nok var dette før ISIL tok makta i desse områda, for det har dei no, men allereie i vurderingane frå norske styresmakter vert det sagt at Mosul var «generelt utrygg, spesielt for kristne», og dei som kom hit fortalde korleis dei vart forfulgde av islamistar. Likevel vart dei sende ut frå Norge. Vi hadde mogelegheita til å hjelpe dei, men vi sende dei attende til forfølginga.

Kven sin skuld er dette? Jo, det er vår. Vi som fellesskap er det som har skapt dette systemet der politikarar frå ulike fløyar kappast om å vere strengast, der ein kan høyre frå begge sider i det politiske spekteret korleis dei sender eller sendte stadig fleire asylsøkjarar attende og der det kan virke som om det har gått sport i å hjelpe færrast mogeleg av dei som treng hjelp i verda. Vi i rike Norge tar i år i mot tusen flyktningar frå Syria. Tyrkia har tatt imot 1,6 millionar. Korleis kan dette ha blitt ein politikk det er bortimot tverrpolitisk semje om dei store linjene i? Fordi vi vil det. Fordi vi har stemt på desse politikarane og fordi vi har vist at det er slike tiltak som har fenga når vi har svarar i meiningsmålingar.

Så kva kan vi gjere for å hjelpe dei forfulgte kristne som vi støyter frå oss i vår iver etter å bygge murar rundt oss? Vi kan jobbe for å snu partia. Vi er sikkert folk her i dag som representerer dei fleste partia i Norge, i alle fall som sympatiserer med dei fleste partia. Då må vi jobbe frå innsida i alle partia for å snu denne menneskefientlege galskapen. Vi må gjere dette for våre forfulgte brødre og søstre som får beskjed om at dei ikkje har stor nok sjanse til å bli drept. Og om vi tar med oss andre i dragsuget, så hurra! Forfulgte jesidiar, muslimar, bahaiar, buddhistar, ateistar, jødar og kva med måtte vere treng også vern. Om våre kristne søsken kan opne for dei også, så lat oss glede oss. Men skal dette skje, må vi jobbe i breidda av parti og politiske organisasjonar. For det er ikkje slik at vi berre kan skulde på nokon for dette. Dette er noko vi i fellesskap har latt gro fram, og noko vi i fellesskap må rette opp.

Preiketeksten i dag byrja med Jesus sine ord: «Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!» (Joh 15, 17)  Korleis kan vi i alvor hevde at vi elskar våre søsken i trua, når vi bygger murar som stenger dei ute og sender dei attende til drap og tortur? Jesus snakkar vidare om at verda hatar oss, og kanskje vil ein slik snuoperasjon som det eg snakkar om føre til motstand, misnøye og kanskje til og med hat. Men det er likevel naudsynt. Det er noko vi skuldar våre søsken i Kristus, og det er noko vi skuldar våre medmenneske som ikkje deler vår tru, men som er skapte av den same Gud, med det same menneskeverdet. «De skal elska kvarandre», seier Jesus. Så bygger vi i fellesskap eit system som ikkje byggjer på kjærleik, men på mistru og utestenging. Vi vert medskuldige i forfølginga i staden for søsken som rekkjer ut ei hand. 

Om vi hadde fulgt den ordinære tekstrekka i dag, hadde preiketeksten vore frå Matteus 25. Det er domscena i Matteus, den med geitene og sauene. Vi tar med litt av den, for den treff i alle fall meg. Scena er at Jesus har samla alle folk foran seg. Dei på høgre side får ros og slepp inn i Jesus sitt rike. Så kjem han til venstresida, og vi siterer: «eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’ Men han skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» (Matt 25, 42-54)

Dei vi stenger ute er dei svoltne, dei tørste, dei som sit i fengsel. Dei som Jesus identifiserer seg med. Og vi hjelper dei ikkje, vi gjer det motsette av å hjelpe, vi byggjer murar for å halde dei vekke. For meg vart artikkelen i Dagen i går ein augeopnar. Søndag for dei forfulgte er ikkje berre ei forbønsgudsteneste, det bør også vere startpunktet for ei reising som gjer at vi faktisk møter våre forfulgte brødre og søstre med kjærleik, og den reisinga startar med oss. Med at vi jobbar gjennom våre kanalar slik at vi som fellesskap ikkje lenger jobbar for å støyte frå oss, men for å møte dei som kjem til oss med kjærleik.

Eg har lyst til å slutte med eit dikt. Mange av dykk har sikkert - forhåpentlegvis - høyrd det før. Det er «Mea Maxima Culpa» av Jens Bjørneboe. Tittelen betyr «Min store synd», på norsk.

Jeg vet ikke hvor jeg har hørt det sist:"
Hvem er et menneske og ikke skyldbevisst?" 
Hvem er et menneske som ikke vet 
At han bør frykte all rettferdighet? 

Det er min sum av alt hva jeg har sett: 
Jeg håper Gud lar nåde gå for rett! 
Jeg håper Gud i himmelen vil si: 
Rettferdigheten, barn, den glemmer vi. 

Spør meg om “skyld”! Det er et grusomt ord. 
Enhver er skyld i alt som skjer på denne jord! 
I blygsel skal du snu ditt ansikt bort: 
Hva en har syndet, har vi alle gjort!’ 

Vi har sett uskyld, og vi skjendet den. 
Vår egen store skyld er alt vi har igjen. 
Vi har sett skjendsler, og vi lot dem skje. 
Ti det var skjendsler alt vi kunne se! 

Vi har lidt urett. Vi begikk den selv. 
Og vi ble mordere den samme kveld. 
Man handler blindt. Man er i beste tro. 
Mens man er rød til albuen av blod. 

I våre hjerter der er loven lagt. 
Og hver en tøddel av den står ved makt. 
Alt står som onde bilder fra en rus:  
Av jorden har vi gjort et slaktehus! 

Akk, vi må bøye oss i skam og si: 
Rettferdigheten, Gud, den frykter vi! 
Hvem er et menneske som ikke vet: 
Vi trenger nåde og barmhjertighet! 

Jeg vet ikke hvor jeg har hørt det sist: 
Hvem er et menneske, og ikke skyldbevisst?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar