tirsdag 20. juni 2017

Georges Lemaître - Fleire slike

Georges Lemaître har drodla pilar og bokstavar på
på ei tavle. Sannsynlegvis er det genialt.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
20. juni 1966 mista verda Georges Lemaître. Eg skal ikkje forsøke å påstå at eg forstod alt han dreiv med, men eg forstår nok til å skjøne at det var store greier. Lemaître var katolsk prest, men det er først og fremst som astronom og fysikar han er kjent.

Innan naturvitskapen dreiv han med store ting. Det var han som kom opp med «Big Bang-teorien», det var han som kom opp med teorien om korleis universet utvidar seg og det var han som kom opp med det meste som Hubble har fått æra for. Eg veit ikkje kva denne Hubble dreiv med, men han fekk oppkalla eit digert teleskop etter seg, så noko bra må det ha vore. Lemaître var altså ein knakande god kar på sitt felt.

Som teolog var han sikkert grei nok. Eg veit ikkje. Han har ikkje sett store spor etter seg der, utan det trekk ned.

Når vi i dag plagast både med kreasjonisme og ID som kjem krypande over havet frå dårlege «teologar» i USA, og som til og med byrjar å få fotfeste i lågkyrkjelege miljø i Norge, og med nyateistar som legg frem eit verdsbilete der myter om ein uungåeleg konflikt mellom kyrkje og naturvitskap står sentralt, treng vi å løfte fram slike folk som Lemaître.

For det første: «Big Bang-teorien» vart først lagt fram av han. Ein katolsk prest. Det er som oftast ikkje denne teorien kreasjonistane har mest problem med, men det er likevel verdt å merke seg. Ein av dei heilt sentrale teoriane (i alle fall slik eg med min minimale forståing for slikt forstår det) i naturvitskapen vart lagt fram av ein katolsk prest.

For det andre: Då han la fram denne teorien hoppa pave Pius XII tydelegvis i taket av glede. For no hadde Lemaître bevist den katolske trua, meinte han. Lemaître gjekk då til paven og bad han, sikkert med finare ord, om å halde kjeft og ikkje snakke om naturvitskap att. Noko paven tok til seg, og gjorde. For Lemaître meinte at dette var to einingar ein ikkje skulle blande. Det er to ting som held seg på ulike plan og som verken var i konflikt eller bygde på kvarandre.

For det tredje: Lemaître viser tydeleg kor lite den konstruerte konflikten mellom religion og naturvitskap har for seg, og kor lite forankra det er i det verkelege liv. Dei einaste som har noko å vinne på dette er fundamentalistiske krefter på religiøs eller ikkje-religiøs side. Gjennom heile historia finn ein slike døme på religiøse menneske som har gjort store og viktige naturvitskaplege oppdagingar. Og som ikkje har sett på dette som nokon konflikt eller noko rart. Kyrkja har sjølvsagt tråkka feil nokre gonger i historia, det vil ho sikkert gjere i framtida også, men det er inga «naturlov» at det må skje. Det heng mellom anna saman med at vi ikkje er gode på slikt som naturvitskapen driv med. Det er rett og slett ikkje vår heimebane.

Lat oss derfor minnast Lemaître og håpe og be om at fleire som han dukkar opp. Kyrkja treng dei og naturvitskapen treng dei. Så få vi heller leve med at vi ikkje forstår halvparten av det dei driv med...